Min doktorgrad

Fleire kvinner enn venta hadde symptom på depresejon undervegs i svangerskapet. I Oslo kommune kan ein no få fleire heimebesøk når ein har fått sitt første barn, både før og etter fødsel.

Føler at den siste artikkelen er teken som gissel

Livet humpar og går, og eg vert utolmodig. Det seier Anne-Martha Utne Øygarden, som framleis ventar på godkjenning av siste doktorgradsartikkel.

— Kva har du forska på?

Fakta

Anne-Martha Utne Øygarden

  • Har levert avhandlinga «Perinatale depresjonssymptomer og foreldrestress hos førstegangsmødre. En studie i Nye Familier forskningsprosjekt»
  • Disputerte ved VID vitskapelege høgskule 24. mai 2024

— Eg kom inn i eit prosjekt knytt til VID vitskapelege høgskule fordi Oslo kommune har ein intervensjon med utvida heimebesøk hos familiar der kvinna skal få sitt første barn. Poenget er at ein skal kunne få fleire besøk heim av helsesjukepleiar, utan at det ligg nokon risiko bak. Dette er allereie testa i ein bydel, og no ønskte kommunen å testa i større skala. Me var fleire stipendiatar som vart knytte til prosjektet, og eg hadde fokus på depresjonssymptom og foreldrestress.

— Er dette heimebesøk av typen ein får om lag ti dagar etter at babyen er fødd?

— Ja. Men no tek helsesjukepleiar kontakt allereie rundt veke 28 i svangerskapet. Det første møtet skjer altså før fødsel, og der er målet berre å verta litt kjende og skapa tillit. Deretter kan familiane ønska seg heimebesøk heilt fram til barnet er to år gamalt.

— Kva har vore prosjektet ditt?

— Eg skreiv ei artikkelbasert avhandling. Den eine artikkelen er ikkje publisert endå (meir om det seinare, journ.anm..), så den kan eg ikkje seia så mykje om. Men i den første artikkelen såg eg nærare på måleinstrument som kan måla stress hos foreldre med små barn. I den andre artikkelen tok eg utgangspunkt i spørjeskjemadata som var samla inn frå kvinnene før fødsel. Her har eg sett på kor mange som hadde symptom på depresjon i svangerskapet. Av eit utval på 228 kvinner var det 17,9 prosent som skåra ti eller høgare. Det er høgare enn me hadde rekna med.

— Veit ein noko om kor mange av desse som tek med seg depresjonen til tida etter fødsel?

— Det er viktig å understreka at måleinstrumentet me har brukt ikkje set nokon diagnose. Det måleinstrumentet (EPDS) som er brukt, målar symptom på depresjon. Men frå anna forsking veit me at om lag 1/3 tek med seg depressive symptom med til tida etter fødsel.

— Kva finn du er årsaka til at nokre har symptom på depresjon?

— Det eine er svevn. Dersom kvinnene sjølve opplevde at dei sov for lite, auka dette sjansen for at me fann symptom på depresjon. Det andre er eit dårleg forhold til partnaren sin.

Eg har full forståing for at det er mykje ein skal gjennom knytt til svangerskap og fødsel, men jo tidlegare symptom på depresjon vert avdekt, jo lettare er det å førebygga.

Anne-Martha Utne Øygarden

— Kva kan ein gjera for å førebygga?

— Dei kvinnene som er rekrutterte til denne undersøkinga er ikkje definert som å vera i noka faresone. Dei tener godt, har høg utdanning, dei aller fleste hadde partnar. Ein kan med andre ord ikkje kryssa av på nokre av dei variablane ein veit frå før at kan gjera at ein er i risikosone for depresjon i samband med fødsel, som å vera svært ung mor eller åleinemor. Det betyr at for den gruppa eg no har data for, er det ikkje vanleg at helsesjukepleiarar brukar noko screeningverktøy — det gjer ein ikkje når kvinna er 31 år, førstegongsfødande og har partnar. Eg har full forståing for at det er mykje ein skal gjennom knytt til svangerskap og fødsel, men jo tidlegare symptom på depresjon vert avdekt, jo lettare er det å førebygga.

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Eg har hatt det heilt topp som stipendiat, eg. Men samstundes humpar og går livet. Eg har familie, barn, eg har opplevd dødsfall i nær familie undervegs i stipendiatperioden. Så desse tinga stoppar ikkje — og eg vert utolmodig. Eg ventar framleis på godkjenning av siste artikkel, innimellom føler eg at artikkelen vert halden som gissel! Eg ville jo helst hatt svar i går.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

Ein annan ting som var utfordrande, var å vera ein del av eit stort prosjekt. Eg hadde stor glede av at me var fleire stipendiatar, og me følgde og heia på kvarandre. Men å finna sin eigen plass i eit stort prosjekt var krevjande, og noko eg brukte ein del tid på. Alt påverkar alt, og samstundes skulle eg ikkje gå inn på andre si mark.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, aldri. Det har vore lystprega, sjølv om eg var sint nokre gongar — både på meg sjølv og andre.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg var fast tilsett i ei lektorstilling ved OsloMet før eg vart stipendiat ved VID vitskaplege høgskule. No er eg tilbake ved OsloMet, og underviser på sjukepleiarutdanninga. Eg har fått opprykk som førsteamanuensis, og eg ønskjer å verta verande i akademia. Eg synest det er fint å ha vore gjennom prosessen med å ta doktorgrad, no har eg med meg noko nytt inn til OsloMet og til undervisninga.

Powered by Labrador CMS