Ytringsfridom
Spansk støtte til Harper’s-opprop for open debatt
Innlegget frå ei rad prominente forfattarar og akademikarar i det amerikanske tidsskriftet Harper’s, mot strupinga av det offentlege ordskiftet, får støtte frå spanske kollegaer.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Om norske akademikarar vil hive seg på og starte underskriftkampanjar til støtte for oppropet i USA, står igjen å sjå.
No har i alle fall eit hundretals framståande spanske stemmer publisert ei støtteerklæring der dei uttrykker uro for sensur og den «perverse argumentasjonen som blir brukt for å stigmatisere menneske som verken driv kjønnsdiskriminering eller er framandfiendtlege», som det mellom anna heiter i brevet som er publisert i El Confidencial.
Ein av underskrivarane av det spanske innlegget er den opphavleg peruanske forfattaren Mario Vargas Llosa, som mottok Nobelprisen i litteratur i 2010.
Mot gapestokk
Det amerikanske tidsskriftet Harper’s Magazine publiserte 7. juli eit opprop som tok til motmæle mot det underskrivarane oppfattar som ein veksande intoleranse mot meiningsmangfald og eit undertrykkande debattklima. Oppropet var signert av 153 forfattarar, journalistar og akademikarar. Blant namna på lista var verdsberømte storleikar som forfattarane Salman Rushdie, Margaret Atwood og J.K. Rowling.
Frå universitetsverda signerte mellom andre Noam Chomsky, ein av verdas mest siterte forskarar, den framståande historikaren Nell Irvin Painter (som gjesta Bergen internasjonale litteraturfestival i fjor), Harvard-psykologen Steven Pinker og statsvitaren Francis Fukuyama. Også feminist-pioneren Gloria Steinem står på lista.
I oppropet «A Letter on Justice and Open Debate», som blei publisert 7. juli står det at «den frie utvekslinga av informasjon og idear, sjølve livsnerven i eit liberalt samfunn, blir dagleg snevra inn …». Dette er ikkje avgrensa til den ytste, politiske høgresida, ifølgje skrivarane. Tvert imot ser dei eit «intolerant klima» spreie seg frå alle kantar: «ein intoleranse mot andre meiningar, ein aksept for gapestokk og utfrysing, og ein tendens til å forenkle komplekse saker med blind, moralsk skråsikkerheit».
Reaksjonen på innlegget i Harper’s kom raskt, på Twitter, på måtar som lett kunne illustrere poenget.
«Elitisitisk»
Men motreaksjonen kom også i form av eit mot-opprop frå andre akademikarar og journalistar som stempla underskrivarane som ein komfortabel elite utan reell vilje til å sleppe undertrykte stemmer til. Under tittelen “A More Specific Letter on Justice and Open Debate”, står det mellom anna at Harper’s-oppropet er uttrykk for ein «sta motstand mot å gi slepp på elitismen som fortsatt gjennomsyrer media, ein uvilje mot å demontere eit system som sørger for å halde folk som dei innanfor og resten av oss utanfor».
Blant dei som signerte mot-oppropet var debattredaktør i Washington Post, Karen Attiah og historikaren Kerri Greenidge, som først signerte Harper’s-oppropet for så å trekke seg. Fleire signerte anonymt.
Det liberale tidsskriftet Harper’s blir karakterisert som ei pengesterk plattform «for i hovudsak kvite ciskjønna (som identifiserer seg med sitt biologiske kjønn, red.merkn.)».
Det er det krasse motsvaret på oppmodinga om ein fri og open debatt som har fått spanske intellektuelle til å samle seg for å seie tydeleg frå kva dei tenker om saka.
Kritiserer konformitet
«Vi vil gjere det klart at vi er del av rørslene som kjempar, ikkje berre i USA, men globalt, mot samfunnets ‘svøper’, som kjønnsdiskriminering, rasisme og forakt for innvandrarar», opnar innlegget.
Med dette slått fast kjem innlegget deretter med skarp kritikk mot såkalla kanselleringskultur, boikott og sensur retta mot annleis tenkande og synspukt som ikke blir sett på som stovereine.
Underskrivarane uttrykker sterk uro for korleis delar av venstresida har tatt på seg eit «moralsk overherredømme» prega av «ideologisk konformitet» som berre er eigna til å ««å forsterke konservative og nasjonalpopulistiske straumdrag … ».
«... ein open debattkultur er ikkje skadeleg for vanskelegstilte, sosial grupper: tvert imot, vi meiner det er frigjerande, og at sensur, uansett kor velmeint den kan verke, er kontra-produktiv», heiter det i innlegget.
Nyeste artikler
Audun Øfsti (1938 - 2024)
Forskjellen må utgjøre en forskjell
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024