Min doktorgrad

Læreverkanalyse er noko av det Martin Veier-Olsen har gjennomført i arbeidet med avhandlinga si.

Glede ved monografi: Å ha god plass. Fare: Å gå seg vill i eigen tekst

Martin Veier-Olsen leverte ein monografi med åtte kapittel. No vurderer han å skriva lærebok.

Publisert Sist oppdatert

— Kva har du forska på?

— Eg har forska på korleis tidslinjer visualiserer tid og historie.

FAKTA

Martin Veier-Olsen

  • Har levert avhandlinga  «Linjer og tverrsnitt i historisk tid: Tidslinjas visualisering av temporalitet og historisk literacy»
  • Disputerte ved NTNU 23. august 2024

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Tidslinjer er mykje brukt i skulen, både i lærebøker og av lærarar. Men bruken av tidslinjer er lite teoretisk forankra, me veit altså ikkje kvifor dei vert brukte. Prosjektet mitt er fagdidaktisk.

— Kan du seia litt meir om kva som var prosjektet ditt?

— Eg har skrive ein monografi med åtte kapittel. Eg har gjennomført ein litteraturgjennomgang, ein læreverkanalyse av totalt 23 læreverk, eg har jobba med omgrepsapparat og eg har vore ute i fire 10. klassar. Der har eg både observert og i tillegg intervjua elevar. Dessutan fekk dei i oppgåve å sjølve laga tidslinjer, og i samarbeid med dei utvikla eg eit didaktisk verktøy som skal kunne hjelpa elevar med å konstruera historiske tidslinjer.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva er problematisk ved bruken av tidslinjer?

— Nokre av dei ramsar berre opp hendingar. Men det som går igjen, er at tid er underkommunisert. Korleis forstår ein tid? Og tida mellom punkta på tidslinja? Ei tidslinje viser berre nokre deler av historia.

— Kva finn du?

— Eg har tre hovudfunn: Eg kategoriserer tidslinjene, eg har utvikla eit arbeidsark, og eg kjem fram til eit nytt omgrep: Temporal literacy. Her prøver eg å kopla menneske si historiefunderte tidsorientering til andre tidsskalaer me interagerer med, som klimaendringar, utryddingar og omgrep som antropocen. Eg ser mellom anna på om tidslinjene berre konsentrerer seg om hendingar, eller om dei har med andre ting òg, og eg ser på om eit år tek like stor plass uansett kor ein er på tidslinja. Ei tidslinje kan gjera tida tilgjengeleg, men kor mykje tid er det mellom hendingane?

— Kva har vore mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Eg står i eit spenn mellom ulike fagfelt og teoriar; filosofi, historie, språkfag og læringsteori. Den største gleda med ein monografi er at ein kan ta den store plassen. Samstundes var det ein periode der eg hadde litt tekst overalt i eit kjempestort dokument — då er det lett å gå seg vill. Men eg var ganske flink til å markera i eigen tekst, slik at eg ikkje gjentok meg sjølv for mykje.

Eg er tilsett ved eit institutt ved NTNU som er i gang med nedbemanning, så eg reknar ikkje med fast jobb der.

Martin Veier-Olsen

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, eg har eigentleg ikkje det. Men det var tungt å sitja på heimekontor i starten og tungt å få til samarbeid med skular då samfunnet stengde ned.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No har eg ei mellombels stilling ut året. Men eg er tilsett ved eit institutt ved NTNU som er i gang med nedbemanning, så eg reknar ikkje med fast jobb der. Men eg har lyst til å både skriva ein artikkel på engelsk om temporal literacy og i tillegg har eg tenkt litt på om eg skal skriva ei lærebok.

Powered by Labrador CMS