Min doktorgrad

Anne Randi Græsli (til høgre) saman med hovudrettleiar Alina Evans og stipendiat Alexandra Thiel på elgmerking.

Ho logga svenske elgar

Dyrlege Anne Randi Græsli ønskjer å framleis kunne kombinera kommunale dyrlegevakter og forsking.

— Kvifor vart det avhandling om akkurat dette emnet?

Fakta

Anne Randi Græsli (35)

  • Har levert avhandlinga «Ecophysiology of moose. Basic physiology and responses to stressors »
  • Disputerte ved Fakultet for anvendt økologi, landbruksfag og bioteknologi ved Høgskolen i Innlandet 9.desember 2022

— Eg er utdanna dyrlege, og skreiv masteroppgåva mi i samarbeid med dåverande Høgskolen i Hedmark. I den perioden var eg også med på feltarbeid. Så søkte eg eit doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Innlandet, der temaet var sett. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Sveriges landbruksuniversitet.

— Kva har du forska på?

— Eg har forska på elg. Me utstyrte 12 elgar i Nordmaling i Sverige med sensorar som målte kroppstemperatur og hjartefrekvens, og i tillegg vart elgane merka med GPS-sendarar. Målet var å sjå på korleis kroppstemperatur og hjartefrekvens varierte gjennom året og på korleis kroppstemperaturen vert påverka når elgkuene er drektige. Deretter brukte eg denne kunnskapen til å evaluera dei fysiologiske og åtferdsmessige reaksjonane før, under og etter to ulike typar menneskeleg aktivitet, nemleg laushundjakt og medikamentell immobilisering frå helikopter.

— Kva konkluderer du med?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Eg finn at både kroppstemperatur og hjartefrekvens varierte gjennom året. Drektige elgkyr hadde høgare kroppstemperatur enn ikkje-drektige, og eit fall i temperaturen var ein indikasjon på at kalving hadde skjedd. Eg finn òg at både kroppstemperatur og hjartefrekvens auka når elgane vart jakta på. Men dette ser elgane til å ta att ved å ha ekstra kviletid dagen etter. Eg finn ingen indikasjonar på at stress har noko å seia for om elgane overlever eller ikkje, eller for vekta deira.

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

—Eg var avhengig av data frå mange sensorar og avhengig av at alt verka, slik at eg fekk nok data til å konkludera statistisk. Elgane vart instrumenterte det første studieåret, medan dataa vart henta inn året etterpå ved remerking av elgane.

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, det gjorde eg, men eg fekk to barn i løpet av doktorgradsperioden.

Målet var å sjå på korleis kroppstemperatur og hjartefrekvens varierte gjennom året og på korleis kroppstemperaturen vert påverka når elgkuene er drektige.

Anne Randi Græsli

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette prosjektet?

— Nei, det har eg ikkje. Når ein får ei slik moglegheit må ein prøva — ein får ikkje ein slik sjanse igjen.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Høgskolen i Innlandet har eit prøveprosjekt der ein kan søkja om eit gjennomføringsstipend som vert gitt som ei forlenging av tilsetjingsperioden i opp til ni månader dersom ein leverer avhandling til normert tid. Det har eg no. Eg jobbar med ein artikkel som er under revisjon, rettleiar ein bachelorstudent som er ferdig til våren og i tillegg jobbar eg med søknader for midlar til vidare forsking. Medan eg har vore stipendiat har eg hatt kommunale dyrlegevakter kvar fjerde helg. Eg har lyst til å halda fram med det, men eg håpar òg det kjem ei moglegheit til å forska meir.

Powered by Labrador CMS