Min doktorgrad

Slik som dette kan det gå når ein brann får utvikla seg i store rom med synlege treoverflater. Biletet viser bygningskroppen Andreas Sæter Bøe fekk bygd til doktorgradsarbeidet sitt.

Han gjennomførte nokre av dei største branntestane i verda

Det vert fine bygg, og tre er eit materiale arkitektane likar. Men kva skjer dersom det ført tek fyr i eit stort trebygg? Andreas Sæter Bøe fekk bygd ein eigen bygningskropp som han så sette fyr på.

— Først: Kva er det du har forska på?

Fakta

Andreas Sæter Bøe

  • Har levert avhandlinga «Experimental investigations on fire performance of the engineered wood products cross-laminated timber and I-joists»
  • Disputerte ved Fakultet for ingeniørvitskap ved NTNU 15. april 2024

— Eg har forska på branntryggleik. Eg har vore tilsett ved RISE Fire Research, det branntekniske kompetansesenteret i Noreg, som har gode fasilitetar for eksperimentell branntesting. Så kom det ei moglegheit til å forska på massivtre og brann. Dei siste åra har det vorte bygd fleire typar bygg i massivtre. Det er eit berekraftig materiale, og det er i tillegg fordelar med å bygga i tre; ein kan prefabrikkera delane og montera nærast som eit byggesett. Det vert flotte bygg når ein nyttar massivtre, og det er eit materiale som er populært blant arkitektar, men det er to ulemper: Fukt og brann.

— I fleire norske byar har ein område med gamle trehus. Byrjar det å brenna der, går alarmen rimeleg kjapt. Brenn nye trebygg like godt som gamle?

— Det finst måtar å impregnera på, men førebels veit me lite om kor godt impregnering held seg over tid. No byggjer ein store bygg i tre, og ja, tre kan byrja å brenna.

— Kva var doktorgradsprosjektet ditt?

— Eg har forska på korleis ein brann kan utvikla seg i store rom med synlege treoverflater, slik ein ofte har i bygg med massivtre. På verdsbasis er det gjennomført få store testar om dette, og den kunnskapen me har, kjem frå testar i små rom. Her såg eg altså eit stort kunnskapshol, som eg ønskte å bruka min eksperimentelle bakgrunn til å bidra å tetta. Eg var interessert i korleis det går dersom ein får ein brann i store rom, der ein har synleg tre. Eg fekk bygd ein bygningskropp på om lag 100 kvadratmeter; 19 meter lang og fem meter brei. Det er berre to-tre andre test-seriar i verda som er gjort på større rom.

— Kva finn du?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— At brannutviklinga kan gå veldig raskt. I forsøket med mest eksponert/synleg tre, med tre både i vegger og tak, var rommet overtent 90 sekund etter at taket byrja å brenna. Dette kan ein forklara ved at når taket byrjar å brenna, fører dette til ei veldig sterk varmestråling ned mot golvet. 

— Oi! Kva kan ein gjera for å unngå dette?

— Det finst primært to alternativ: Å dekka til treoverflatene med til dømes gips; gips brenn ikkje, eller installera eit automatisk sløkkeanlegg. Per i dag er det krav om at bygg i tre skal sprinklast, men det gjeld berre dersom bygget er på minst tre etasjar. Mange store bygg i tre, som barnehagar, er ikkje meir enn to. 

Men det er viktig å peika på at den raske brannutviklinga ikkje er direkte knytt til bruk av massivtre, men til tre generelt. Eit døme som viser dette godt er brannen i gymsalen på Lambertseter skole. Her var det nokon som tende på ei bossbøtte inne i gymsalen. Trass i at ein hadde brannalarmanlegg med direkte varsling til brannvesenet var gymsalen overtent før brannvesenet rakk å starta sløkkingsarbeidet. Årsaka til den raske brannutviklinga kan ein i stor grad forklara med at dei fleste overflatene i gymsalen var av synleg tre.

Brann handlar om både persontryggleik og om tap av verdiar. I bygg der det ikkje er krav om sprinklaranlegg, vil det som oftast vera kort evakueringstid. Men om ein skule, barnehage eller gymsal brenn vil dette vera eit stort tap for lokalsamfunnet, og mange vil i ein periode få eit dårlegare tilbod, sidan det tek tid å bygga opp att det som brann.

Det å ha familie og barn trur eg vart eit viktig bidrag til at eg ikkje vart så isolert i denne perioden.

Andreas Sæter Bøe

— Kva har vore mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Eg starta i februar 2020, altså rett før samfunnet stengde ned … Sjølv om det var mange lange dagar på heimekontor, og nokre ekstra utfordringar til dømes med stengd barnehage i periodar, gjekk det likevel på eit vis. Det å ha familie og barn trur eg vart eit viktig bidrag til at eg ikkje vart så isolert i denne perioden. Av ulike grunnar vart forsøka mine gjennomførte nokså seint i doktorgraden min. Ideelt sett skulle eg fått gjort testane tidlegare i løpet og hatt betre tid til å dvela ved resultata. Men eg fekk levert innan den tida som var sett opp.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Gjensidigestiftelsen hadde eit brannløft for nokre år sidan, noko som mellom anna førte til at FRIC, Fire Research and Innovation Centre, vart oppretta. Doktorgraden min vart lyst ut via dette senteret. Nå har FRIC fått nye midlar for prosjekt i minst 4 år til, og det er då naturleg at eg held fram med å jobba med denne problematikken vidare, no som tilsett gjennom RISE. FRIC vart oppretta i 2019 og skulle i første omgang vara til 2024. Dette senteret er drive av mellom anna RISE, der eg altså er tilsett. For meg var doktorgrad ei fin moglegheit til å bygga på med meir teori, og eg er veldig nøgd med valet. 

Powered by Labrador CMS