varsling

Rektor etter tyskervits-saka:
—Me greidde ikkje å handtera saka på rett nivå og rett måte

Rektor Dag Rune Olsen tek sjølvkritikk i den mykje omtala tyskarvits-saka. No skal Universitetet i Bergen gå gjennom varslingssystemet for studentar.

UiB-rektor Dag Rune Olsen seier at ein må gå gjennom varslingssystemet studentane nyttar; Si Fra-systemet.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studenten kjende seg krenkt og har fått erstatning etter at medietrykket i den såkalla tyskarvitssaka har vore stort. Professoren kjenner seg dårleg behandla og skal ikkje undervisa denne hausten.

Det handlar om eit varsel som vart levert inn i UiB sitt Si Fra-system, eit varslingssystem fleire utdanningsinstitusjonar nyttar. Varselet frå den tyske studenten var meldt inn i kategorien raudt, merkt med trakassering, diskriminering og mobbing. Professoren har vore svært kritisk til dette.

— Me må gå gjennom systemet, det er det ikkje vil om, seier rektor Dag Rune Olsen.

Vil sjå på systemet

Olsen seier at det er openbert at systemet ikkje har vore tilfredsstillande.

— Me må sjå på korleis me har følgt opp både varslar og den som det vart varsla om. Me greidde ikkje å handtera saka på rett nivå og rett måte, seier Olsen.

Si Fra-systemet er organisert som eit trafikklyssystem, der ein sjølv vel om ein vil melda inn sak som raud, gul eller grøn. Raud er mest alvorleg, medan grøn er positive tilbakemeldingar.

— Dette er ikkje ein styrke ved systemet, seier Olsen.

Han fortel at systemet kom på plass etter #metoo-rørsla og fokuset på seksuell trakassering.

— Me ønskte å etablera ein kanal studentane kan varsla på same måte som arbeidsmiljølova gjer at tilsette kan gjera. Men slik systemet er no kan ein melda inn relativt ulike ting utan at ein kan handtera det på ein fornuftig måte.

No vil UiB gå gjennom systemet og finna andre mekanismar for å seia i frå.

— Me er opptekne av å ta studentar på alvor, seier Olsen.

Seier saka kunne vore løyst betre

Då Olsen var i debatt om saka i Dagsnytt 18, sa han at saka kunne vore løyst på ein betre måte.

— Me greidde ikkje å handtera saka på rett nivå og rett måte, seier Olsen til Khrono.

Han seier at universitetet mellom anna ikkje var budd på at det kom til å verta ei så stor mediesak. Studenten har fått erstatning frå UiB, grunngitt med nettopp mediepresset.

Studenten har òg hatt advokat. Birthe Eriksen har tidlegare vore kritisk til SiFra-systemet og sagt til Khrono at saka har vist at ein ikkje kan ha eit system som nærast legg til grunn at alt vil gå greitt når nokon har varsla og utfordra makt. Ho har òg kritisert til informasjonen om systemet, som ein finn spreidd på fleire stader.

— Ein bør gå gjennom kva ordningar ein har for å sikra studentane råd og støtte i dei meir alvorlege sakene, som sikrar at studentar vert tekne vare på i saker som eskalerer på ein måte ein student som varslar ikkje er i stand til å føresjå, sa Eriksen.

No skriv ho i ein e-post til Khrono at ho synest det er naturleg at leiinga ved UiB har ei grundig evaluering av systemet på bakgrunn av dei røynslene ein no har fått.

— Det er flott at UiB har ein rektor som er audmjuk og open for organisatorisk leiing, skriv Eriksen.

Eriksen har tidlegare sagt at ho fryktar at saka kan føra til at studentar ikkje vågar å varsla.

— Dersom ein skal kvitta seg med dette systemet, korleis skal ein då kunne sikra at studentar kan varsla på ein trygg måte?

— Eg trur ei evaluering og eventuell revidering av det eksisterande systemet bør skje i dialog mellom leiinga, tillitsvalde, verneomvbod og studentorganisasjonane. Det er avgjerande at systemet vert forankra hos desse for å ha tilstrekkeleg tillit. Utan tillit vil ein sitja att med vonde røynsler frå denne saka, som vil få ei såkalla «chilling effect» på ytringsklimaet blant studentane, skriv Eriksen.

Usemje om nedgradering

Khrono skreiv fredag at varselet mot Larsen er nedgradert frå raudt til gult. Dette kom fram i eit nyheitsbrev frå Det psykologiske fakultetet. Dekan Bente Wold informerte måndag Khrono om at dette skal ha vore gjort i fjor haust.

Professor Larsen seier at han ikkje fekk beskjed om dette før i sommar. Heller ikkje studenten har fått beskjed, seier advokat Eriksen.

— Me har ikkje motteke noka formell tilbakemelding på dette. Etter oppmoding frå instituttet vart varselet levert inn som raudt. Dersom fakultetet har «koda om» varselet, føreset ein at det har vorte gjennomført ei undersøking og ei vurdering av dei faktiske forholda. Det ser ut til å ha vore ei misforståing hos enkelte om at eit varsel om påståtte, alvorlege, kritikkverdige forhold kan fjernast eller liknande. Det er ikkje slik ein skal handtera eit varsel ein mottek. Det skal undersøkast og vurderast, og partane skal få ei formell tilbakemelding når varselet er ferdig handsama, skriv Eriksen i ein epost.

Då Khrono snakka med rektor måndag, sa han at dersom det var slik at den som varsla og den det vart varsla om ikkje var gjort kjende med dette, var det beklageleg.

Tysdag tok Olsen kontakt på nytt.

— Fakultetet meiner at det vart gitt beskjed om nedgraderinga i samtalar med begge partar i fjor haust, seier Olsen.

Systemet er slik at raude varsel endar hos sentraladministrasjonen, men gule varsel skal handterast på fakulteta.

— Vart saka då formelt nedgradert, eller var dette noko ein sa munnleg?

— Det vart endra då saka vart sendt over til fakultetet. Dokumentsenteret, som vurderte det raude varselet, fann at dette ikkje skulle vera raudt, og det vart òg vurdert av instituttleiar å ikkje vera raudt, seier Olsen.

— Samtalane vidare hadde som utgangspunkt at dette var eit gult varsel, seier han.

Vagstad: Skal ikkje vera allvitande

Hovudtillitsvald i Forskerforbundet, Steinar Vagstad, har fleire gongar sagt at han varsla universitetsleiinga om saka før jul i fjor. Han varsla på vegner av professor Larsen.

— Det skjedde ingenting, og difor nytta me retten til å varsla eksternt, sa Vagstad i Dagsnytt 18.

— Synest du Si Fra-systemet fungerer?

— Det er openbert at det ikkje har fungert i denne saka. Men det kan skuldast oppfølginga, seier Vagstad, og legg til at han ønskjer kanalar der studentar skal kunne seia ifrå.

Advokat Eriksen stilte spørsmål ved om dei som tek imot varsel ved UiB har rett kompetanse, og peika på at det ofte er enkelttilsette i mellombelse leiarroller som skal handtera slike saker.

— Som instituttleiar haglar det med saker ein aldri har vore borti før, seier Vagstad.

Han er professor i økonomi, og har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for økonomi ved UiB.

— Ein kan ikkje gi ein instituttleiar opplæring i alt, og det er ikkje meininga at ein skal vera allvitande. Men det er viktig at ein sjølv skjønar kva ein ikkje kan, og søkjer hjelp, seier Vagstad.

Powered by Labrador CMS