Min doktorgrad

Therese Nesset i arbeid i Universitetsmuseet i Bergen si mellomaldersamling.

Miksa pandemi, familieliv og forsking

Therese Nesset har fått to barn og ny jobb i løpet av stipendiatperioden.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg skreiv masteroppgåva mi om ein øydegard som var i bruk i mellomalderen, eit prosjekt fylkeskommunen hadde lyst ut. Då eg nærma meg slutten på prosjektet vart det lyst ut ei stipendiatstilling i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen. Her ønska ein nokon som kunne forske på jordbruksbusetnaden i mellomalderen med utgangspunkt i samlinga på museet. Søknadsfristen var ein månad etter at eg leverte masteroppgåva, så eg søkte og fekk jobben.

Fakta

Therese Nesset (35)

  • Har levert avhandlinga «Rurale levesett, rural livsstil»
  • Disputerte ved Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap ved Universitetet i Bergen 9. desember 2022

— Kan du kort presentera prosjektet?

— Eg har sett på materiell kultur og jordbruksdrift på fem ulike arkeologisk undersøkte gardar på Vestlandet. Me veit lite om dei rurale levesetta frå mellomalderen, det er lite som er skriftleggjort og den forskinga som er gjort, er stort sett gjort på andre samfunnsgrupper. Eg har forska på korleis levesettet til dei som var gardbrukarar har kome til uttrykk i form av livsstil. I hovudsak har eg forska på gjenstandar me allereie har i samlingane, men for ein av gardane har eg òg gjort arkeologiske utgravingar sjølv.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva finn du?

— Mellomalderen er ein epoke der ein får kyrkje, ein får byar og byfolk og ein får ein overklasse. Med kyrkja kom ein ny gravskikk, så ein har ikkje dei funnrike gravene ein kjenner frå tidlegare tider. Eg har difor sett på det som ligg att på gardslokalitetane. Dette er stort sett objekt ein har forkasta; øydelagde koppar, kar og handverksutstyr. Gjenstandane er hovudsakeleg laga av metall og stein, me har lite bevart organisk materiale som tekstilar frå denne perioden. Eg har sett etter identitets- og kulturfremjande uttrykk i gjenstandar knytt til matkultur, handverk og dokumenterte bygningsrestar som fortel om byggjeskikk. I tillegg til å laga mykje sjølv finn eg òg at mellomalderbøndene tydeleg har hatt handelskontakt med kvarandre og med storsamfunnet. Folka i dei nye samfunnssjikta i mellomalderen ønska å uttrykka eit skilje med bondesamfunnet. Difor har ein tenkt at det ikkje var så stort å vera bonde. Men eg finn at det for bønder var viktig å uttrykka tilhøyrsle til bondesamfunnet, uavhengig av sosial status og geografisk plassering.

Miksen med pandemi og familieliv og forsking har eigentleg vore mest krevjande.

Therese Nesset

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei. Stipendet gjekk eigentleg ut i 2019. Eg fekk mitt andre barn i 2020, og kombinerte då prosjektet med to barn og i tillegg ny jobb. Så kom pandemien. Så denne miksen med pandemi og familieliv og forsking har eigentleg vore mest krevjande. No har eg permisjon med barn nummer tre.

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette?

— Nei, det har eg absolutt ikkje. Både sambuaren min og rettleiarane mine har hatt trua heile vegen. Men sjølvsagt har det vore periodar der eg har vore lei.

— Kva skal du bruka doktorgraden til?

— Eg er tilsett som konservator på Musea i Sogn og Fjordane, på De Heibergske samlingar som ligg på Kaupanger i Sogndal kommune. Å vera ein del av eit fagmiljø på eit folkemuseum er spanande, her er det andre impulsar enn i eit tradisjonelt forskingsmiljø.

Powered by Labrador CMS