Debatt ● Klaus mohn
Draumspelet
Det er eit tankekors at samfunnsoppdraga banar seg veg inn i finansieringa av norsk forsking, utan refleksjonar rundt risiko for mangfald og pluralisme i utviklinga i ny kunnskap, meiner UiS-rektor Klaus Mohn.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det var med stor interesse at eg var med på NFR sin Kunnskapsgrunnlagskonferanse i førre veke. På programmet stod EU si orientering av forskingspolitikken mot dei store samfunnsoppdraga (missions) som reiskap for retning og framdrift, med presentasjonar og diskusjonar som i hovudsak var innretta for å støtte opp om dette instrumentelle tankesettet for kunnskapsbygging. Spørsmål som blei stilt var korleis ein bør innrette seg til EU si utforming av samfunnsoppdrag (missions), og kva for samfunnsoppdrag ein eventuelt skal legge til grunn for finansieringa av forsking i Noreg.
Svaret på det første spørsmålet var langt på veg gitt, etter som ingen tok til orde for at EU sine samfunnsoppdrag var noko ein kunne eller burde problematisere, og ingen som argumenterte for at ein kunne sjå bort frå nyorienteringa av forskingspolitikken mot løysing av samfunnsoppdrag. På det andre spørsmålet varierer svara i tråd med interessene. Til felles har dei likevel at forankringa i veletablerte politiske visjonar for samfunnsutviklinga fortsatt er nokså laus.
Utover dette var det lite usemje under konferansen, og få djuptpløyande refleksjonar av kva ei meir eksplisitt oppdragsorientering av forskingspolitikken potensielt kunne føre med seg av ulemper og risiko. I det minste kunne ein kanskje ha forventa ein viss ambivalens. I prinsippet høyrest det sjølvsagt vel og bra ut at ein vil bruke ressursar og kunnskap på å løyse store samfunnsutfordringar. Etableringa av visjonære samfunnsoppdrag som rettesnor for politikk og prioriteringar i kunnskapsutviklinga reiser likevel ei rekke spørsmål som fortener djupare refleksjon og breiare debatt.
Eit grunnleggande spørsmål er til dømes om ein i det heile teke kan ha nytte av å etablere visjonar på samfunnsnivå? Om me treng bilete og ideal for samfunnsutviklinga som flest mogleg kan slutte opp om og som kan trekke samfunnet i ei betre retning enn om ein ikkje held seg med slike draumar.
For om politisk planlegging er eit gufs frå fortida, korleis kan det ha seg at oppdragsorientert styring av samfunnsutviklinga no blir omfamna i alle politiske leirar?
Klaus Mohn, UiS
Visjonar på samfunnsnivå vil lett kunne knytast til politiske ideologiar og normative syn på samfunnsutviklinga. Enkelte strekkmål kan likevel få brei tverrpolitisk oppslutning, som for eksempel reduksjon av fattigdom, betre helse og større mangfald. Etter kvart er me mange som og delar syn når det gjeld innsats for eit betre miljø og stabilisering av klimaet. Likevel er det noko som skurrar. For om politisk planlegging er eit gufs frå fortida, korleis kan det ha seg at oppdragsorientert styring av samfunnsutviklinga no blir omfamna i alle politiske leirar?
Tanken om sentralstyring og planar for samfunnsutviklinga gjekk av moten på 1970- og 80-talet, i takt med fallet for kommunistregime i alle delar av verden, med oppløysinga av Sovjetunionen og Berlinmuren sitt fall som spesielt symboltunge merkesteinar. I tida etter dette har nyliberalisme og marknadsøkonomi, med desentralisering av avgjerder og planlegging, hatt medvind – nær sagt verda over. Gjennom den same perioden har globaliseringa skote fart, med stor framgang for verdshandelen, vekst og velstandsauke verda over, auke i sysselsetting og reduksjon av fattigdom – i alle fall i utviklingsland og framveksande økonomiar.
Vel er det mykje som er bra i verda, og mange er dei som har fått det vesentleg betre dei siste tiåra. Like fullt let det til at samfunnet i dag står overfor enorme utfordringar, som marknadskreftene ikkje har lykkast i å løyse. Fattigdom, inntektsfordeling, miljø og klima er nokre av politikkområda som stadig blir nemnt. For politikarar og folk flest vil dette naturleg nok føre med seg ein iver etter å gripe inn for å gjere ein forskjell. Resultatet er ny vind i segla for visjonar og samfunnsoppdrag, strategisk næringspolitikk og samfunnsutvikling ‘by design’.
Alle har etter kvart blitt kjent med FN sine mål for berekraft, som no er i ferd med å trenge inn i planar og strategiar både for privat og offentleg sektor. European Green Deal er EU sin strategi for å gjere økonomien berekraftig, og legge til rette for ei omstilling som er rettferdig og inkluderande. Også i Noreg er dette visjonar me må rette oss etter, i politikken, i næringslivet og i akademia.
For universiteta er det spesielt interessant at styresmaktene sine planar for utvikling av kunnskap er underlagt den samle logikken som det visjonære tankesettet for samfunnsutviklinga. I EU er Horisont Europa etablert som eit forskings- og innovasjonsprogram som skal utvikle ny kunnskap og nye løysingar som er direkte retta mot definerte samfunnsoppdrag, også kalla missions. Ramma for programmet er 100 milliardar euro gjennom dei neste sju åra, og om universiteta ikkje bygger kompetanse og prosjektaktivitet i tråd med EU sine samfunnsoppdrag, så risikerer ein å gå glipp av store eksterne forskingsmidlar.
Styresmaktene i EU har kome lenger enn den norske regjeringa i å definere visjonære samfunnsoppdrag som premiss for politikk og prioriteringar. I Noreg etterlet dette eit visjonært vakuum, der nær sagt kven som helst kan boltre seg. Då risikerer ein at det er ressurssterke særinteresser som endar opp med å legge premissane både for politikken og for kunnskapsutviklinga. For å sikre allmenn oppslutning om visjonar for samfunnsutviklinga må ein forvente djup politisk forankring og brei demokratisk involvering – i god tid før iverksettinga.
Soleis er det eit tankekors at samfunnsoppdraga banar seg veg inn i finansieringa av norsk forsking, utan refleksjonar rundt risiko for mangfald og pluralisme i utviklinga i ny kunnskap. Og utan problematisering av spelet ein inviterer til for å etableringa av slike samfunnsoppdrag. Her burde ein ta seg tid til å tenke seg om, både når det gjeld det politiske grunnlaget for nyorienteringa av forskingsfinansieringa, med djupare sondering rundt kva som faktisk kan stå på spel, og ikkje minst i korleis ein skal balansere omsynet til samfunnsoppdrag og nytteverdi mot andre viktige omsyn i norsk forsking.
(Dette er ein omarbeidd versjon av eit innlegg som tidlegare har stått på trykk i Stavanger Aftenblad).
Nyeste artikler
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Risikofylt forskning, pandemier og biovåpen
Åpen forskning muliggjør forskningsnær utdanning
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024