Min doktorgrad

394 sider. Så lang vart monografien Vigdis Berland Øystese har skrive om salmar. Bakerst i avhandlinga finn vi ein av salmane ho har sett på. Dei kvite flekkane viser rett og slett at det er vers som ikkje lenger er med.

Byrja på avhandlinga allereie i 1995

No må du anten levera eller legga prosjektet vekk, var beskjeden Vigdis Berland Øystese fekk frå universitetet.

— Kva har du forska på?

— Eg har forska på salmetekstar og studert endringar i dei gjennom revisjonar i fem salmebøker.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Vigdis Berland Øystese

  • Har skrive avhandlinga «Kyrkjeleg biletbruk. Eit studium av den norske kyrkjesalmen»
  • Disputerte ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen 12. april 2024

— Eg skreiv hovudfagsoppgåve om 1600- og 1700-talslitteratur, nærare bestemt såkalla dødedikt — dikt som var skrivne til dei døde. Då eg jobba med desse tekstane kom eg borti mellom anna Petter Dass og Thomas Kingo sine tekstar. Dette er jo diktarar som framleis har salmar i salmeboka, men tekstane er ikkje slik i moderne salmebøker som då dei vart skrivne. Eg vart difor oppteken av kva som har skjedd på vegen. Salmar var dessutan ein viktig del av min oppvekst. 

Salmar var ein stor og dominerande sjanger på 1600- og 1700-talet, ein kan ikkje skriva litteraturhistoria frå desse hundreåra utan å ta med salmediktinga. I tillegg til den offisielle salmeboka, kom det etter kvart ei rekkje salmebøker på marknaden, både til bruk i kyrkja og til andakt i heimen.

— Det var altså fleire salmesamlingar? Ikkje som i dag der ein slår opp i boka og syng nummer 147?

— Ja, i 1683 fekk Thomas Kingo i oppdrag av kongen å laga éi ny, felles salmebok for heile det dansk-norske kongeriket. Då den ønskte salmeboka til slutt kom, i 1699, hadde Kingo mista det kongelege oppdraget. Salmeboka bar likevel namnet hans, og om lag 80 av dei 300 salmane hadde han skrive. Før den tid var det mykje kaos i kyrkja: Ein song gjerne frå kvar si bok og i kvar si takt. Det var mykje uorden, og det likte ikkje danskekongen. På slutten av 1600-talet vart det meir orden, med ny alterbok, ny bibelomsetjing og ny salmebok. I Noreg var det lenge to danske salmebøker frå 1700-talet som var i bruk, også etter 1814. Først i 1870 fekk ein den første norske salmeboka, som Magnus Landstad stod bak.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har sett på om lag 80 salmar som ein finn i fem ulike salmebøker og samanlikna dei ulike versjonane. Eg byrja med Kingo si bok, deretter Landstad, og så nyare norske offisielle salmebøker. Nokre av salmane finst òg både på nynorsk og bokmål i same boka, slik at det for nokre av salmane vert heile seks versjonar. Det eg ser, er at salmane vert kortare. I originalen er dei svært lange og kan vera opp mot 40 vers. Så mange strofer har ikkje nyare salmebøker. Eg har brukt Northrop Frye sin teori og metode The Anatomy of Criticism frå 1957. Då går ein gjennom tekstane og ser mellom anna på både kor bilete er henta frå og korleis teksten held seg til verdslitteraturen.

Det har vore tungt å skulle henta teksten opp frå det djupe havet for kvar gong eg hadde sjanse til å skriva.

Vigdis Berland Øystese

— Kva finn du?

— For å seia det litt tabloid: Mykje juicy stuff er borte. Det betyr at mellom anna erotiske bilete og skildring av liding er redusert. Ein langfredagssalme hadde 29 vers i salmeboka frå 1699 og svært direkte kroppslege skildringar av den krossfeste og døyande. I den nyaste versjonen er det eitt igjen. Dette er Kingo sin salme som me i dag kjenner som «Skriv deg Jesus på mitt hjerte». Men dette er heilt teke ut av samanheng.

— Men kvifor er det noko som manglar?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Den konkrete biletbruken er vekke, og det handlar nok om smak. Teologiske omgrep om nåde og slikt har tolt tidas tann. Men strofer som mellom anna seier noko om at ein skal verna seg «mot pave og tyrk» og kritikk av jødar, er fjerna. Det hadde ikkje vore gangbart i dag, og var det heller ikkje på 1800-talet då Landstad laga si salmebok. For dei som syng tekstane spelar det ikkje noko rolle, dei veit jo ikkje kva som manglar. Men dersom ein skal lesa tekstane i den nye forma, kan det krevja like mykje av lesaren som før, fordi mange av tekstane føreset teologisk kunnskap og kjennskap til bibeltekstane. Alle forenklingane gjer at biletgalleriet manglar. 

Når ein ser på salmebøkene, ser ein at det vert henta inn norske bilete og norske ord og uttrykk i både Landstad si salmebok frå 1870 og Landstads reviderte. Dette ser ein meir i dei nye tekstane enn i revisjonen av dei gamle, sjølv om det også vert meir heimlege bilete òg i revisjonane. Men den store «nyvinninga» kjem med Elias Blix og den nynorske salmediktinga som har eit heilt nytt salmespråk til rådvelde og kan la Gud stå til rors og livsbåten leggja til lands etter ferda til havs.

— Kva har vore mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Det har tatt lang tid, og det har plaga meg. Eg starta faktisk allereie i 1995 då eg vart tilsett ved den nye lærarutdanninga ved NLA Høgskolen. Eg fekk då skriva om det eg syntest var fagleg interessant, og undervegs i løpet har eg fått opprykk til førstelektor. Men eg fekk òg kronisk sjukdom, og det har vore tungt å skulle henta teksten opp frå det djupe havet for kvar gong eg hadde sjanse til å skriva. Og så syntest eg innspurten var travel, eg er ei godt vaksen dame! Eg fekk brev frå Universitetet i Bergen (UiB) om at eg anten måtte gjera dette ferdig, eller så måtte eg legga det vekk. Eg fekk ein ny rettleiar på UiB, i tillegg til den særs gode rettleiaren eg hadde. Ho var den heilt rette for meg. Ho las tekst, og spurde konkret om når eg hadde tenkt å levera noko neste gong. Og både disputas og doktormiddag vart gode opplevingar, det var faktisk heilt fullt i auditoriet under disputasen!

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Det eg ser i ettertid, er at eg burde hatt hjelp til å skjera ned materialet. Eg såg på 80 salmar, i ulike versjonar. Det er eit altfor stort materiale! 

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Ja, det kan du seia … Eg er framleis tilsett ved NLA Høgskolen i Bergen og knytt til lærarutdanninga der. Eg skriv faglege artiklar om salmar, og i tillegg likar eg godt å formidla forskinga mi munnleg.

Powered by Labrador CMS