Min doktorgrad

Oslo fengsel er eit av dei største i Noreg. Grethe Midtlyng har forska på tryggleik i praksis i norske fengsel og var på feltstudium i norske fengel i til saman fem månader.

Har lurt på korleis det er å vera forskar når ein søv godt om natta

Grethe Midtlyng «hang rundt» i fengsel i fem månader. Ho har forska på tryggleik i fengsel.

— Kva har du forska på?

— Eg har forska på korleis tryggleik vert gjort i praksis. Heilt konkret har eg sett på det operative arbeidet i eit høgtryggleiksfengsel.

Fakta

Grethe Midtlyng

  • Har skrive avhandlinga «Between chaos and control: Embodied performance of operational work in a high security prison»
  • Disputerte ved OsloMet 24. mai 2024

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg er tilsett ved Krus, Kriminalomsorga sin høgskule og utdanningssenter. Eg skreiv master om samfunnsvern, og eg er tidlegare fengselstilsett. Det konkrete utgangspunktet for å ta doktorgrad var at eg skulle undervisa om tryggleik ved Krus, og oppdaga at det fanst lite forsking på feltet. Då vart eg spurd om eg kunne tenka meg å ta doktorgrad.

— Kan du presentera prosjektet i korte trekk?

— Eg har sett på korleis tryggleik vert gjort. Eg gjennomførte eit feltarbeid på fem månader, så eg «hang rundt» og observerte det som skjedde i fengselet. Tryggleik vert ofte utøvd som ein kroppsleggjort kompetanse, det betyr mellom anna at kroppen er sentral i å oppfatta fare. Eg har sett på ulike situasjonar. Nokre når ein er fleire innsette saman, som i luftegardar eller på trening, andre når dei innsette er åleine. I eit høgtryggleiksfengsel har ein nokre situasjonar der ein sit isolert på eiga celle, og der tilsette skal gå inn.

— Betyr det at ein til dømes er medviten om korleis ein står og passar på kva som er bak ein?

— Det gjer det. Fengselsbetjentane er i ein kontinuerleg kroppsleg beredskap, der ein legg merke til små detaljar. 

Eg brukte rett og slett ein del tid på å orientera meg og finna meg sjølv som forskar.

Grethe Midtlyng

— Kva finn du?

— Det mest interessante funnet er at eg finn ei spenning mellom planane og det operative. Ein har beredskapsplanar, og det er lurt. Men det reint planbaserte krasjar ofte med det ein opplever — korleis menneske fungerer, fungerer ikkje alltid saman med planane. Når ein lagar planar basert på at ting går føre seg på ein oversiktleg og straumlinjeforma måte, meiner eg ein bør ta meir omsyn til at det operative går føre seg på ein meir «rotete» måte. Det er ofte ikkje mogleg å planlegga alt på førehand, og kroppslege oppfattingar av fare betyr ofte betyr meir for folk enn kva regelen seier. Samstundes er det å ha gode planar òg viktig for det operative, og ei viktig utfordring er å kopla saman det planbaserte og det operative. 

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Eg er kriminolog, så eg har på mange måtar bytt fagfelt. Eg brukte rett og slett ein del tid på å orientera meg og finna meg sjølv som forskar. I tillegg har eg lurt på korleis det er å vera forskar medan ein søv godt om natta … eg har fått barn i løpet av doktorgradsperioden.

— Ein er ikkje nødvendigvis på sitt beste om ein har barn som vaknar svært tidleg.

— Nei, ein er ikkje det. Men med fråtrekk for mellom anna permisjon kom eg i mål til normert tid, og eg har aldri angra på at eg gjekk i gang.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg har fått opprykk ved Krus, så no har eg ei førsteamanuensisstilling. Det betyr at det vert meir forsking, men eg kjem òg til å bruka doktorgraden til å utvikla studiet ved Krus. Eg har òg meir data igjen frå feltarbeidet, så eg vil skriva fleire forskingsartiklar og setja i gang med nye forskingsprosjekt. 

Powered by Labrador CMS