Min doktorgrad

Elisabeth Rødland tok snøprøvar ved to ringvegar og to europavegar i Oslo-området. Biletet er samansett, men kor fort bilane køyrer, har noko å seia for kor mykje mikroplast som vert att etter dei.
Elisabeth Rødland tok snøprøvar ved to ringvegar og to europavegar i Oslo-området. Biletet er samansett, men kor fort bilane køyrer, har noko å seia for kor mykje mikroplast som vert att etter dei.

Når farten går opp, aukar mengda mikroplast

Masteroppgåva handla om spermkval. Men biolog Elisabeth Rødland har skrive doktorgrad om mikroplast og biltrafikk.

Publisert

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. Ei av dei som har disputert så langt i år, er Elisabeth Rødland.

— Kvifor valde du det emnet du gjorde?

— Eg jobba i Statens vegvesen i sju år. Mot slutten av denne perioden innsåg eg at eg hadde lyst til å forska. Me hadde ein del problemstillingar me trengde svar på, mellom anna mikroplast på veg. Då vart det sett i gang eit doktorgradsprosjekt, finansiert av Vegvesenet, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet og Norsk institutt for vannforsking (Niva).

Fakta

Elisabeth Rødland

Elisabeth Rødland
  • Er forskar ved Niva
  • Har levert avhandlinga
    « Microplastic particles from roads and traffic – occurrence and concentrations in the environment»
  • Disputerte ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet 25.august.
  • 35 år

— Kan du i korte trekk seia noko om forskingsprosjektet?

— Formålet var å få opp kunnskapen om mikroplast frå veg. Ein veit at partiklar frå bildekk og asfalt inneheld mikroplast, og har definert at bildekk er den største kjelda. Men me hadde ikkje konkrete målingar frå ulike typar veg her i Noreg og lite kunnskap frå andre land.

Undervegs viste det seg at det var behov for å forbetra metodane for å måla mikroplast frå veg, slik at prosjektet først og fremst vart ei analytisk metodeutvikling.

— I tillegg til å gjera målingar frå snø og vatn frå tunnel, testa me om det er mikroplast i vegsalt.

— Kva kom du fram til?

— Det er fire resultat:

1) Det er mikroplast i vegsalt, men veldig lite samanlikna med mengdene i asfalt og bildekk.

2) Me har fått ein forbetra analysemetode. Det viser seg at når ein bryt dei ned, er mikroplastpartiklane frå bildekk og asfalt like, så me måtte forbetra metodane.

3) Det vart gjort målingar i snø langs tre ulike vegar: Ring 2 og Ring 3 i Oslo, og to europavegar. Ein finn at det er store skilnader i mengde plast, og det er meir mikroplast jo høgare fartsgrensa er. Samstundes er det eit veldig komplekst bilete, og talet på bilar i døgeret og type veg har òg mykje å seia.

4) Målingar gjort i tunnel viser at mesteparten av mikroplasten samlar seg mot tunnelvegane. Det er altså viktig å få gjort godt reint her.

Eg har master i marinbiologi, og skreiv masteroppgåve om spermkval.

Elisabeth Rødland

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, det gjorde eg, eg leverte faktisk dagen før eg skulle.

— Kva har vore mest utfordrande undervegs?

— Det er mykje nytt ein skal læra seg. Eg har master i marinbiologi, og skreiv masteroppgåve om spermkval. Eg har mellom anna ingen bakgrunn frå kjemi.

— Har du angra?

— Nei, eg har aldri angra.

— Kva skal du bruka doktorgraden til?

— Eg fekk tilbod om å verta verande hos Niva, og det tilbodet takka eg ja til. No er eg i gang med eit nytt tilvære som forskar, og held fram der eg slapp.

Powered by Labrador CMS