Kunsthøgskulen i Oslo

Uro om akademisk fridom: — Virkar som at leiinga skal installere ein «riktig» tanke­­gang

Fem studentar er uroa for den akademiske fridomen ved Kunsthøgskulen i Oslo. Skal ikkje gjere skulen meir konformistisk, svarer rektor.

F.v. Studentane Magnus Vanebo, Vebjørn Pedersen, Andrea Veiden og Iris April Andresen har saman med Elias Kallestein sett det naudsynt å rope varsku om utviklinga ved Kunsthøgskulen i Oslo.
F.v. Studentane Magnus Vanebo, Vebjørn Pedersen, Andrea Veiden og Iris April Andresen har saman med Elias Kallestein sett det naudsynt å rope varsku om utviklinga ved Kunsthøgskulen i Oslo.
Publisert

«Vi er studenter ved KHiO fordi vi vil lære fag, ikke fordi vi vil ha obligatorisk indoktrinering, slik ledelsen nå legger opp til.»

Slik rundar fem studentar ved Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO) av ein kraftsalve mot leiinga i eit debattinnlegg i Morgenbladet søndag.

Dei kommenterer ei opa brevveksling som har gått føre seg mellom stipendiatar, studentar og rektor Måns Anders Wrange i sommar (der delar er publisert i magasinet Subjekt). Dei kritiserer det dei opplever som eit nytt «regime» leiinga har planar om å innføre ved høgskulen denne hausten.

«Vi vil ha kunnskap, ikke ideologi. Kvalitet, ikke politikk. Perspektiver, takhøyde og redelighet, ikke indoktrinering», skriv dei og meiner identitetspolitikk er i ferd med å true den akademiske fridomen ved høgskulen.

— Det virkar som at dei skal installere ein i deira auge «riktig» tankegang, seier ein av studentane til Khrono.

Meiner kunstverk er rasistisk

Det er eit kunstverk av Vanessa Beecroft som heng i eit fellesareal på KHiO som starta den opne brevvekslinga. 12 stipendiatar skreiv i slutten av juni eit brev til leiinga der dei plukkar opp kritikken rundt verket, som fleire har opplevd både rasistisk og sexistisk.

Dei 12 oppmodar høgskulen til å opprette eit offentleg forum «for å diskutere eventuelle temaer som dukker opp rundt spørsmål om rasisme, sexisme, forskjeller, inkludering, maktmisbruk, og alle de ismene vi står overfor i akademiet og vårt sosialkulturelle politiske samfunn».

I sitt svar til stipendiatane, skriv rektor Wrange at han finn verket problematisk og ønskjer å flytte det, men først etter ein open debatt om kvifor.

Fleire meiner Vanessa Beecroft sitt verk, «vb.48 721», er rasistisk og sexistisk. Det heng i eit fellesareal ved Kunsthøgskulen i Oslo, og er produsert av Kunst i offentlege rom (Koro).
Fleire meiner Vanessa Beecroft sitt verk, «vb.48 721», er rasistisk og sexistisk. Det heng i eit fellesareal ved Kunsthøgskulen i Oslo, og er produsert av Kunst i offentlege rom (Koro).

Får også kritikk for å gjere for lite

Nokre dagar seinare, i starten av juli, blir eit nytt ope brev sendt til leiinga. Seks studentar med eit opprop med rundt 130 signaturar, går hardt ut mot høgskule-leiinga for ikkje å agere i lys av Black Lives Matter-rørsla og kampen mot rasisme.

Dei kjem med ei lengre kravliste, blant anna BIPOC-representasjon (Black, Indigenous and People of Colour) blant tilsette, studentar, avdelingar og grupper. Dei vil også innføre obligatorisk antirasistisk opplæring for tilsette og studentar.

Rektor Wrange svarer på ny og skriv at han erkjenner at det går føre seg diskriminering ved skulen: «Alla på KHiO som inte gör sig skyldig til någon typ av exkludering kan sträcka upp sin hand», skriv han i brevet.

Han skriv vidare at han i vår hadde planar om å lansere ein treårig handlingsplan for mangfald, inkludering og antidiskriminering, men at koronapandemien sette ein stoppar for det.

Handlingsplanen adresserer fleire av krava som dei seks studentane nemnde i brevet. Men studentane bak oppropet meiner likevel at leiinga handlar for seint og gjer for lite.

På lista til rektor står innføring av «kontinuerlig internopplæring for ansatte og kurs for førsteårsstudenter i normkritikk, etikk, kjønnsbevisst og dekoloniseret pedagogikk, studentrettigheter, trakasseringsloven og hva som er definert som uakseptabel oppførsel, diskriminering, krenkende særbehandling, maktmisbruk, hersketeknikker, mobbing, uønsket seksuell oppmerksomhet og seksuell trakassering», skriv rektor Wrange i sitt svar på oppropet.

Kjenner seg ikkje att

Det siste svaret frå rektor har gjort studentane Vebjørn Pedersen, Magnus Vanebo, Andrea Veiden, Iris April Andresen og Elias Kallestein urolege.

I debattinnlegget i Morgenbladet oppmodar dei KHiO til å sanse seg før aktivisme og identitetspolitikk erstattar undervisninga.

Dei opplever at brevvekslinga ber preg av karakteristikkar og store ord, men ingen konkrete eksempel på at det går føre seg diskriminering eller strukturell rasisme ved høgskulen.

Dei kjenner seg ikkje att i den verklegheitsbeskrivinga som blir skissert.

— Det er berre påstandar og ikkje handfaste bevis som tilseier at ein slik handlingsplan (som rektor vil lansere i haust, journ. anm.) er naudsynt, seier Vebjørn Pedersen til Khrono.

Dei fem meiner det er slåande at leiinga vel å bruke ressursane på ein slik handlingsplan, i staden for andre ting.

— Vi har ikkje teorifag som er direkte relaterte til kunst, som kunsthistorie, filosofi eller estetikk. Fag som ein kunne tenke er grunnleggande for ei kunstutdanning. Det er noko vi definitivt heller skulle sett at det vart brukt pengar på, seier Pedersen.

Dei fem studentane meiner at leiinga ved KHiO heller bør bruke pengar på å opprette fag som kunsthistorie og estetikk.
Dei fem studentane meiner at leiinga ved KHiO heller bør bruke pengar på å opprette fag som kunsthistorie og estetikk.

— Det blir tvinga fram ei politisk linse

Medan studentane bak oppropet meiner at KHiO må få emne som dekolonialisering, interseksjonell feminisme og kulturell «misappropriasjon» på pensum, meiner Pedersen og medforfatterane i Morgenbladet at dette alt er dekt i pensum.

— Det er ikkje problematisk at vi lærer om desse teoriane, men at ein ber om meir av dette, betyr berre meir av det vi allereie har på pensum. Vi skulle ønske det kunne vere meir av andre teoriar. Vi reagerer også på måten det blir presentert på, at det blir lagt fram som om det ikkje finst alternativ. Det blir tvinga fram ei politisk linse å sjå kunst på og vi meiner at kunst er mykje meir enn berre politisk, seier Pedersen.

Dei reagerer også på den planlagte internopplæringa som rektor tenker å innføre gjennom handlingsplanen.

— Det virkar som at dei skal installere ein i deira auge «riktig» tankegang. Det opplever vi er sterkt implisert i rektor sitt brev. Slik vi tolkar det vil det dermed bli feil å tenke kapitalistisk for eksempel, seier Pedersen.

Etterlyser meir meiningsmangfald

Det er mykje snakk om mangfald og at ein ønskjer det, men ikkje når det kjem til meiningsmangfald, fortel Pedersen.

— Skulen er ideologisk einsidig og det finst ikkje eit stort meiningsmangfald. Vi ønskjer at det skal vere takhøgd for å kunne ha diskusjonar med motstridande synspunkt, seier Pedersen.

Dei fem studentane meiner det er naudsynt å åtvare mot utviklinga ved høgskulen, spesielt mot det dei kallar eit regime som rektor tenker å innføre med den nye handlingsplanen.

— Vi føler at vi ikkje får den utdanninga vi hadde forventa. Vi blir servert ein einsidig ideologi som er «riktig» i deira auge og ei manglande kunstutdanning. KHiO er ein premissleverandør for kunstfeltet, og denne einsidigheita vil spreie seg vidare frå KHiO og ut i kulturfeltet, gjennom oss som er den neste generasjonen kunstaktørar. Vi ønskjer at det skal vere eit idémangfald i kulturfeltet, seier Pedersen.

Rektor Måns Anders Wrange meiner handlingsplanen hans ikkje skal føre til at skulen blir konformistisk.
Rektor Måns Anders Wrange meiner handlingsplanen hans ikkje skal føre til at skulen blir konformistisk.

Meiner det handlar om å følgje diskrimineringslova

Rektor Wrange meiner hans planar om internopplæring og introduksjonskurs i utgangspunktet handlar om å følgje likestillings- og diskrimineringslova.

— For det første meiner eg at antirasisme og arbeid mot andre typar diskriminering i prinsippet er ein føresetnad for å oppretthalde menneskerettane, som KHiO, som utdannings- og forskingsinstitusjon, er forplikta til å følge, skriv Wrange i ein e-post.

Khrono har spurt kva handlingsplanen hans inneber og korleis den vil prege utdanninga og forskinga ved KHiO. Wrange fortel at arbeidet med planen skal inkludere studentar og tilsette, spesielt dei som er utsette for strukturell diskriminering.

—- Det (arbeidet med anti-diskriminering, journ. anm.) må vere ein del av den kontinuerlege utviklinga av studieprogram som går føre seg ved KhiO sine avdelingar, samt i Kunsthøgskulen sine forskjellige prosessar frå rekruttering av studentar og tilsette til eksamen. Og eg vil understreke at det er gjort mykje på dette området av mange tilsette, men det er også naudsynt med ei heilheitleg tilnærming for at dette skal skje i alle verksemdene ved KHiO, skriv Wrange.

Han legg til at han meiner at dette arbeidet bør langsiktig prege undervisning og forsking ved KHiO på same måte som arbeidet for likestilling har prega sektoren dei seinare åra.

— Skal ikkje føre til at skulen blir konformistisk

Wrange meiner at dei fem studentane ikkje har grunn til å uroe seg over lanseringa av den nye handlingsplanen.

— Dette arbeidet skal sjølvsagt ikkje føre til at skulen blir konformistisk der studentar ikkje tør å ha ei motsett meining, tvert i mot, skriv Wrange. Han legg til:

— Kvart kurs eller forelesning må ikkje innehalde alle perspektiv og erfaringar, men det er eit problem dersom eit heilt studieprogram berre speglar av ei gruppe i samfunnet og ekskluderer andre.

— Studentane som har skrive i Morgenbladet, avsluttar med å skrive at dei oppmodar KHiO til å «besinne seg før aktivisme og identitetspolitikk erstatter undervisningen helt». Kva er din kommentar til dette?

— Forslaget til ein treårig handlingsplan som skal utarbeidast av eit utval med studentar og tilsette vil bli drøfta i detalj i skulen sine ulike demokratiske fora før den blir vedtatt av styret. Det er bra at denne diskusjonen kjem allereie no, men eg trur den kan vere litt meir konstruktiv og nyansert når det eit ferdig forslag ligg klart til å kritisere, svarer Wrange.