Min doktorgrad

Eg har nok i utgangspunktet hatt ein uforskamma lett stipendiatperiode, seier Siri Bernssen.

Ho skulle verta ingeniør, men mattebøkene skremde henne

Seksuelle krenkingar av barn er eit ubehageleg, men viktig emne, seier Siri Bernssen. Ho gjekk frå fagbrev til doktorgrad — utan at det eigentleg var planen. 

— Kan du kort skildra kva du har forska på?

— Eg har forska på korleis og kvifor seksuelle overgrep mot barn har gått frå å vera usynlege og uadresserte i norsk strafferett fram til 1800-talet, til no å verta sett på som eit av dei mest alvorlege brotsverka.

Fakta

Siri Elisabeth Bernssen

  • Har levert avhandlinga «Framveksten av eit strafferettsleg vern av barn mot seksuelle krenkingar i norsk rettshistorie»
  • Disputerte ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen 19. april 2024

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Seksuelle krenkingar av barn er eit alvorleg og dessverre veldig aktuelt tema, men det er av ulike grunnar forska og skrive lite om i rettsvitskapleg samanheng. Som ein av rettleiarane mine litt flåsete sa, er det eit tema mannlege professorar i 50-åra ikkje har teke i med tang. Det er eit ubehageleg og sensitivt emne, men viktig. Kunnskap om den rettshistoriske utviklinga kan bidra med perspektiv i aktuelle spørsmål, til dømes diskusjonen rundt å senka den seksuelle lågalderen.

— Korleis har du jobba med dette temaet?

— Avhandlinga er først og fremst ei lovhistorie. Eg har sett på fem revisjonar av seksualstrafferetten mellom 1814 og 1992, og korleis det strafferettslege vernet av barn mot overgrep vaks fram gjennom desse. I tillegg har eg sett på kva endringar som skjedde i samfunnet og kva aktørar som kom fram i offentlegheita. Eg med andre ord ikkje berre sett på korleis endringar skjedde, men òg kvifor.

— Betyr dette at ein ikkje straffa seksualbrotsverk før dette?

— Den første lovføresegna som eksplisitt regulerer seksuelle overgrep mot barn er frå 1842. Det er nokre få døme på rettssaker som var innom tematikken før den tid, men desse viser at ein var usikker på korleis ein skulle handtera slike brotsverk. Mellom anna meinte nokre at dei ordinære reglane om incest, som vart kalla blodskam, og valdtekt, berre gjaldt der begge partar var kjønnsmodne. I lova frå 1842 var det vidare berre samleie i snever forstand som var regulert i lova, men frå 1860-åra ser ein at Høgsterett likevel byrja å dømma andre typar overgrep, til dømes ulike seksuelle handlingar mot små barn. Frå 1902 vart straffelova utvida til òg å gjelde utuktig/seksuell omgang, handlingar og åtferd — dei same kategoriane som framleis vert nytta i dag.

Som ein av rettleiarane mine litt flåsete sa, er det eit tema mannlege professorar i 50-åra ikkje har teke i med tang.

Siri Bernssen

— Kva finn du?

— For det første finn eg at sjølv om lovføresegnene om seksuell overgrep mot barn har vore relativt like sidan 1902, har reglane vorte grunngitt svært ulikt. Medan moral og kollektive interesser lenge var avgjerande for seksualreguleringa, bygger seksualretten i dag på ein idé om seksuell autonomi, og ei heilt anna forståing for skadeverknader av eit overgrep. For det andre viser undersøkinga at seksualstrafferett ikkje er eit snevert juridisk tema. Utover på 1900-talet kom det ei rekke aktørar på bana i strafferettsdebatten, og mellom anna bidrog ei stadig sterkare kvinnerørsle til ein større diskusjon. Når ein no drøftar den seksuelle lågalderen ser ein at det ikkje er nok med berre god «juristargumentasjon», det er ulike aktørar i samfunnet som har sterke meiningar om dette frå ulike ståstader.

— Det er lett å tenkja at det er fleire overgrep mot barn no, med Internett. Men stemmer det?

— Dagleg bruk av internett kom etter den perioden eg har forska på. Men det som er klart, er at ein har fått ein heilt ny arena for seksuelle overgrep. Men eit spørsmål som er relevant òg i historisk samanheng, er kor vidt auke i overgrepssaker skuldast større reell førekomst eller meir merksemd om temaet. Dei første tiåra av 1900-talet finn ein til dømes at talet på overgrepssaker auka. Enkelte tolka dette som auka førekomst og meinte dette skuldast at straffene for seksuelle lovbrot vart sett ned i lova frå 1902. Andre meinte — truleg meir treffande — at auken heller skuldast at fleire tilfelle vart oppdaga og meldt grunna den store merksemda som var kring overgrep desse åra.

— Kva har vore mest krevjande med doktorgradsperioden?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Eg har nok i utgangspunktet hatt ein uforskamma lett stipendiatperiode. Eg har vore svært heldig og hatt to gode rettleiarar og eit solid og triveleg fagmiljø. Det som kanskje vart den største utfordringa, var då eg hadde kome eit stykke på veg. Materialet var stort, og eg syntest det var vanskeleg å få oversikt og vite korleis eg skulle gripe det heile an. I tillegg kom det jo ein pandemi, så eg kom meg ikkje på utveksling slik eg hadde tenkt.

— Du har levert ein monografi, på nynorsk?

— På juss skriv me framleis monografiar! Eg leverte mastergraden min på nynorsk, og sjølv om eg må innrømma at tanken om å bytte til bokmål slo meg i studietida, gjer rettshistorie seg rett og slett svært godt på nynorsk. Eg har jo også hatt nynorskbrukarane Jørn Øyrehagen Sunde og Jørn Jacobsen som rettleiarar. Då vart det i grunnen eit enkelt val.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, aldri. Det har vore kjempespanande. Eg ser at det skal lite til før ein stipendiatperiode kan verta krevjande, men tenker det først og fremst er eit stort privilegium å få bruka fire år på noko slikt. Det er ei moglegheit ein aldri får igjen. Eg hadde aldri tenkt at eg skulle ta doktorgrad. Eg tok tekniske allmennfag (TAF) på vidaregåande og har fagbrev som produksjonselektronikar. Planen var å studera ved NTNU og verta ingeniør, men eg tok litt skrekken då eg såg mattebøkene deira på engelsk … Så det vart juss. Vegen til doktorgrad byrja med at eg fekk spørsmål frå rettleiar Jørn Øyrehagen Sunde om eg kunne tenkja meg å utvida masteroppgåva mi til ei stor masteroppgåve på 60 studiepoeng, noko eg gjorde. Deretter kom spørsmålet «du vil ikkje ta ein doktorgrad, då?».

— Men når du no har fått doktorgrad, kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg har fått ei toårig stilling i sekretariatet til utvalet som skal granska utanlandsadopsjonar til Noreg. Oppgåva mi er å vera med på å granska systemet: Har ein hatt god nok kontroll, er det noko norske myndigheiter burde fanga opp? Det er veldig kjekt å merka at den rettshistoriske kompetansen frå avhandlingsarbeidet har ein direkte relevans. Men eg håpar å gå tilbake til akademia når eg er ferdig med dette arbeidet.

Powered by Labrador CMS