Min doktorgrad

Thomas Rønning (nummer to frå venstre) på toppen av Kilimanjaro saman med tyske Matias, irske John og amerikanske Ryan. Røynsle frå høge fjell kom godt med då arbeidet med avhandlinga var litt bratt.

Å ta doktorgrad må eg vel klara, tenkte han. Så skjedde livet

Thomas Rønning oppdaga kjapt at doktorgrad var inngangsporten i akademia. Han samanliknar det å skriva ei avhandling med å driva med fjellklatring.

— Kva er det du har forska på?

FAKTA

Thomas Rønning

  • Har levert avhandlinga «Condictio indebiti – Et bidrag til norsk retts ulovfestede prinsipper for oppgjørskorreksjon, restitusjon og berikelse»
  • Disputerte ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo 12. september 2024

— Eg har skrive ein monografi i rettsvitskap, om den ulovfeste regelen om tilbakebetaling der ein har betalt ved ein feil. «Condictio indebiti» er det latinske namnet. Regel om tilbakebetaling er ikkje lovfesta, det er berre rettspraksis og teori som avgjer.

— Men kva er det ein betalar feil?

— Det kan vera at ein tastar inn feil tal, ein betalar til feil person, betalar to gongar, eller og at ein misforstår heilt og betalar noko som ein ikkje skulda i det heile tatt. I dag går mange transaksjonar via vipps, tenk berre på dersom ein kjøper noko brukt på nettet. Så dette er ganske praktiske greier. Eg betalte til dømes nettopp sjølv noko via Klarna-appen, og så betalte kona mi same vare via nettbanken. Det er fleire titusentals betalingar som vert gjennomført i Noreg kvar dag, og dersom det skjer feil finn dei aller fleste ei minneleg løysing. Det skjedde òg i vår sak.

— Kvifor ville du skriva doktorgrad om akkurat dette?

— Eg meiner at i jussen må ein ha klare og føreseielege reglar. Saker om tilbakebetaling vert avgjort etter ei heilskapleg vurdering og etter rimelegheit. Men kva er rimeleg? Dei fleste andre siviliserte land har reglar for dette, og dei går heilt tilbake til dei gamle romarane. Og reglane er ganske like — bortsett frå i Noreg og Danmark.

— Men når det gjeld kva som er rimeleg, er det slik at dersom eg vippsar deg 200 kroner ved ein feil, så får eg berre stå i det, men dersom det er større summar, skal eg få pengane tilbake?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Nei, rettspraksis viser at det er veldig sjeldan at beløpet har noko å seia — sett litt på spissen er saker med to kroner og to milliardar kroner handsama på same måten. Det som går att, er tidsmoment eller om ein har vore i god tru. Og, dette er viktig å seia, det er faktisk slik at det kan verta ei straffesak dersom ein brukar pengar ein klart burde forstått at ein ikkje skulle ha. Då kan det verta ei sak om underslag.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Dette er ein monografi som i hovudsak er eit dokumentstudium. Eg har sett på rettspraksis og gått tilbake til dommar frå Høgsterett heilt frå 1836, og eg har sett på rettspraksis i både Danmark, Sverige, England og Tyskland. I det siste kapittelet i avhandlinga har eg eit forslag til lov, med fem paragrafar. Desse har fått mykje merksemd, og nokre meiner eg har teke munnen for full, men eg har òg fått mykje positiv merksemd, og tilbakemelding om at det er om lag hundre år sidan nokon har skrive noko grundig om dette temaet innan formuerett.

Heime var det ingen; verken kona mi, ungane mine, foreldra mine — eller hunden — som var interesserte i denne avhandlinga.

Thomas Rønning

— Du er eldre enn ein del andre stipendiatar. Kvifor ville du ta doktorgrad?

— Ja, eg er ingen unggut lenger, eg var ferdig utdanna i jurist i 1999 og jobba som advokat til 2014. Men då flytte eg frå utlandet til heimbyen Lillehammer. Kanskje eg skulle sjå på denne høgskulen, tenkte eg då eg skulle finna meg jobb. Eg fekk ei stilling der i 2015, og oppdaga raskt at i akademia er doktorgrad inngangsbilletten — elles vert ein ståande på utsida. Dette må eg vel kunne klara, tenkte eg. Etter ein god del organisering fekk eg til at eg kunne vera stipendiat ved Universitetet i Oslo med halv progresjon, og jobba femti prosent i den vanlege stillinga mi ved Høgskolen i Innlandet. Men det vart krevjande, og eg vart eit år forseinka. Det skuldast både at det i periodar vart eit stort undervisningspress, slik at arbeidet med avhandlinga vart oppstykka, og det skuldast alvorleg sjukdom i familien. 

— Angra du på at du gjekk i gang?

— Ja, i periodar der det kokte som verst, gjorde eg nok det. Men lukkekjensla var tilsvarande høg då eg lukkast. Eg har klatra ein del i fjell, og arbeidet med doktorgrad kan samanliknast med å klatra mot ein høg topp. Skal eg berre snu? Men eg var ein lukkeleg mann i sommar, og ein endå lukkelegare mann på disputasdagen 12. september.

— Har det vore ein fordel å ha vore nokre år i arbeidslivet før du tok doktorgrad?

— Ja. Eg har både måtte halda meg til tidsfristar det ikkje har vore mogleg å endra, og eg har sjølv stått i retten. I tillegg trur eg det er sunt å ha ein familie når ein er stipendiat. Ein vert fort forelska i sitt eige prosjekt, men eg har, som rettleiaren min sa, fått ein positiv distanse til mitt eige prosjekt. Heime var det ingen; verken kona mi, ungane mine, foreldra mine — eller hunden — som var interesserte i denne avhandlinga.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No får eg opprykk til førsteamanuensis. I tillegg til at eg håpar å få gitt ut avhandlinga som bok neste år, håpar eg å kunne påverka Juss-Noreg. Eg meiner at ein bør ha mindre heilskaplege og skjønnsmessige vurderingar og meir firskorne reglar. I motsett fall gir ein for vid diskresjonær makt til domstolane, og skaper usikkerheit og det ert lite føreseieleg for partane. Ein må ha eit system og ein må vita kva ein har å halda seg til. Elles vert det lapskausjuss — og det er eg motstandar av. 

Powered by Labrador CMS