Min doktorgrad

Ein måtte testa seg, og deretter måtte nokon finna ut kven ein eventuelt hadde smitta med covid-19.

Har ikkje opplevd spisse olbogar 

Ragnhild Bassøe Gundersen har forska på digital smittesporing under pandemien. I løpet av kort tid gjekk kommunane frå penn og papir til digitale løysingar.

— Kva er det du har forska på?

— Eg har forska på digital smittesporing under koronapandemien. Hovudtemaet for avhandlinga er digital innovasjon i krise.

FAKTA

Ragnhild Bassøe Gundersen

  • Har levert avhandlinga «Liminal Digital Innovation: Understanding digital innovation during a crisis»
  • Disputerte ved Universitetet i Oslo 14. juni 2024

— Kvifor ville du skriva doktorgrad om dette emnet?

— Eg er medgründer i ein start up, og jobba mellom anna med å utvikla ei løysing for støtte til kunnskapsbaserte avgjersler innanfor medisin. Tanken er at ein skal kunne tilby denne til «alle», og brukarane skal sjølve kunne velja om dei vil dela anonymiserte data med ein epidemiologisk database. Denne databasen kan brukast til å tidleg oppdaga eventuelle utbrot av sjukdom, som at «no er det 200 personar innanfor dette geografiske området som rapporterer om same symptom». Men like før pandemien kom, kjende eg at eg vart litt einsam. Då kom denne stillinga ved Universitet i Oslo, innanfor akkurat det eg har jobba med: Digitalisering av sjukdomsovervaking og respons.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg har gjennomført ein longitundiell kvalitativ casestudie av to norske kommunar. Eg intervjua personar i norske kommunar som jobba med smittesporing under pandemien. Eg har òg intervjua representantar frå KS og Folkehelseinstituttet (FHI) og eg observerte på ein koronaklinikk. I tillegg samarbeidde eg med FHI om forskingspublikasjonar.

— Kva finn du?

— Kommunane hadde ikkje noko digitalt system for korleis dei skulle rapportera inn tilfelle av covid-19 eller andre meldepliktige sjukdommar. Før 2020 hadde ein kanskje totalt 150—200 tilfelle av tuberkulose, ein annan sjukdom som er meldepliktig, i landet per år. Då lasta kommunane ned ein PDF og sende i ein konvolutt til FHI. Men under pandemien kunne ein ha 150—200 smittetilfelle ein einaste dag i ein kommune. Sidan dei ikkje hadde noko digitalt system, brukte kommunane i starten difor penn og papir og telefon.

— Eg kjenner ei som vart omdisponert i sin kommune til å driva med smittesporing. Var det slik mange stader?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Det var det. Eg var i utgangspunktet interessert i dataflyten, men etter å ha følgd kommunane over eit år, vart eg interessert i sjølve digitaliseringsprosessen. Kommunane fekk nemleg opp eit digitalt system i løpet av nokre månader. Spørsmålet eg stilte meg var difor «kva er annleis no», korleis klarte dei å utvikla digitale system og integrasjonar så mykje raskare under pandemien enn det dei får til elles? Eg finn at ein hadde eit klart felles mål: Me må digitalisera, og me må få ned talet på smitta. Dei som jobba med smittesporing hadde etterkvart svært ulik bakgrunn. Her var det mellom anna politi, pilotar, helsepersonell, studentar og lærarar. At dei hadde så ulik bakgrunn gjorde at dei kunne stilla spørsmål ved «vedtekne sanningar»: Kvifor gjer me det eigentleg på denne måten? Kunnskap, kompetanse og erfaring vart sett framfor hierarki, og det vaks fram autonome og egalitære team, ein braut rett og slett ned siloane.

— Hadde ein felles digitale system, eller måtte kvar kommune laga sitt?

— Ein nytta i hovudsak to system. Dei to kommunane eg såg på nytta Fiks smittesporing, andre brukte Remin. Nokre få kommunar, som Oslo, laga sitt eige system for smittesporing. KS oppretta eit eige brukarråd, så ein fekk samarbeid på tvers av kommunane. Slike system kostar pengar, og det er ein kostnad mange kommunar ikkje har råd til. Fleire kommunar er med andre ord no tilbake til penn og papir.

Kommunane hadde ikkje noko digitalt system for korleis dei skulle rapportera inn tilfelle av covid-19 eller andre meldepliktige sjukdommar.

Ragnhild Bassøe Gundersen

— Kva har vore mest krevjande i doktorgradsperioden?

— Det var krevjande å vera av og på med nedstenging. I periodar gjekk all kontakt føre seg berre via telefon, digitale møteplattformer og e-post, men så snart det vart opna opp att, reiste eg ut til kommunane. Noko anna eg synest var krevjande, var å løfta seg til forskingsfronten og å finna det teoretiske rammeverket. Eg har mellom anna nytta omgrepet liminalitet, for dei fleste betre kjent som limbo, som betyr usikkerheit.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, eg synest det har vore utruleg spanande og lærerikt. Veldig krevjande til tider, men eg har vore del av eit fantastisk arbeidsmiljø med forskarar frå heile verda. Eg har lært så mykje, og eg har ikkje følt at akademia er ein stad med spisse olbogar. Miljøet har vore støttande, ein har delt funn, og me hadde det me kalla paper development-seminar annakvar veke; seminar der me drøfta artiklar som ein eller fleire kollegaer var i ferd med å utvikla.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er framleis engasjert i digitalisering av sjukdomsovervaking og respons i helsesektoren. No er det lagt fram ein nasjonal strategi for digitalisering, men eg trur me framleis har ein lang veg å gå. Samstundes meiner eg at det er viktig at me ser på kva me kan læra av digitaliseringsprosessen under pandemien. Tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid og autonome og egalitære team trur eg er ein viktig nøkkel til effektiv og god digitalisering.

Powered by Labrador CMS