Min doktorgrad

Marte Tonning Otterlei har vore oppteken av å skriva ei avhandling som kan vera relevant for praksisfeltet. Ho underviser no barnevernspedagogstudentar ved Universitetet i Stavanger.

Gjekk frå førstelinje til akademia

Marte Tonning Otterlei har sjølv jobba i barnevernet, og veit kor tøft det kan vera å gi beskjed til foreldre om at barna deira ikkje kan bu hos dei lenger.

Publisert Oppdatert

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Marte Tonning Otterlei (37)

  • Har levert avhandlinga «Perspektiver på omsorgsovertakelser : En kvalitativ studie av foreldre og barnevernsarbeideres erfaringer med omsorgsovertakelsesprosesser med tilknyttede problemområder»
  • Disputerte ved Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger 29. september

— Det er tre grunnar til det: Eg har jobba i barnevernet sjølv, ei teneste som har fått mykje kritikk knytt til omsorgsovertaking. Eg var difor nyfiken på kva det er som gjer at motstanden mot barnevernet er så stor. I tillegg er dette med omsorgsovertaking eit understudert emne.

— Kan du kort skildra prosjektet?

— Eg har sett på omsorgsovertaking. Det er ein kvalitativ studie der eg har intervjua 13 foreldre og tolv barnevernsarbeidarar om deira røynsler med å få og å gi beskjed om at barnevernstenesta vil fremja sak til Fylkesnemnda med forslag om omsorgsovertaking. Det var totalt 31 barn der barnevernet tok over omsorga, og i dag er to av dei førte attende til biologiske foreldre, resten er i fosterheim. Dei tilsette eg intervjua er røynde, og har til saman jobba ved totalt 16 barnevernskontor.

— Kva finn du?

— Foreldra skildrar at dei var uførebudde på den meldinga dei fekk, og skildrar at det kom som lyn frå klår himmel. Nokre av foreldra hadde vore i kontakt med barnevernet over tid, andre ikkje, men felles var at det ikkje visste kva som var tema for møtet dei var kalla inn til. Dette er noko eg sjølv kjenner til frå då eg jobba i barnevernet, og ein gjer det rett og slett av tryggleiksomsyn, ein er mellom anna uroa for kva som kan skje med barnet dersom foreldra er varsla på førehand. Etter at beskjeden er gitt, rapporterer fleire av foreldra om at dei har fått sterke kriseliknande reaksjonar.

Å gi beskjed om omsorgsovertaking skildrar dei som legar som må gi beskjed om at nokon kjem til å døy.

Marte Tonning Otterlei

Dei to datasetta snakkar godt saman.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Dei tilsette i barnevernet stadfestar det foreldra seier, og seier at dei vurderte av nokre av foreldra hadde behov for krisehjelp. Dei fortel òg om at dei synest det var ubehageleg å gå frå ei hjelperolle til ei maktrolle. Å gi beskjed om omsorgsovertaking skildrar dei som legar som må gi beskjed om at nokon kjem til å døy. Å ta over omsorg for barn er det mest inngripande tiltaket staten har. Eg finn at dei tilsette som skal gi beskjed om dette opplever både manglande rutinar og manglande leiarstøtte. Å formidla eit omsorgsovertakingsinitiativ er noko ein som barnevernstilsett gjer kanskje ein gong i året, det er noko som skjer i om lag ein femdel av barnevernet sine saker. Så det er ganske sjeldan. Alle dei tilsette som var med i prosjektet mitt har vurdert å slutta i jobben fordi dei synest det er så krevjande.

— Kva har vore mest krevjande undervegs?

— Det var definitivt covid-nedstenginga då eg måtte driva heimeskule. I tillegg har eg kjent på at som stipendiat må ein kunne mykje, men samstundes er det ein del av eit utdanningsløp. Det veit ikkje fagfellene som vurderer artiklane dine, og ein kan kjenna seg temmeleg kunnskapslaus.

— Kom du i mål på normert tid?

— Eg har fullført på fem år. Eg hadde stipendiatperiode på fire, men det siste året har eg hatt eit kvalifiseringsstipend med 60 prosent undervisningsplikt.

— Har du angra undervegs?

— Ja, eg har angra (ler). Eg søkte ei open stipendiatstilling, og det har vore eit langvarig og tidvis einsamt prosjekt. Det har vore litt berg-og-dal-bane. Men samstundes har eg vorte minna på kor hektisk barnevernsarbeid kan vera og kor privilegert eg er som får forska på eige fagfelt. Så det har òg vore mykje glede òg.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No har eg ei førsteamanuensisstilling ved Universitetet i Stavanger. Eg har vore oppteken av å skriva noko som er matnyttig for praksisfeltet, og kunne forska og undervisa no når eg sjølv ikkje arbeider i førstelinje meir. Eg håpar at forskinga mi kan gjera at tilsette i barnevernet får meir støtte og at foreldre som får beskjed om omsorgsovertaking vert møtt på ein betre måte, og eg håpar å få førebudd studentane på det som ventar dei i arbeidslivet.

Powered by Labrador CMS