Inviterer «komisk» professor til kaffi

— Hysteriet om trusselen mot ytringsfridomen er større enn trusselen mot ytringsfridomen

Det er ein myte at ytringsfridomen er under press i akademia, meiner doktorgradsstipendiat Tellef Solbakk Raabe.

Cambridge-stipendiat Tellef Solbakk Raabe, for tida koronafast i Bergen, hamrar laus mot det han meiner er ein oppblåst og overdriven frykt for avslysingskultur , identitetspolitikk og krav om avkolonisering i norsk akademia. — Det er ute av proporsjonar, seier Raabe.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta

Debatt om ytringsfridom

  • Ei rad saker har ført til diskusjon om ytringsfridom og akademisk fridom ved norske universitet- og høgskular. Eit fellestrekk med fleire av sakne er at dei bygger på eller er knytt til påstandar om rasisme, institusjonell/strukturell rasisme eller krenkande åtferd.
  • På Kunsthøgskolen i Oslo gjekk rektor av etter ein lengre strid. Ved Universitetet i Bergen har ein professor fått lønnsopprykk etter ein opprivande strid med ein student om den såkalla «tyskervitsen». På NTNU har førsteamanuensis Øyvind Eikrem blitt sett under gransking for påstandar om å ha stått bak anonyme Facebook-profilar med rasistisk innhald.
  • Aksjonar for å fjerne statuen av Ludvig Holberg og Winston Churchill i Oslo, og ein benk til minne om botanikaren Carl von Linné, har fått fleire akademikarar til å reagere.
  • Sentralt i diskusjonen står omstridde omgrep som identitetspolitikk, avlysingskultur (cancel culture) og avkolonisering. Omgrepa har lenge vore i omløp eit langt meir polarisert debattklima enn det norske, særleg ved amerikanske utdanningsinstitusjonar.

Han boblar opp på Twitter og i debattinnlegg her og der, den framstormande mediesosiologen og doktorgradsstipendiaten ved Universitetet i Cambridge, Tellef Solbakk Raabe.

Raabe, for tida koronafast gjesteforskar ved Universitetet i Bergen og på heimekontor på Møhlenpris (der han i nokre år hadde bistilling som popartist), har fått nok.

Nok av konfliktjagande media, spesielt Khrono, Forskerforum og Morgenbladet. Nok av det han meiner er å spinne myten om fare for amerikanske tilstandar, om at ytringsfridomen er under press ved universitet og høgskular.

Nok av spesielt eín professor, som Raabe omtalar som «mannen bak 'ytringsfriheten er truet'», og som vi skal komme tilbake til.

— Det blir nærast parodisk at ein som er professor, har stillingsvern, makt og påverknad skulle føle seg trua. Hysteriet om at ytringsfridomen er trua er eit større problem enn at ytringsfridomen er trua, seier stipendiaten til Khrono.

Raabe seier han gjerne inviterer «mannen bak 'ytringsfriheten er truet'» på kaffi, for polarisering er ikkje Raabes metode.

— Konstruert myte

Det er for mange ein relativt fersk terminologi som svirrar på norske universitet og høgskular om dagen. Strukturell rasisme, avkolonisering, identitetspolitikk, krenkekultur, kansellering og avlysingskultur.

Avlysingskulturen, cancel culture, som det heiter på amerikansk, går ut på å avskilte, boikotte og fjerne meiningar og menneske som ikkje blir sett som akseptable, eller som krenkande. Men avslysingskulturen eksisterer eigentleg ikkje, hevdar Raabe:

— Dette er ein politisk konstruert myte i forlenginga av omgrepet «politisk korrekt», ein retorisk strategi funne opp av amerikansk høgreside for å sverte motstandarar.

Ikkje det at Raabe ikkje har fått med seg at det finst døme på folk som faktisk blir fråtekne posisjonar etter å ha sagt ting som er trygt innanfor ytringsfridomens grenser, slik Forskerforum sette fokus på nyleg. Men han meiner eksempla er forsvinnande få, altfor få til å kunne snakke om ein kultur, eller eit reelt problem. Han er på linje med professor og kjønnsforskar ved UiB, Randi Gressgård, som i Forskerforum sa det same, avlysingskulturen er dikta opp av amerikansk, politisk høgreside. Ho meinte «seriøse» undersøkingar viser at ytringsrommet tvert imot er blitt utvida i akademia.

Raabe forsikarar at han sjølv ikkje kjem til å slutte opp om om å fjerne statuar av Ludvig Holberg eller «kansellere» nokon som helst, men støttar justering av innhald på informasjonsplakettar og liknande.

— Poenget er at ytringsfridomen ikkje er i fare, ikkje generelt, og ikkje i akademia. Bekymringa er ute av proporsjonar. I Kina og Saudi-Arabia er det mangel på ytringsfridom, ikkje i Noreg, og ikkje USA eller Storbritannia.

Men i media trillar altså historiene likevel fram i ein jamn straum, også her i Noreg. Om tyskervitsar, om Linné-benk, krenkande Holberg-statuer, og ein førsteamanuensis på NTNU som mellom anna blir refsa for å ytre seg i uklarerte, for ikkje å seie uklare, kanalar.

— Media unngår mange nyansar og må ta sin del av ansvaret for å drive opp konfliktnivået, seier Raabe.

«Hvithet » og strukturell rasisme

Seinast for nokre dagar sidan var historieprofessoren Øystein Sørensen frampå i Khrono og Forskerforum om faresignal for ytringsrommet i norsk akademia. Han viste spesielt til den såkalla tyskervitssaka og til striden om førsteamanuensis Øyvind Eikrem som er under gransking ved NTNU for påstått rasistiske ytringar på falsk Facebook-profil, og har fått smekk for å uttale seg til den høgreradikale nettstaden Resett.

På friluftsstudiet i Bø i Telemark vil studentar ta opp «den latente strukturelle rasismen i pensum ved friluftslivstudiet».

Kunsthøgskolen i Oslo har det vore opprop for anti-rasistisk opplæring på pensum fordi «Hvithet er et ideologisk, normativt standpunkt», med skadeeffektar for minoritetsstudentar.

Kritikarane seier dette liknar politisering og utgjer ein fare for grunnsteinar i både den akademiske fridomen og det liberale demokratiet, ein fare for at ideologi og indoktrinering skal erstatte fri og fryktlaus meiningsbryting.

Raabe vil heller punktere nokre av dei «store sakene» som media pumpar opp, når vi har han på tråden frå heimekontoret.

I tur og orden, først Eikrem-saka.

— Ikkje farleg med kritisk teori

— I media heiter det at han blei «kalla inn på teppet», men i realiteten handla det om ein samtale med næraste leiar. Når ein fast tilsett forskar med stillingsvern uttalar seg om noko han ikkje forskar på til ein partisk blogg som ikkje får medlemsskap i Redaktørforeningen fordi den ikkje forheld seg til ordinær journalistisk praksis, må han forvente å bli møtt med kritikk. Men det er ingenting som tilseier at ytringsfridomen blir avgrensa her, seier Raabe, og viser mellom anna til at Eikrem fekk støtte frå rektor og dekan ved NTNU.

Carl von Linné- benken i Botanisk hage i Oslo, som vart skyteskive for bydelspolitikarar og andre som syntest det var upassande med ein benk til ære for botanikkens far, som også er blitt kalla «den vitskapelege rasismens» far:

— Dette var jo eit forslag om å legge ein tilleggstekst til plaketten på benken. Det er eit faktum at Linné kategoriserte menneske på avskyelege måtar, det reduserer ikkje bidraget hans til botanikken. Her er det blitt frykteleg mykje dramatikk for det som ikkje er noko angrep på vitskapen, men ein heilt legitim diskusjon som handlar om å tilføre kontekst.

Strukturell rasisme grip inn i alle delar av samfunnet, meiner Tellef Raabe. — Forhåpentleg kan universiteta i framtida, om ein akademisk generasjon, bli ein betre stad for minoritetar, seier han.

Kunsthøgskolen i Oslo, der frontane er harde om dagen, etter opprop om rasisme og påfølgjande skuldingar om utestenging, eller kansellering, om du vil:

— Dette har utgangspunkt i eit heilt legitimt innspel frå studentar om eit kunstverk av Vanessa Beecroft. Beecroft sjølv har jo sagt at dette er heilt i orden, at verket kan vere støytande og at det kanskje er i orden å ta det ned. Det er nødvendig å ta denne problematikken på alvor. Det er heller ikkje farleg å ha eit element av kritisk teori på pensum.

Tyskervitssaka:

— Den handla ikkje om ytringsfridom, er Raabes tolking, vel vitande om at det var nettopp ytringsfridomen som stod på spel, ifølgje professoren som stod bak vitsen.

— Dette var ei intern varslingssak som omhandla ein student som følte seg mobba og uthengd framfor heile kullet. Fleire medstudentar har også klaga på professor Larsen, og berre dei kan kjenne nyansane i saka. Dette handlar om læringsmiljø. Her fortener media, særleg Khrono, kritikk for å konstruere ein offentleg konflikt.

Punktum.

Statuedebatt: — Faktaorientert

— Kva med Kunstakademiet i København, der «Anonyme billedkunstnere» og ein instituttleiar nyleg skrudde laust eit kunstverk frå 1700-talet og kasta det i hamnebassenget?

— Eg er einig i at dette er vandalisme, og vandalisme er ikkje greitt. Derfor måtte jo instituttleiaren gå på dagen. Derimot er eg heilt for ein diskusjon om endring av gatenamn for eksempel. Eg støttar opprop som går inn for å bytte ut plakettar som einsidig eller ukritisk hyller enkelte historiske personar. Eg vil òg støtte å flytte statuar på museum og bytte dei ut med andre som utvidar mangfaldet.

— Er det ikkje ein fare for at vi apar etter og importerer diskusjonar frå land der dei kanskje har ein heilt annan relevans enn her i Noreg?

— Når det gjeld debatten rundt Holberg og Churchill, oppfatta eg den som faktaorientert og slett ikkje uttrykk for nokon irrasjonell kulturkrig. Statuene står jo der. Eg er veldig lite bekymra for at vi importerer usaklege diskusjonar.

I sommar publiserte ei rad storleikar frå akademia og kulturliv eit opprop i Harper's Magazine, blant dei forfattaren Salman Rushdie, den feministiske pioneren Gloria Steinem og professoren Noam Chomsky. Der åtvara dei mot «ein intoleranse mot andre meiningar, ein aksept for gapestokk og utfrysing, og ein tendens til å forenkle komplekse saker med blind, moralsk skråsikkerheit».

Heller ikkje dette vekker Raabes sympati.

— Eg er kritisk til dette oppropet, igjen handlar det om proporsjonar. Dersom ein samfunnsdebattant blir møtt med hets, ja, så er det kjipt for samfunnsdebatten, seier Raabe, som vil trekke fram J.K. Rowling, forfattaren bak Harry Potter-bøkene og ein av underskrivarane på oppropet i Harper's.

Rowling vart i 2019 stempla som transfob av aktivistar etter å ha uttrykt støtte til ein transkjønn-kritisk forskar på Twitter.

— Når J.K. Rowling av mange blir oppfatta som transfob, må det sjåast i forhold til maktposisjonen hennar. Relativt få kritiserer henne, i forhold til dei millionane som fortsatt elskar bøkene hennar. Ein må sjå på skalaen i dette. At kritikken mot Rowling er problematisk for ytringsfridomen er eit narrativ eg ikkje kjøper. Eg er mykje meir bekymra for at ytringsrommet til minoritetar blir innskrenka, grunna hets og sjikane i sosiale media.

— Er rasisme, eller strukturell rasisme, eit problem i akademia?

— Strukturell rasisme grip inn i alle delar av samfunnet. Graden av representasjon i norsk akademia vitnar om at det er fleire minoritetsperspektiv som ikkje får tilstrekkeleg plass. Men eg opplever at det særleg innan samfunnsvitskap og humaniora i stor grad finst progressive folk som er opptekne av denne problematikken. Forhåpentleg kan universiteta i framtida, om ein akademisk generasjon, bli ein betre stad for minoritetar.

Så skal vi endeleg til Raabes primære skyteskive, «mannen bak 'ytringsfriheten er truet'».

— Komiske Gundersen

Han er biologiprofessor ved Universitetet i Oslo og heiter Kristian Gundersen og har i mange høve stilt seg rasande kritisk til heile bunten av omgrep, eller fenomen. Avkolonisering, kanselleringskultur, identitetspolitikk.

Ifølgje Raabe er Gundersen ein slags arketypisk representant for dei priveligerte professorane som målar fanden på universitetsveggene.

— Raabe representerer ein ytringsfridomsrelativisme som ser ut til å ville avgrense ytringsfridomen når det dukkar opp ting han er ueinig i, seier Kristian Gundersen.

Den siste tida er det tampongar det har handla om, etter at Gundersen gjekk ut mot eit innlegg i VG frå samfunnsebattanten og journalisten Isra Zariat. Ho kritiserte tampongprodusentane for å oppretthalde myten om jomfruhinna, og slik bidra til potensielt alvorlege konsekvensar for jenter i enkelte innvandrarmiljø.

Gundersen rykte ut på Twitter med eit «helledussen», med skuldingar om sitatfusk «avskyeleg debatteknikk» og eit «fy» mot VGs debattredaksjon. Raabe kasta seg på Twitter-tråden, med kritikk til Gundersen og forsvar for Zariat, som han utdjupar til Khrono:

— Det som er komisk, er at Kristian Gundersen ikkje ser forskjell på kritikk, og det han skildrar som kanselleringskultur og no platforming. Isra Zariat skreiv eit godt debattinnlegg, Gundersen svarer med å kritisere VG for å gi henne ei plattform. Men når han gjer dette, er det plutseleg ikkje no platforming, berre legitim kritikk. Kort sagt, når han og meiningsfellane hans møter kritikk i sosiale media, ser han på det som innskrenking av ytringsfridomen. Men når han direkte prøver å innskrenke ytringsrommet til nokon, som i dette tilfellet er ein ung kvinneleg samfunnsdebattant med minoritetsbakgrunn, då er det legitim kritikk. Det er rart at Gundersen ikkje ser ironien, eller det asymmetriske maktforholdet. Måten Gundersen heile tida rykker ut og skal forsvare ytringsfridomen på er tåpeleg. Også eg vil forsvare ytringsfridomen til min død, men det betyr ikkje at eg skal gå fri frå kritikk. Det bør heller ikkje ein professor og ein mektig aktør i den norske ålmenta gjere.

Sånn, då var den salva fyrt av.

Dette fører sjølvsagt til at Khrono blir nøydd til å ringe Gundersen for eit tilsvar.

— Relativistiske Raabe

Dette er Gundersens salve:

— Når eg kritiserer innlegget til Zariat, har det ikkje noko med kanselleringskultur eller ytringsfridomsdebatt å gjere. Eg har kritisert ein journalist (Zariat, red.merkn.) som har gått høgt på banen, som sjølv har brukt uttrykket «avskyeleg» om vanleg norsk språkbruk. Det kan jo ikkje vere slik at ein skal behandle unge innvandrarkvinner annleis enn andre samfunnsdebattantar, det ville vere både minoritets- alders- og kjønnsdiskriminerande. Og dette oppfattar eg som heilt vanleg samfunnsdebatt. Det har ingenting med innskrenking av ytringsfridom å gjere, Raabe blandar korta. Når professorar blir kalla inn på teppet av sine arbeidsgivarar for tyskervitsar eller andre ytringar, er det derimot ei innskrenking. Eg synest ikkje vi treng så mange eksempel på at folk mistar jobben eller blir fråteken all ære etter aksjonar, før det er alvorleg. Har du først nokre få slike saker kan det ha ein enorm nedkjølingseffekt for ytringsklimaet og rommet for å ytre andre ting enn aksjonistiske miljø tolererer. Raabe representerer ein ytringsfridomsrelativisme som ser ut til å ville avgrense ytringsfridomen når det dukkar opp ting han er ueinig i, rett og slett. Eg meiner ein bør fokusere på argumenta, ikkje kven ein er i samfunnsdebatten.

Sånn.

— Kva med kaffi, er du klar for å ta imot invitasjonen frå «ytringsfridomsrelativisten»?

— Ja, det er heilt i mi ånd! svarar Gundersen.

— Gjerne med ein skvett mjølk i.

Powered by Labrador CMS