eikrem-saken

Trur frykt er grunnen til at tilsette ikkje støttar Eikrem

Fleire ved NTNU går no ut med kritikk mot universitetsleiinga si handtering av Eikrem-saka.

Historieprofessor Hans Otto Frøland er ein av fleire NTNU-tilsette som no går ut mot NTNU si handtering av den mykje omtala Eikrem-saka.
Publisert Oppdatert

— Eg såg meg sjølv i spegelen, og likte ikkje det eg såg. Det seier førsteamanuensis Roar Madsen, som no er ein av fleire som går ut mot NTNU i avskjedssaka mot Øyvind Eikrem.

Trond Andresen frå NTNU og Kristian Gundersen frå Universitetet i Oslo var dei to som først gjekk ut mot NTNU i den mykje omtala Eikrem-saka. I juni blei det offisielt kjent at NTNU ønskjer å gje førsteamanuensis Øyvind Eikrem sparken.

Fakta

Eikremsaken

Les også: Alle saker i Khrono om Eikremsaken

  • Eikrem har hele veien nektet for at han står bak. Og NTNU har advart mot forhåndsdømming i saka.
  • I mars 2020 hyret begge parter inn advokater. NTNU-ledelen mente det var svært viktig å enten få avkreftet eller bekreftet opplysningene i Filter Nyheters sak.
  • NTNUs advokater gjennomførte i samråd konsulentselskapet KPMG et innsyn i Eikrems eposter. innsynet den 6. juli 2020.
  • Eikrem har klaget saken inn både til Datatilsynet og til Sivilombudsmannen. Datatilsynet er ikke ferdig med sin behandling av saken.
  • I juli 2020 står en bekjent av Eikrem fram og forteller at det er han som står bak de ytringer NTNU nå etterforsker gjennom et eksternt advokatfirma. NTNU har kjent til dette siden mars.
  • 28. oktober ble Filter Nyheter felt i PFU på ett punkt knyttet til deres første artikler om saken.
  • I november 2020 står to kolleger fram i avisa Nidaros og forteller at det er de som har varslet om Eikrems aktivitet.
  • I februar 2021 ble det kjent at Eikrems kolleger også hadde tatt bilder av Eikrem og hans pc-skjerm uten at han var klar over det.
  • 19. april 2021 får Øyvind Eikrem overlevert rapporten fra advokatene. Rapporten konkluderer med at selv om det ikke er bevist, så må Eikrem holdes ansvarlig for ytringene og at disse er ulovlige og brudd med lojalitetsplikt til arbeidsgiver.
  • 21. juni 2021 vedtok ansettelsesutvalget ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap å gi Eikrem sparken.
  • 2. august 2021 var frist for å klage på vedtaket.
  • Dersom ansettelsesutvalget opprettholder vedtaket etter klagen, vil saken gå videre til universitetsstyret ved NTNU som har det siste ordet. Dersom styret også går inn for avskjed vil Eikrems eneste mulighet til å beholde jobben ved NTNU være å gå til søksmål og rettens vei for usaklig avskjed. Han har allerede uttalt at han vil gjøre dette.

Førsteamanuensis Trond Andresen har i Khrono etterlyst fleire stemmer inn i debatten om at NTNU vil gje Eikrem sparken . Ikkje fordi ein er samd med han politisk, men fordi Andresen meiner handsaminga frå universitetet er dårleg, og minner om ei heksejakt.

— Eg hadde håpa og rekna med at fleire enn meg ville reagera på at dersom NTNU-styret støttar avskjeden, vert det ved det største universitetet i Noreg legitimt å sparka fagleg tilsette på grunn av det politiske verdisynet deira, sa Andresen til Khrono.

Han er sjølv plassert langt ute på ventresida i norsk politikk.ıı

Etter Andresen si oppmoding har fleire vitskapeleg tilsette meldt seg, mellom anna i Khrono sitt kommentarfelt.

— Sjølv eg som har vore politisk aktiv langt ute på venstresida i svært mange år, og er van med (og toler) kritikk, tenkte meg om både ein og tre gonger føre eg ytra dette. Eg har ein mistanke om at det kan seia noko om ei redsle ikkje berre eg har for formelle eller uformelle sanksjonar, skriv førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning, Roar Madsen.

— Dette ser ut som politisk heksejakt, skriv historieprofessor Hans Otto Frøland.

Fryktar dei uformelle sanksjonane

— Eg såg meg i spegelen, og eg likte ikkje det eg såg, seier Madsen til Khrono.

— Eg tenkte meg om mange gongar før eg skreiv i kommentarfeltet.

— Kva er det ein er så redd for?

Fleire saker skaper redsle for å melda noko, seier førsteamanuensis Roar Madsen.

— Ein har to typar sanksjonar. Dei formelle, som oppseiing. Det er neppe veldig aktuelt. Men så har ein dei uformelle, som handlar om kven som får forskingstermin, kven som får interne forskingsmidlar eller kven som får ulike typar prioritet for sine faglege «hjartesaker», seier Madsen.

Han peikar på at det har vore uro kring fleire personalsaker ved NTNU.

Khrono har skrive om både Kristian Steinnes, som vart flytta til eit anna institutt, og Øyvind Thomassen, som har gått til Sivilombodet på klage på represaliar.

— Desse sakene skaper redsle for å melda noko, seier Madsen.

Hans Otto Frøland har vore sterkt involvert i, og òg kritisert NTNU-leiinga, i den mykje omtala saka ved Institutt for historiske studier. I dag er Frøland tilsett ved Institutt for moderne samfunnshistorie.

— Handteringa av Eikrem-saka står fram som så radikal og frykt og tausheit lett vert responsen, skriv han i kommentarfeltet.

Ekkokammer?

Også professor Martin Ystenes frå Institutt for materialteknologi har ytra seg. I ein Facebook-tråd hos Kristian Gundersen skreiv han at det har skjedd ting før som gjer at mange i utgangspunktet er skeptisk til NTNU sin måte å handla prinsipielt på.

I ein e-post til Khrono skriv Ystenes at han berre kjenner saka frå media. Han seier at inntrykket han har er at saka handlar mykje om kven Eikrem hadde uttalt seg til, og ikkje nødvendigvis kva han sa.

— Her endar ein faktisk opp med å gi eit signal om at det er forventa at ein skal ha dei «rette» meiningane dersom ein vert tilsett ved universitetet. Det er i alle fall ikkje eit signal om at ein ønskjer seg eit mangfald av meiningar, det er nesten eit signal om at instituttet er, og framleis ønskjer å vera, eit ekkokammer for dei som allereie er der.

— Eikrem er ikkje sosialarbeidar. Han er universitetstilsett, understrekar Roar Madsen.

— Dei som studerer ved instituttet skal sjølvsagt verta gjort i stand til å vera sosialarbeidarar. Men dei skal òg få evna til å ha kritiske synspunkt, og vurdera utøvinga av profesjonen kritisk. For meg verkar det som om ein berre ønskjer at utdanninga skal vera ein støttefunksjon for profesjonen og for dominerande profesjonsideologi.

I kommentaren sin skriv han om det han kallar «innavlsdepresjon».

— Eg har ein mistanke om at det omgrepet ikkje berre er relevant for studie av genetisk reproduksjon av dyr, men òg for sosial reproduksjon av fagmiljø, skriv Madsen.

Dårleg lukt

Kjemiprofessor Martin Ystenes, NTNU.

Som Khrono har skrive, er Eikrem vald til leiar for det politiske partiet Demokratane i Trondheim, eit parti godt ute på høgresida. Intervjuet som vart utgangspunkt for saka mot han, vart publisert hos nettstaden Resett, som har plassert seg på høgresida.

Madsen peikar på at det han kallar den store rasismeplakaten er løfta i Eikrem-saka.

— Nokre brukar eit veldig breitt rasismeomgrep, og rasisme er jo noko som ikkje er hyggelig å verta assosiert med.

— Ein snakkar om ytringsfridom og akademisk fridom ved universiteta. Gjeld ikkje dette lenger?

— Eg synest tidlegare rektor (Gunnar Bovim red.anm) var svært klår her: Det Eikrem sa i media, var innanfor ytringsfridommen. Alle peikar på at det er særleg viktig ved frie ytringar ved eit universitet. Men når det kjem til realitetane, luktar det ikkje så godt lenger, seier Madsen.

Endringslogg: Khrono beklagar at vi i ein tidlegare versjon av artikkelen har skrive namnet til professor Martin Ystenes feil. Det er no retta opp.

Powered by Labrador CMS