Debatt Klaus Mohn

Forskingsfinansering til forarging

Konkurranse fremmer kvalitet, men berre om forvaltinga er tillitvekkande.

Rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, foreslår ein to-trinns prosess for forskarprosjekt-søknader, på same måte som ved utlysingar av Senter for framifrå forsking (SFF).
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Gjennom omfattande prosessar for målretting, konkurranseutsetting og kvalitetssikring kanaliserer Norges Forskningsråd (NFR) 9,5 mrd kroner (2019) til norske forskingsmiljø kvart år.

På dette brukar dei 840 millionar kroner, eller om lag 8 prosent av den samla tildelinga frå styresmaktene. I tillegg går det med store ressursar i forskingsmiljø landet over på skriving av søknadar, der berre dei færraste fører med seg gjennomslag, tildeling og faktisk forskingsaktivitet.

Bruken av ressursar i det norske systemet for kanalisering av konkurranseutsette forskingsmidlar reiser ei rekke tankekors. Som i resten av akademia er både NFR og fellesskapen difor best tent med kontinuerleg og kritisk merksemd.

Til dømes kan ein problematisere dei strategiske prioriteringane frå NFR si side, der dei konkrete satsingsområda har varierande grad av underbygging. Meir grunnleggande kan strategiske prioriteringar i tillegg utfordre viktige prinsipp knytt til autonomi, sjølvstende og akademisk fridom i det enkelte forskingsmiljø.

Og bakanfor kunne ein reise kritiske spørsmål rundt prosessane for identifikasjon av kva som er dei viktigaste samfunnsutfordringane, og kva og kven som skal få gjennomslag i prioriteringane frå NFR si side.

Meir aktuelt i dag er likevel sjølve prosessen for evaluering av søknadar om forskingsmidlar, som var tema for ein rundebordskonferanse i regi av NFR tysdag 9. mars. Gjennom dei siste vekene har debatten gått høgt rundt NFR sine prosedyrar for handtering av slike søknadar.

Innvendingane har kretsa rundt prosessen for fagfellevurdering, som er anonymisert, og som har møtt kritikk for kompetansesvikt og vilkårlegheit i tilbakemeldingane. Spørsmålet blir dermed om det finst openberre rom for forenkling og forbetring av det norske systemet for konkurranseutsette forskingsmidlar.

Kritikken mot Forskingsrådet

Sjølv er eg overtydd om at konkurranse fremmer kvalitet. Alternativet til konkurranse er ei fordeling som er frikopla frå prestasjonar og resultat, til dømes ved at forskingsmidlar blei fordelt mellom norske forskingsmiljø etter ei fast pro rata fordeling, eller basert på politisk baserte rammetildelingar.

Eliminering av konkurranseelementet på overordna nivå ville likevel flytte utfordringa til den enkelte institusjon, som fortsatt måtte etablert passande mekanismar for intern fordeling av forskingsmidlane til det enkelte fakultet og fagmiljø. Uansett ville ei slik omlegging ta bort ein potensielt viktig kjelde til motivasjon både på individnivå og på organisasjonsnivå.

Konkurranse har vidare som eigenskap at han ikkje berre hever kvaliteten på individ- eller organisasjonsnivå, men for heile systemet. Når forskingsfronten flyttar seg, så må alle henge på. Konkurransen er dermed som floa: Han løfter alle båtane.

Ei utbreidd oppfatning av dagens handtering av søknadar til NFR er elles at mange støtteverdig søknadar ikkje får gjennomslag og løyving. Om ein sluttar seg til eit tankesett om at innslag av konkurranse er å føretrekke, så er det likevel ikkje rett fram å designe eit system som tek vare på alle gode intensjonar om kvalitet. Første bod er kanskje at ein er nøye med å spesifisere klåre kriterium i utlysinga, og at ein deretter sikrar samsvar mellom desse kriteria og vurderingane som blir gjort i evalueringa.

Eit alternativ er kanskje å vurdere evaluering gjennom ein to-trinns prosess, som er meir vanleg i samband med til dømes SFF-utlysingar.

Klaus Mohn

Dagens system med ekstern fagfellevurdering av prosjektsøknadar følgjer elles god akademisk tradisjon, på godt og vondt. På den eine sida er systemet sårbart overfor tilgangen til rett kompetanse, på tidels smale og spesialiserte fagområde. Vidare er det kritisk at fagfellane faktisk kjenner forskingsfelt og metodar for søknadane dei er sett til å vurdere. På den andre sida er det vanskeleg å sjå for seg eit system som er klårt betre enn ei ordning med uavhengig ekstern fagfellevurdering.

(les videre under AnnonseN)

Bli varslet om
debatt og nyheter

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste debattinnleggene og de
viktigste nyhetssakene.
-

For det store fleirtalet av utlysingar i dag går evaluering i ein eitt-trinns prosess, som av mange blir opplevd som lukka og lite gjennomsiktig. Prosessen gir ikkje rom for tilbakemelding, kommentarar eller forklaringar undervegs i søknadsprosessen, korkje frå søkar eller evaluator. Spørsmålet blir dermed om ein kan få betre transparens utan å auke kostnadane ved handteringa av søknadar.

Eit alternativ er kanskje å vurdere evaluering gjennom ein to-trinns prosess, som er meir vanleg i samband med til dømes Senter for framifrå forsking-utlysingar (SFF). Her leverer søkjarane ei kort skisse i første runde, og full søknad blir førespurt berre frå dei som går vidare til sluttrunden.

Dette gir høve til å sjalte ut søknadar med svak relevans og kvalitet på eit tidleg stadium, utan å bruke altfor store ressursar. Desto større rom vil ein skape for grundig evaluering av søknadar som går vidare til finalerunden. Supplert med ei meir aktiv siling av søknadar frå institusjonane si side, kunne dette potensielt gje ein prosess som i sum ikkje kostar meir enn dagens system.

Eit godt system for forskingsfinansiering skal bidra til at ressursane går til dei beste søknadane. NFR sitt prinsipp er at forsking skal vurderast av fagfeller, i tråd med praksis for mange andre delar av akademia. Jamt over er dette eit godt prinsipp, men berre om det blir praktisert og forvalta på forsvarleg vis. I motsett fall risikerer ein å svekke tilliten til systemet.

Me er ikkje der i Noreg, heldigvis. Men likevel er NFR, universiteta og fellesskapen tent med kritisk merksemd og konstruktiv debatt rundt prinsipp og praksis for kanaliseringa av forskingsmidlar og prosessane for evaluering. Berre slik kan ein sikre at konkurranse faktisk leiar til betre kvalitet.

Powered by Labrador CMS