akademisk fridom

Vil verta flinkare til å støtta forskarane i krevjande saker

I staden for å tetta kunnskapshol, vågar ikkje forskarane å gå inn i krevjande tema, fryktar rektor Dag Rune Olsen.

Detaljstyring, som at det kjem øyremerka midlar til studieplassar innan eitt område, er utfordrande, seier UiT-rektor Dag Rune Olsen. Men det er likevel ikkje det som uroar han mest når det er snakk om akademisk fridom og akademisk ytringsfridom.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er uroa over at det offentlege ordskiftet skremmer mellom anna forskarar vekk frå den demokratiske debatten. Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT) er uroa over at nokre tema ikkje vert forska på.

FAKTA

Ekspertgruppen for akademisk ytringsfrihet

Ekspertgruppen skal levere sin rapport innen 1. mars 2022. Medlemmene av ekspertgruppen er:

  • Anine Kierulf (leder), førsteamanuensis UiO/spesialrådgiver Norges institusjon for menneskerettigheter
  • Gunnar Bovim, rådgiver, NTNU
  • Saira Basit, visedekan, Forsvarets høgskole
  • Sofie Høgestøl, førsteamanuensis, UiO
  • Magnus Dybdahl, fag- og forskningspolitisk ansvarlig, Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • Vidar Helgesen, direktør Nobelstiftelsen, Stockholm

Kilde: Kunnskapsdepartementet

— Innan medisinsk forsking finst det døme på at forskarar vert møtte av advokatar frå farmasøytisk industri, seier Olsen, som har vore både rektor, dekan og forskingsleiar i ei årrekkje.

No skal eit ekspertutval leia av Anine Kierulf sjå nærare på den akademiske ytringsfridommen og dei kåra den har. Kierulf sjølv har sagt at ho ser på finansiering som det største trugsmålet mot akademisk fridom. Olsen er samd i at finansiering er viktig, og understrekar at ein ikkje må verta avhengig av éi finansieringskjelde. Men han meiner det òg finst andre trugsmål.

— Både debattklima, politisk trykk og trakassering kan gjera at forskarar skuggar bana. I staden for å tetta hol, vågar ein ikkje å gå inn i einskilde tema, seier Olsen.

— Ein driv altså med sjølvsensur.

Løfta debatten vekk

Rektoren meiner at institusjonar og leiarar må koma meir på bana og støtta forskarar som står i stormen. Khrono har denne våren skrive mellom anna om ME-forsking og forsking på oppdrettsnæringa, der attendemeldingane kan vera krasse.

— Eg trur ikkje institusjonane har gjort nok for å støtta og hjelpa forskarane, både når saker vert store i media og når ein kan oppleva trakassering, seier Olsen.

— Bør ein konkret gå ut i media og støtta forskarar?

— Ja, det trur eg ein i nokre tilfelle bør. Ein må òg signalisera at ein ønskjer å støtta forskarar, og ein må gjera det praktisk, ved å løfta debatten vekk frå einskildforskarar.

— Eg vil understreka at universiteta må stå opp for forskarane sin fridom til å fremja kontroversielle og upopulære forskingsfunn, også overfor andre samfunnssektorar, skriv NTNU-rektor Anne Borg i ein e-post til Khrono.

Ho seier at dette er noko NTNU, som leiande teknologisk universitet, jamnleg står oppe i.

— Eg kan nemna energiforsking som eit aktuelt tema.

Også Borg meiner at leiarar i nokre tilfelle bør gå aktivt ut med støtte.

— Det kan vera ein god idé for ein leiar å i enkelte tilfelle gå ut offentleg og forsvara ein forskar som står i stormen. Den daglege støtten skjer ved å utvikla og styrka ien god organisasjonskultur der fagfeller støttar kvarandre i å ta del i det offentlege ordskiftet, seier rektoren.

Vidar Strømme er òg oppteken av å støtta forskarane. Strømme er advokat og påtroppande leiar for Noregs institusjon for menneskerettar.

— Eg håpar utvalet særleg vil sjå på korleis ytringsvernet i praksis skal verta styrka. Kva aktivitetsplikt har institusjonen når tilsette vert utsett for press, har Strømme tidlegare spurt om i Khrono.

KHiO-rektor: Vil kunne verta krenkt

Å verdsetja krafta i det argumentet som er betre, nemner Dag Rune Olsen som eit ideal. Han er oppteken av at debatt skal bidra til ei konstruktiv kunnskapsskaping.

Men samstundes er det mange saker i akademia der temperaturen vert høg - og der ytringsfridom og akademisk fridom er ein del av ein større bilete. NTNU har den mykje omtala Eikrem-saka, ved Universitetet i Bergen hadde ein i Olsen si tid som rektor tyskarvitssaka, og ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) var det steile studentfrontar i fjor haust. Den saka enda med at Måns Wrange gjekk av som rektor.

Ein kanselleringskultur, der ein avgrensar seg sjølv, uroar KHiO-rektor Markus Degerman.

— Den saka vart nok større i media enn ho var ved Kunsthøgskolen. Men me har no fått på plass eit utval for likestilling og mangfald, og me har eit nytt diskusjonsforum, som har diskutert fleire krevjande saker, seier rektor Markus Degerman.

Degerman er oppteken av at ytringsfridommen har nokre grenser, og at desse grensene òg gjeld i akademia. Men samstundes er han tydeleg på at ein vil kunne møta krevjande debattar.

— Ein må møta argument med motargument. Når ein går inn i eit akademisk rom er det eit rom der det skal vera stor takhøgd, seier Degerman.

Som sverige-finsk høyrer han sjølv til ein minoritet, og seier at han ikkje trur at ein tanke om at ein aldri skal kunne verta krenkt er vegen å gå.

— Kor vil sluttpunktet verta då? Men det er ingen lett diskusjon å ta, seier Degerman.

— Betyr dette at du er skeptisk til såkalla «safe spaces»?

— Safe spaces kan vera så mangt, som ei studentforeining. Og eg meiner at det er ulike reglar, det er ikkje sikkert det er i kantina ein skal verta møtt med kontroversielle angrep.

Akademisk fridom eller arbeidsmiljø?

Bør varslingsinstituttet brukast i akademia, spurde advokat Strømme i Khrono i helga.

— Akademia si rolle er mellom anna å diskutera fagleg usemje. Varslingsinstituttet er ikkje til for å hindra eller stoppa slike diskusjonar, seier NTNU-rektor Anne Borg.

Men ho seier det kan vera eit problem dersom ein i eit universitetshierarki opplever at leiinga på ulike nivå overprøver faglege konklusjonar.

— I slike tilfelle kan varslingsinstituttet vera naudsynt. Dette er eit komplisert farvatn, og historia viser at grenseoppgangen mellom fagleg diskusjon og overprøving kan vera vanskeleg.

— Me må verta flinkare til å skilja sakene som handlar om vern av akademisk ytringsfridom og kva som er saker om studentar eller arbeidsmiljø, seier Olsen.

Han gjentek det han tidlegare har sagt om tyskarvits-saka: Den viste at UiB sitt SiFra-system ikkje fungerte i ei slik sak.

— Akademisk fridom for alle er avhengig av eit godt arbeidsmiljø. Samstundes er det ikkje alltid lett å skilja om saker handlar om akademisk fridom eller arbeidsmiljø og personalhandtering, seier Olsen.

Borg ønskjer ikkje å kommentera Eikrem-saka, som tidlegare NTNU-rektor Gunnar Bovim først fekk på sitt bord.

— Ytringsfridommen er urokkeleg, sa han til Khrono i 2019.

Bovim sit no som ein av seks medlemmer i ekspertutvalet, og ønskjer ikkje å seia noko før arbeidet har kome i gang. Men på Twitter ber han om innspel:

— Me treng tilfang av problemstillingar, poeng og prinsipielle vurderingar i den korte tida me skal arbeida.

Vil ha lovfesting

Ekspertgruppa skal mellom anna vurdera om, og i så fall korleis, universitets- og høgskulelova bør verta endra for å gjera tydeleg at dei tilsette har akademisk ytringsfridom og institusjonane sitt ansvar for og moglegheit til å verna og støtta denne.

Dag Rune Olsen er tydeleg: Han vil lovfesta akademisk fridom, og viser til Grunnlova sin paragraf om ytringsfridom.

— Akademisk fridom er meir enn akademisk ytringsfridom. Eg er uroa for den akademiske fridommen i breiaste forstand, og eg meiner at akademisk fridom er for snevert og teknisk definert i dag.

— Korleis vil du definera det?

— Eg er ikkje sikker på om det eksisterer ein omforeint definisjon, og ser fram til at utvalet skal sjå på dette, seier Olsen.

— Eg ser fram til konklusjonane frå utvalet, seier Borg.

— Kva er akademisk fridom?

— Eg vil trekkja fram retten til å forska fritt, til å fritt velja forskingstema og metode og fritt publisera resultata, seier NTNU-rektoren, som seier ho synest det allereie har kome fram vektige poeng i debatten.

Powered by Labrador CMS