Min doktorgrad

Verdas høgaste bygning, Burj Khalifa, i bakgrunnen. Bygningen som ligg i Dubai i Dei sameinte arabiske emiratane, er heile 828 meter høg. Kven som faktisk eig eigedom i denne byen, er ganske uoversikteleg, viser Andreas Økland si ferske doktoravhandling.

Sat igjen med sjokkjensle: — Er det dette eg har gjort?

Etter tre års forsking på skatteparadis lurte Andreas Økland på kva han eigentleg hadde brukt dei siste åra på.

— Kvifor vart det akkurat dette emnet for avhandlinga?

— Prosjektet vart litt til medan eg gjekk. Eg hadde med meg ei interesse for eigedom og skatt frå masteroppgåva. Då eg skulle ta doktorgrad vart eg kopla med ein rettleiar som har jobba med skatteparadis.

Fakta

Andreas Økland (29)

  • Har levert avhandlinga «Tax and Secrecy Issues in Real Estate Markets»
  • Disputerte ved Handelshøyskolen ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet 1.november

— Kan du i korte trekk fortelja litt om prosjektet?

— Eg har forska på spørsmål knytt til eigedomsmarknader og skatteparadis, og sett på korleis dei vert påverka av at verksemder, personar og investorar som ønskjer å skjula formue eller unngå skatt kjøper eigedom. Det mest omfattande kapitelet i avhandlinga ser på kven som eig eigedom i Dubai. Rettleiaren min hadde fått eit stort datasett via den amerikanske tankesmia Centre for Advanced Defense Studies. Dette var ei oversikt over alle som eig eigedom i Dubai. Dubai er eit notorisk skatteparadis, med lite kontroll og mykje utanlandsk eigarskap. Tre fjerdedelar av dei norskeigde eigedommane me fann var ukjende for norske styresmakter. Datasettet har berre vore direkte behandla av éin person i forskingsgruppa, og prosjektet vart gjennomført i tråd med ei nøye vurdering av personvernkonsekvensar, såkalla Data Protection Impact Assessment (DIPA).

Funna har vore omtala i media, mellom anna vart rettleiar Annette Alstadsæter intervjua i E24.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Rettleiaren min er ein av dei fremste ekspertane i verda på dette feltet.

— Kva konkluderer du med?

— Nordmenn må rapportera dersom dei eig eigedom i Dubia, men det var svært få eigedommar som hadde vorte rapportert inn. Me fann òg at det er stort utanlandsk eigarskap i ein del land med lite struktur, som til dømes Afghanistan og Sierra Leone.

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

— Den største omstillinga har vore å skifta fokus frå kortsiktige resultat og over til prosjekt som går over fleire år, og å klara å balansera fleire store prosjekt samstundes.

Det skal seiast at eg ikkje trur det er berekraftig å berre sitja på heimekontor.

Andreas Økland

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, det gjorde eg, eg brukte tre år. Pandemien gjorde at eg måtte kasta om på planane, dette skulle eigentleg vera eit prosjekt institusjonelt samarbeid med Skatteetaten. Men eg var heldig og hadde gode heimekontorforhold og fekk jobba godt under pandemien. Det skal likevel seiast at eg ikkje trur det er berekraftig å berre sitja på heimekontor. Det kan fungera greitt dersom ein har eit prosjekt, til dømes som stipendiat, men eg ser at både pendling og kontorfellesskap har nokre fordelar.

— Har du angra undervegs?

— Nei. Men eg sat att med ei kjensle av at «er det dette eg har gjort?». Altså ei slags sjokkjensle over at eg hadde brukt så mykje tid og energi på dette prosjektet. Eg har snakka med andre som har hatt same kjensle etter å ha levert sine avhandlingar, så det er kanskje ikkje heilt uvanleg.

— Kva skal du bruka avhandlinga til?

— Det vert framleis mellombels stilling, og eg har håp om å få ei postdok-stilling. Utgangspunktet er at eg ønskjer å verta verande i akademia, men paradokset med mellombelse stillingar er at ein òg får sjanse til å vurdera om ein heller vil gjera noko anna.

Powered by Labrador CMS