Min doktorgrad

Endeleg i mål! Tore Hofstad i midten, saman med hovudrettleiar Tonje Lossius Husum, og birettleiar og prosjektleiar Jorun Rugkåsa.

Han har hatt tvang som ei av arbeids­oppgåvene. No har han forska på det

Etter 16 år som miljøarbeidar gjekk Tore Hofstad i gang med høgare utdanning. Han har forska på noko av det som skal vera siste utveg.

Publisert Oppdatert

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Tore Hofstad (44)

  • Har levert avhandlinga «Geographical Variation in Compulsory Hospitalisation In Norway 2014-2018»
  • Disputerte ved Institutt for medisin og samfunn ved Universitetet i Oslo 9. desember

— Eg jobba som miljøarbeidar i 16 år, på ulike akutt- og alderspsykiatriske postar. Der var tvang ein del av arbeidsoppgåvene. Eg fann ut at eg ville ta høgare utdanning, og tok ein master i statsvitskap. Det var så artig å halda på med det, og då det vart lyst ut ei stipendiatstilling ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, fekk eg sjanse til å kombinera interessa mi og registerdata.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har sett på tvangsinnleggingar. Dette er noko som er eit unntak, helsetenester skal vera frivillig. Det betyr at bruk av tvang skal vera siste utveg. Tidlegare har ein ikkje kartlagt geografisk variasjon i bruk av tvangsinnlegging, men det har eg gjort no. Eg har brukt data frå Norsk pasientregister og sett det opp mot område for dei distriktspsykiatriske sentera (DPS). Deretter har eg brote tala ned til kommune- og i nokre tilfelle bydelsnivå. Spørsmåla eg stilte var om det er nokon som brukar for mykje tvang, og om dei som har mindre bruk av tvang gjer noko rett.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva konkluderer du med?

— Eg hadde data frå om lag 16 200 pasientar. Når ein snakkar om tvang er det ein lege som kjem med eit krav om innlegging. For å kunne gjera det må nokre kriterium vera oppfylte, og pasienten skal verta sett til av spesialist i løpet av det første døgeret. Det er viktig å seia at sjølv om ein nyttar omgrepet «tvang» vert dei fleste frivillig med. Men ved behov bistår politiet. Det eg finn, er at det DPS-området som brukte mest tvang, hadde åtte gongar fleire døger med tvangsinnlegging per innbyggar enn det som brukte minst. Dersom ein ser på talet på pasientar som vert tvangsinnlagde er skilnaden 3,2, og ser ein på talet på tvangsinnleggingar er skilnaden 5,6. Helse Vest skil seg ut og har flest døgn med tvang, medan Helse Midt ligg under snittet. Eg har òg sett på samarbeid med kommunehelsetenesta og finn at god fastlegedekning og god tilgang på psykiatriske sjukepleiarar gjer at bruken av tvang går ned. Eg såg òg på om dei fire grunnprinsippa for medisinsk etikk, som er å gjera godt, å respektera at pasientar skal kunne bestemma sjølve, å ikkje skada, og å vera rettferdig, alle vert utfordra ved geografisk variasjon av tvangsinnleggingar.

Tvangsinnlagte pasientar: Tala er rekna ut med bakgrunn i data frå Norsk pasientregister. Grå farge viser landsgjennomsnittet, raud farge er verdiar over snittet medan blå område ligg under landsgjennomsnittet.

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

— Dette har vore eit arbeid med byggestein på byggestein, der eg har sete med komplekse data. Det har vore mykje pirkearbeid! Som for mange andre vart pandemien ein ekstra stein til børa, det var godt å kunna koma attende til kontoret og eta lunsj med og drøfta idear med andre.

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette?

— Nei, eg har ikkje angra, det har vore overkommeleg. Og eg leverte til normert tid, sjølv om det har teke noko tid frå innlevering til disputas.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg leverte avhandlinga i april, og allereie 1. mai byrja eg i ei postdoktorstilling i Helse Bergen. Her skal eg sjå på dei same kjeldene, men kopla dei til ulike register for å sjå på mellom anna auka fare for trygd og dødelegheit.

Powered by Labrador CMS