Min doktorgrad

Elin Mordal kom heim frå tredje tur til Etiopia i januar 2020. Ho hadde planar om ein tur til, men fann ut at ho allereie hadde meir enn nok data til å gjennomføra doktorgradsprosjektet.

Tok doktorgrad etter fylte 50: — Mest av alt har det vore heilt fantastisk

Høgskulelektor Elin Mordal har forska på fødselsomsorg i Etiopia. Den er ganske annleis enn i Noreg.

— Kvifor vart det akkurat dette emnet?

— Eg er tilsett som høgskulelektor ved Høgskolen i Molde og underviser sjukepleiestudentar. Me har hatt eit utvekslingsprogram, der norske studentar har hatt praksis i Etiopia. Men det viste seg å vera meir krevjande å få til at studentar frå Etiopia kom til oss, så då kom ideen om at me heller kunne ha felles forskingsprosjekt.

Fakta

Elin Mordal (54)

  • Har levert avhandlinga «Fødselsomsorg i rurale Etiopia – kvinners og jordmødres erfaringer og praksis».
  • Disputerte ved avdeling for helse- og sosialfag ved Høgskolen i Molde 28. oktober

— Kan du seia noko om prosjektet i korte trekk?

— Eg har forska på fødselsomsorg i landlege område sør i Etiopia, og har intervjua både kvinner og jordmødre. Eg har hatt tre datainnsamlingar. I den første runden intervjua eg 25 kvinner. Om lag halvparten av desse hadde fødd barn heime, den andre halvparten ved institusjon. Deretter intervjua eg 19 kvinner som alle hadde fødd ved institusjon, og eg intervjua jordmødre som var tilsett i primærhelsetenesta. Det vil seia anten ved helsesenter, som er jordmorstyrte, eller ved det som vert kalla primærsjukehus. Der er det legar.

— Då eg hadde gjort dette, fann eg ut at eg hadde behov for meir kontekst og meir kunnskap om kultur. Eg reiste difor tilbake og observerte. Då flytta eg inn på helsesenter og primærsjukehus og var der døgeret rundt, nokre dagar i strekk.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva konkluderer du med?

— Eg har fleire resultat, og òg ein konklusjon.

— Kvinnene eg intervjua, sa at dei såg på fødsel som ein normal prosess. Men mange uttrykte at det var skremmande. Det var ikkje noko som vart snakka om, ei av kvinnene sa at «dette fortel eg for første gong».

— For mange av dei var det utfordrande å koma seg til helsesenter eller sjukehus. Det var berre éin ambulanse i området. Dei som fødde heime, gjorde det utan jordmor. Men dei fekk hjelp frå det som vert kalla tradisjonelle fødselshjelparar. Dette er ein kompetanse som gjerne har gått i arv i same familie. I tillegg til at dei som fødde heime fekk hjelp frå andre kvinner, fann eg at kvinnene sitt nettverk var viktig òg for dei som fødde på institusjon. Dei kom med mat, med varme teppe til babyen, dei kunne hjelpa med transport og til og med ha ansvar for deler av omsorga etter fødsel.

— Ikkje alle kvinner kunne bestemma sjølv om dei ville føda heime eller ikkje, det handla både om forventingar og om tilgang til transport. Men dei som hadde fødd tidlegare, og då opplevd komplikasjonar, valde profesjonell fødselsomsorg neste gong.

Mest krevjande trur eg det er å halda ut, og å stå i det.

Elin Mordal

— Når det gjeld jordmødrene såg dei på sikker fødsel — altså å sikra at mor og barn overlever — som den primære oppgåva. Dei fortalde at det av og til var vanskeleg å gi den omsorga dei var opplært til. Det handla mellom anna om tilgang til både medisinar og utstyr. Eg fann at det for nokre av kvinnene kunne vera utfordrande å ta imot fødselshjelp frå ei mannleg jordmor.

Og så konklusjonen:

— Tidlegare røynsle spelar ei stor rolle for om ein vel å føda heime eller ikkje. Jordmødrene fokuserer på at det skal vera trygt å føda ved institusjonane, men framleis er det femti prosent som vel å føda heime. På sikt bør ein satsa på større vekt på det kvalitative innhaldet i fødselsomsorga, altså sjølve fødselsopplevinga. Då vert det å skapa ei gradvis endring mot ein meir heilskapleg, respektfull og kompetent omsorg for dei fødande viktig.

— Kva har vore mest krevjande i doktorgradsperioden?

— Det å vera i eit ph.d.-løp er noko ein erfarer ulikt. Eg var ikkje ein del av eit større prosjekt, så det var tidvis einsamt. Men mest krevjande trur eg det er å halda ut, og å stå i det. Det er nokre periodar der ein ventar, på godkjenning eller på tilbakemelding på artiklar. Men aller mest har det vore heilt fantastisk!

— Leverte du til normert tid?

— Tja. Dersom ein reknar det som innan seks år, har eg klart det. Eg brukte fem år og fire månader. I periodar var eg sjukmeld, livet skjer.

— Har du angra undervegs?

— Nei, eg har ikkje angra. Men eg har tenkt «vert eg ferdig?».

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er framleis høgskulelektor, men når doktorgraden min formelt vert godkjent i høgskulestyret, vil eg få meir forskingstid. Å ta doktorgrad er forsking, men det er òg utdanning, og eg ser at det eg har lært kjem godt med når eg skal undervisa studentane — som neste kurs, i kvalitativ metode.

Powered by Labrador CMS