Min doktorgrad

Det var ikkje så viktig for Gunvor Launes personleg å få doktorgrad, men det var viktig for kollegaene hennar. Og ho ville ikkje vera ei som droppa ut.

Forska på om bergensarar og egder har nytte av same behandling

Hausten 2019 tok Gunvor Launes ei kommunelegestilling fordi ho tenkte ho då ville kunne ha tid til å fullføra doktoravhandlinga si. Det vart litt meir kommunalt arbeid enn ho hadde tenkt.

— Kva er det du har forska på?

— Eg har forska på effekten av det som vert kalla Bergen-4 Dagars Behandling for vaksne pasientar med tvangsliding (OCD).

— Du er vaksen og har jobba i mange år. Kva var det som gjorde at du ville ta doktorgrad no?

Fakta

Gunvor Launes

  • Har levert avhandlinga «Konsentrert Eksponeringsterapi for Voksne Pasienter med Tvangslidelse: Effekten av Bergen Fire-Dagers Behandling (B4DT)»
  • Disputerte ved Universitetet i Bergen 23. mai 2024

— Eg er vaksen, ja, eg er 64 år, og eg har jobba 25 år i spesialisthelsetenesta som psykiater. Mange trur at oppdraget til spesialisthelsetenesta er å behandla pasientar. Det er ein viktig del av oppdraget vårt, men me skal òg driva med opplæring av pasientar og pårørande; dei som kjem til oss skal få god opplæring i lidinga si og i det som finst av behandling. Og ikkje minst skal me læra opp nye medarbeidarar og driva med fagutvikling, evaluering og forsking. Ofte er det jo ikkje slik at leiarane kjem og masar om at ein må forska. Men eg har heile tida vore oppteken av at me må vita om det me leverer verkar. Då eg kom til Sørlandet sjukehus hadde ein ikkje noko tilbod til OCD-pasientar, men sjukehuset hadde derimot to klagesaker mot seg frå pasientar med denne lidinga. Så eg har jobba med denne pasientgruppa i mange år, og det at eg tok doktorgrad er på eit vis å oppsummera det faglege arbeidet mitt ved Sørlandet sjukehus saman med mange flotte kollegaer. Professor Gerd Kvale, som saman med professor Bjarne Hansen har utvikla firedagarsmodellen, sa til meg at «Gunvor, det er klart at du skal ha doktorgrad, det er ingen som kan så mykje om OCD som deg». Ho fekk det til å høyrast så lett ut! Hausten 2017 vart eg teken opp ved Universitetet i Bergen, og har sidan då brukt halve stillinga mi til å ta doktorgrad.

— Kva er det så som har vore prosjektet ditt?

— I 2012 vart det gjennomført ein liten casestudie i Bergen, med berre fem pasientar. Bergensmodellen, B4DT, er ein konsentrert måte å behandla pasientar med tvangsliding på, der behandlinga vert gjennomført i løpet av fire dagar. Eg var på ein konferanse i Assisi der førsteamanuensis Audun Havnen, som gjennomførte den første studien, presenterte denne. Han gjennomførte så ein studie med om lag tretti pasientar, med like gode resultat. Eg hadde etablert eit OCD-team ved Solvang DPS allereie i 2010. Der hadde me eit behandlingsopplegg som gjekk over 12 veker. Det me så ville sjå på, og som vart doktorgradsarbeidet mitt, var om det var mogleg å gjennomføra ein replikasjon av B4DT. Korleis er det dersom ein tek behandlingsopplegget frå Bergen ut frå teamet der, men gjennomfører det med nye terapeutar?

Gerd Kvale sa at «Gunvor, det er klart at du skal ha doktorgrad, det er ingen som kan så mykje om OCD som deg». Ho fekk det til å høyrast så lett ut.

Gunvor Launes

— Fungerte det?

— Absolutt. Det fungerte like godt, me fekk like gode resultat. Me gjennomførte òg to andre studiar. I den eine, som var ein nasjonal studie og ikkje ein del av avhandlinga mi, såg me på pasientar som hadde hatt tilbakefall. I den andre hadde me med totalt 48 pasientar. 16 av desse fekk B4DT-behandling, 16 skulle stå tre månader på venteliste og dei siste 16 fekk ei sjølvhjelpsbok. Dei to siste pasientgruppene fekk løfte om å få firedagsbehandling etter tre månader. Her òg fekk me gode resultat.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kor hemmande er OCD?

— På Verdas Helseorganisasjon si liste over hemmande sjukdommar finn ein OCD på topp 10. Dette er ei liding mange får før dei fyller 18 år, og som stel eit normalt liv. Mange med OCD klarar ikkje å stå i eit yrke, og dei vert difor ofte uføre dersom dei ikkje får behandling. Me møter òg mange fortvila pårørande. Sjekketrong og vasketrong er dei to vanlegaste undergruppene av OCD.

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Eg har ikkje hatt ekstern finansiering, så eg skulle bruka halve stillinga mi til forsking. Det mest utfordrande har vore å finna tid og rom til å få gjort det, eg var rett og slett for dårleg til å setja av tid.

— Vart du òg råka av pandemien?

— Det var ei ledig kommunelegestilling som eg søkte og fekk. Eg tenkte at eg skulle jobba mest administrativt, og at eg ville kunne gå heim til vanleg tid kvar ettermiddag. Så skulle eg skriva kappa til avhandlinga på kveldstid. Dette var hausten 2019, så ein kan seia at denne planen ikkje gjekk så bra. Men eg kom meg ut av denne stillinga etter ti månader, og eg kom i mål med avhandlinga til normert tid!

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Eg har vore ambivalent. Eg har sagt til meg sjølv at «kva skal du med dette, du er 64 år!». Så det å få doktorgrad har ikkje vore så forferdeleg viktig for meg, men det har vore viktig for teamet. Det er jo ikkje slik at eg har gjort dette arbeidet åleine, så å få landa avhandlinga var viktig for fleire enn meg. Og eg hadde heller ikkje lyst til å vera ei som droppa ut.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Den største skilnaden no er at fordi eg har doktorgrad, kan eg setja namnet mitt på nye søknader om forskingsmidlar. Me har allereie noko på gang. Planen er å jobba med prosjekt saman med yngre kollegaer — og stå i jobben endå nokre år. Eg har absolutt tenkt å vera med! Eg har fleire prosjekt eg har lyst til å gå i gang med, både når det handlar om fagutvikling og å studera om det me gjer verkar. Eg plar seia at eg no etter forskinga jobbar med SAU — smerte, angst og utmatting. Svært mange av dei som har slike lidingar hamnar først hos fastlegen, og får deretter stønad frå Nav fordi dei ramlar ut av arbeidslivet. Medisinsk uforklarte plager og symptom, kalla MUPS, er noko av det eg er interessert i å bidra til å utvikla betre hjelp for.

 

Powered by Labrador CMS