Min doktorgrad

Allereie i januar i år fekk Dag Ove Granås Hovdal fast stilling som førsteamanuensis, og bur og jobbar no i Stavanger. I november disputerte han ved Universitetet i Agder.

Ville bidra med kunnskap til praksisfeltet

Dag Ove Granås Hovdal har sjølv jobba som kroppsøvingslærar. Då han skulle skriva avhandling ville han utforska om det fanst betre måtar å undervisa på.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg har sjølv jobba som kroppsøvingslærar, i eitt år på vidaregåande skule og som vikar i barne- og ungdomsskule, og eg ville finna ut meir om kva som faktisk skjer i kroppsøvingsfaget. Sjølv om eg prøvde ut teori i praksis visste eg ikkje kva kvar enkelt elev sat att med, og om det var betre måtar å undervisa på. Så eg ville skriva ei avhandling som kunne bidra med kunnskap inn til praksisfeltet.

Fakta

Dag Ove Granås Hovdal (33)

  • Har levert avhandlinga «Students’ experiences and learning in physical education»
  • Disputerte ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap ved Universitetet i Agder 15. november

— Kan du kort presentera prosjektet?

— Eg såg på elevane sine røynsler og læring i ulike situasjonar av kroppsøvingsfaget og diskuterte deretter alternative måtar læraren kunne undervisa på. Eg var òg oppteken av korleis elevane kunne bruka det dei lærte i kroppsøvingsfaget elles i livet. Eg samla inn data frå 8. og 9. trinn på to ungdomsskular, både intervju, observasjon og skriftlege narrativ, og såg på tre situasjonar: Situasjonar med forstyrring og uro, situasjonar der det gjekk føre seg sosial inkludering eller ekskludering og ulike måtar konkurransar vart tilrettelagde på. Eg såg på både kva det var som skjedde i desse situasjonane og på korleis det påverka elevane.

— Kva konkluderer du med?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Ikkje uventa har elevane med seg ulike røynsler frå dei ulike situasjonane. Eg fann mellom anna ut korleis konkurranse vart brukt som motivasjon for å skapa fysisk aktivitet og korleis konkurranse vart lagt til rette for å skapa læring. Når det gjeld situasjonar der undervisninga vert forstyrra kom eg med forslag til korleis lærarar kan bruka slike situasjonar til å skapa læring hos elevane. Forstyrringa kan både koma fordi det er ventetid, eller det kan vera tull i ein pause som elevane så dreg med seg inn i undervisninga. I ein kroppsøvingstime er det lett for at læraren ikkje har overblikk, og det kan vera vanskeleg å ha eit felles mål. Elevane ser kva andre gjer, og det kan vera lett å henga seg på. Eg fann òg at elevane ikkje verka å læra sosial inkludering i samband med lagaktivitetane.

— Kva har vore mest krevjande undervegs?

— Eg hadde fått gjort alt feltarbeidet før pandemien, og med heimekontor fekk eg kutta ein times reiseveg. Det mest krevjande har vore at eg ikkje valde å bruka ein teori som påverka kva eg såg etter, slik at eg heller kunne ta utgangspunkt i kva som faktisk skjedde i timane og kva elevane erfarte at var viktige situasjon for dei. Så eg har jobba mykje med rettferdiggjering av metodane og analysen av funna mine.

Eg ville skriva ei avhandling som kunne bidra med kunnskap inn til praksisfeltet.

Dag Ove Granås Hovdal

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, eg hadde fire år inkludert undervisning, og i tillegg hadde eg foreldrepermisjon på slutten av perioden.

— Kva skal du bruka avhandlinga til?

— Etter at eg hadde levert avhandlinga fekk eg fast jobb ved Universitetet i Stavanger og flytta dit. No er eg førsteamanuensis og brukar forskinga mi i undervisning av lærarstudentar.

Powered by Labrador CMS