Min doktorgrad

Luftkvaliteten har stor påverknad på helsa vår, seier advokat med doktorgrad, Eivind Elvestad. Biletet viser ein luftmålar i Oslo.

Leverte før normert tid: Eg kom raskt ut av startblokka

Eivind Elvestad synest det er nyttig å ha vore nokre år i arbeidslivet før han tok doktorgrad.

— Kva har du forska på?

— Eg har forska på luftkvalitet, nærare bestemt nivå av ureining i lufta i nære omgivnader. Dette er noko anna enn klima. Luftkvaliteten har stor påverknad på helsa vår. Dårleg luftkvalitet har vore assosiert med eit stort tal premature dødsfall, utvikling av nokre kreftformer og betyr i tillegg mykje for menneske som har luftvegsdiagnosar. På 1990-talet laga EU reglar om luftkvalitet, og dei vart tekne inn i både EØS-regelverk og i norsk lovgivnad knytt til ureining. Eg har sett på korleis kommunane skal handtera dette.

Fakta

Eivind Elvestad

  • Har levert avhandlinga «Luftkvalitet i kommunal arealplanlegging; En EØS-rettslig studie».
  • Disputerte ved UiT Noregs arktiske universitet 12. april 2024

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg har jobba i mange år med arealplanlegging hos statsforvaltaren, og veit at det er plan- og bygningslova som er den viktigaste lova for å gjera noko med luftkvaliteten. Eg søkte ei open utlysing hos UiT Noregs arktiske universitet.

— Kan du kort presentera prosjektet ditt?

— Dette er ei avhandling innanfor rettsdogmatikk, der eg har gått gjennom skriftlege kjelder. Det er ikkje så veldig juicy — rett og slett reinspikka kontorarbeid. Reglane seier at konsentrasjonen av ulike stoff kan vera så og så høg, men dei seier ingenting om kva dette faktisk betyr. Det eg har sett på er om arealplanlegging er eit verkemiddel for å halda seg innanfor lova, og er ein pliktig til å bruka det? Grøne tiltak har ein for at byen skal vera for alle, det handlar ikkje om at ein skal redda verda.

— Kva finn du?

— Konkrete planvedtak kan kjennast ugyldige, men det er sjeldan at det vil skje. Eg meiner ein bør vurdera å pålegga politikarane å grunngi dei planvedtaka ein flaggar. Ofte er det slik at administrasjonen skriv ei grunngiving, og så røystar politikarane over denne. Men i staden bør ein halda politikarane ansvarlege; kva verknad får dette vedtaket? Og slike saker bør ein løfta inn i kommunevalkampen.

Problemet med å ta doktorgrad etter å ha jobba nokre år, er jo at ein går kraftig ned i løn.

Eivind Elvestad

— Det skjer ikkje i dag?

— Ofte ser ein at politikarane tek eit val på trass av kunnskap. Arbeidsplassar ser til dømes ut til å vera vekta høgare enn helse og tilgang til sjø. ein bør vera tydelegare og seia at ein har valt noko — og då har ein valt vekk noko anna. Ein har sagt ja til noko — og nei til noko anna. Dette gjeld både i saker om støy, byggehøgde og tilgang til strandsone.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Dette var ein jobb som passa meg godt, det var aldri spesielt kjipt eller spesielt stressande. Eg kom raskt ut av startblokka og jobba jamt og trutt, og eg kom i mål i god tid før normert tid.

— Er det ein fordel å ha vore nokre år i arbeidslivet når ein skal ta doktorgrad?

— Ja. Mange tema vert fort abstrakte når ein ikkje ser føre seg korleis det faktisk er. Eg veit til dømes korleis politiske prosessar går føre seg. Problemet med å ta doktorgrad etter å ha jobba nokre år, er jo at ein går kraftig ned i løn. Med huslån og anna vert det sjølvsagt eit spørsmål om ein har råd til det. Men det er ikkje ein jobb i verda som er betre og meir fleksibel enn å vera stipendiat!

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg er advokat, så eg kjem til å ha ei endå meir metodisk haldning til den jobben eg gjer. Eg satsar òg på å få publisert nokre vitskapelege artiklar etter kvart. Så får me sjå kva som gøymer seg bak ei dør i framtida igjen. Eg underviser allereie litt ved fleire av jussutdanningane i Noreg, og er sensor ved andre, så eg lukkar ikkje døra.

Powered by Labrador CMS