Min doktorgrad

Rappar - og doktor. Kjell Andreas Oddekalv disputerte ved UiO i august.

Han var allereie Dr. Kjell. No har han disputert òg

Visste du at rap oftast følgjer den tradisjonelle taktarten fire fjerdedelstakt?

Han er sjølv rappar, og er kjent som Dr.Kjell - som òg er namnet hans på Twitter.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kvifor vart det det emnet det vart for doktoravhandling?

— Det er ei direkte vidareføring av masterprosjektet mitt. Og så vart det jo då tydeleg at livet etterapar kunsten.

— Kan du fortelja litt om prosjektet?

— Eg har studert rytmen i rapflow, det vil seia rytmen i orda og rima i rappen. Dels har eg laga eit metodisk rammeverk som seier noko om korleis ein bør analysera tekstane.

Det har vore timevis med lytting, og timevis med analysering.

— Ein finn nokre teknikkar som går att, og ein finn nokre standardar når det gjeld det rytmiske rammeverket, men desse vert varierte. Rap er nesten alltid i fire fjerdedelstakt, der linjene som oftast har rim på det fjerde slaget i takta, og så varierer ein mot denne standarden. Kvart taktslag er gjerne underdelt i fire, og det er variasjon mellom kvar trykklette og trykktunge stavingar vert plasserte. Slik er det eit samspel mellom språkrytme og musikkrytme.

— Kva konkluderer du med?

Fakta

Kjell Andreas Oddekalv

  • Har levert avhandlinga « What Makes the Shit Dope? The Techniques and Analysis of Rap Flows »
  • Disputerte ved Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo 31.august
  • 37 år

— Som tittelen på avhandlinga seier, har eg sett på kva det er som gjer at noko vert feitt. Overordna handlar det om å skapa noko tvitydig, og samstundes vera leiken. Mest vellukka er det når det vert lagt fram noko som opnar for ei tolking - men så var det brått noko anna som skjedde med musikken.

— Leverte du til normert tid?

— Eg hadde ein pappapermisjon, men når ein legg den tida til, leverte eg faktisk ei veke før eg skulle. Eg var heldig med tidspunkt for både pandemi og fødsel, då nedstenginga kom var eg ferdig med alt eg måtte vera på universitetet for å få gjort. Så då var eg heime og jobba og fekk mykje tid med babyen.

— Kva har vore det mest krevjande undervegs?

— Å klara å finna forma på eit så stort prosjekt. Eg skreiv ein monografi, og det vart mykje omstrukturering av tekst. Eg måtte skriva gjennom nokre gongar. Og problema kom mot slutten, då byrja eg å koma på noko eg ville hatt med …

— Har du angra?

— Nei, aldri. Eg har vore heldig både med timinga, med arbeidsplassen, tema og rettleiarane. Eg veit at ikkje alle stipendiatar er like heldige som meg, eg har kosa meg!

— Kva skal du bruka doktorgraden til?

— Tja, sei det. Eg har kontrakt ved UiO ei stund til, og deretter skal eg ha ein ny pappapermisjon. Eg har òg søkt ei postdoktorstilling. Så eg er litt på leiting.

Powered by Labrador CMS