Kva gjer ein for dei ekstra flinke barna, dei som treng tilpassa opplæring fordi dei er fagleg flinkare enn andre? Dette er ein tematikk som har engasjert Astrid Knutsdatter Lenvik lenge.

Min doktorgrad

— Når ein får nok ein artikkel avvist, då angrar ein

Kjensla av å ikkje lenger vera flink har vore krevjande undervegs. Men Astrid Knutsdatter Lenvik er glad for å kunne gå djupt ned i eit emne.

— Kvifor vart det avhandling om akkurat dette temaet?

— Det er dette eg har skrive master om, og eg tenkte at dersom eg skulle ta doktorgrad skulle eg skriva for det eg brenn for. Eg har òg jobba både i PPT og i Statped.

Gruppa Lenvik har forska på, har mange namn: I dag vert dei kalla elevar med ekstraordinært læringspotensial. Men dei vert òg kalla gåverike, skuleflinke, at dei har eit akademisk talent eller at dei er evnerike.

Fakta

Astrid Knutsdatter Lenvik (38)

  • Har levert avhandlinga «Gifted Education in Norway. A mixed-methods study with teachers and students in Norwegian comprehensive school » .
  • Disputerte ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Bergen 30.september

— Eg ville undersøka mellom anna røynslene til elevane og kva lærarar legg i omgrepet. Dette er elevar som har behov for å gå raskare gjennom skuleløpet eller fag. Nokre tek fag på eit høgare nivå, andre hoppar over klassar. Men denne gruppa elevar har ikkje rett på spesialundervisning. I dag ser ein på tilpassa opplæring på gruppenivå, og seier mellom anna at ved å ha variert undervisning skal ein nå breidda. Nokre elevar treng individuell tilpassing når dei ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den undervisninga som vert gitt.

— Kva resultat kom du fram til?

— Eg hadde ein kvantitativ og ein kvalitativ del. I den kvantitative delen, der eg hadde ei undersøking blant lærarar, fann eg at dei meiner dei kan for lite om denne tematikken. I den kvalitative delen intervjua eg elevar. Dei seier at skulesystemet ikkje er tilpassa dei. Mellom anna opplever nokre å verta plasserte for seg sjølv på eit rom med ei mattebok på eit høgare nivå. Men dei understrekar at dette ikkje er læraren sin feil, men systemet.

— Kom du i mål på normert tid?

— Eg gjorde jo eigentleg ikkje det. Eg byrja i 2016, og har fått eit barn undervegs i perioden. Eg synest det er rart at ein ikkje reknar inn permisjonar når ein ser på gjennomføringstid. Sjølv var eg òg sjukmeld på grunn av svangerskapsrelaterte plager.

MIN DOKTORGRAD

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva har vore mest krevjande undervegs?

— Som stipendiat er ein veldig einsam, og ein er avhengig av å bygga opp eit lag rundt seg. Eg har hatt kjempeflinke rettleiarar, men eg har jobba åleine med min tematikk. Det har vore vanskeleg. Undervegs oppdaga eg òg at det ikkje var så lett å koma seg til utlandet, slik ein er oppmoda til. Eg tok med meg mann og tre barn, og fekk det til fordi me kunne gjera det medan mannen min hadde foreldrepermisjon. Det er ikkje lagt opp til gode støtteordningar for stipendiatar som reiser med familie.

— Har du angra undervegs?

— Ja — og nei. Når ein får nok ein artikkel avvist, då angrar ein. Ein må utvikla ganske hard hud, plutseleg er ein ikkje «flink» lenger. Men det er utruleg fint å få moglegheit til å fordjupa seg slik eg har gjort, og som forskar er ein veldig fri.

— Kva skal du bruka avhandlinga til?

— Eg håpar på meir blæst rundt tematikken. Det er eit uutnytta handlingsrom her. Eg har fått ei førsteamanuensisstilling ved Institutt for pedagogikk, så eg vert forskar framover.

Powered by Labrador CMS