Min doktorgrad

Det er større potensiale i fysisk aktivitet enn å berre springa rundt, seier Ståle Bye Teslo.

Disputerte i august, og får fast jobb i akademia som 31-åring

Undervegs lurte han på om han var god nok. Men Ståle Bye Teslo disputerte i august, og frå februar har han fast jobb ved Høgskulen på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

— Kva har du forska på?

— Eg har forska på etter- og vidareutdanning i fysisk aktiv læring (FAL) for lærarar.

Fakta

Ståle Bye Teslo

  • Har levert avhandlinga «Physically active learning and teachers’ professional learning»
  • Disputerte ved Høgskulen på Vestlandet 20. august 2024

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg synest fysisk aktiv læring er ein spanande tematikk. Eg har sjølv bakgrunn som kroppsøvingslærar og er oppteken av å få meir rørsle inn i skulen. Samstundes er det viktig å understreka at det er eit større potensial i rørsle enn å berre springa rundt, det kan òg bidra til å styrkt læringa hos borna gjennom å vera meir aktive i undervisninga. Rørsle får på den måten ei anna tyding. Det synest eg er spanande med tanke på læreplanen for grunnskulen.

— Kva var prosjektet ditt?

— Då eg skreiv master hadde eg fokus på lærarane, og såg på matematikk- og norsklærarar sitt syn på kroppsøvingsfaget. No ville eg sjå på oppfattingar og erfaringar hos lærarar og rektorar som deltok i etter- og vidareutdanning i fysisk aktiv læring. Denne utdanninga var knytt til Sefal, Senter for fysisk aktiv læring, i Sogndal. Eg følgde eit utval lærarar, og såg på kva dei ser på som viktig ved FAL og på kva som var utbyttet deira av å ta ei slik etter- og vidareutdanning.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva finn du?

— Det har vore varierande korleis etter- og vidareutdanning har klart å støtta praksisfeltet. Eg leverte ei avhandling med tre artiklar, der eg i dei to første ser på FAL og på etter- og vidareutdanning. I den siste ser eg på skulekultur og leiing. Det eg finn, er at skuleleiarane må vera på for at lærarane skal utvikla praksisen sin og bruka fysisk aktiv læring. Det spesielle med denne etter- og vidareutdanninga er at fleire i eit kollegium må ta henne samstundes.

— Får ein elles fort ein situasjon der «a-klassen får lov til sånt, me får berre …»?

— I skulen er det mykje taus kunnskap og det har tradisjonelt vore slik at læraren har hatt «sin» klasse og «sine» elevar. Samstundes er det jo ingen som ønskjer seg elevar som ikkje er nøgde. Det eg finn er at skuleleiarane må vera genuint interesserte i utviklingsarbeid, slik som FAL, og ein må ha eit kollektivt mål og trekka i same retning.

— Kva var mest utfordrande med doktorgradsperioden?

— Det er vanskeleg å ikkje nemna covid. Når ein skulle følgja lærarar hamna ein langt bak i rekka av prioriteringar då krisa råka. Eg måtte endra litt på prosjektet, og andre intervjurunde med lærarane måtte eg gjennomføra digitalt. Det hadde vore vanskelegare om eg ikkje kjende dei frå før.

Når ein skulle følgja lærarar hamna ein langt bak i rekka av prioriteringar då krisa råka.

Ståle Bye Teslo

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, eg var eitt år på overtid. Men eg er veldig nøgd med å ha levert innan fem år! Eg valde å ta stipendiatperioden over fire år, med undervisningsplikt, og eg angrar ikkje på det.

— Ja, har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, eg angra aldri, og eg vurderte aldri å slutta. Men eg har sjølvsagt hatt periodar der eg har stilt meg sjølv spørsmålet om eg var god nok. Det trur eg mange stipendiatar gjer undervegs, og eg trur det er heilt naturleg. Men det har vore så lærerikt å ta doktorgrad, og eg ser kva progresjon eg har hatt.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg får fast jobb ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal frå februar, så det er veldig ok.

— Fast jobb i akademia når du er 31?

— Ja, eg har vore veldig heldig med at folk rundt meg har hatt tillit til meg. I tillegg er det behov for eit generasjonsskifte.

Powered by Labrador CMS