Min doktorgrad

Kesia Eidesen Halvorsrud under opninga av ei Astrup-utstilling ho kuraterte på Kode i Bergen. Her er den no ferske doktoren saman med dåverande bergensordførar Marte Mjøs Persen, dåverande museumsdirektør Karin Hindsbo og dåverande ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg.

— Også kvinner med små barn skal kunne ta doktorgrad

Å kombinera foreldreskap og forsking var krevjande, seier Kesia Eidesen Halvorsrud. — Småbarnslivet og det intellektuelt fokuserte arbeidet har ikkje alltid vore heilt i synk.

Halvorsrud har skrive avhandling om Nikolai Astrups samling av barne- og ungdomsteikningar.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Kesia Eidesen Halvorsrud (35)

  • Har skrive avhandlinga «Gutteboken som kompositum. Nikolai Astrups samling av barne- og ungdomstegninger»
  • Disputerte ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved Universitetet i Oslo 10. mars

— Eg har hatt ein tanke om å ta doktorgrad sidan eg var student, eg synest det verka attraktivt å gå løpet ut med forskarutdanning. Eg skreiv masteroppgåve om Gustav Vigeland. Deretter jobba eg litt, og fekk ei stilling ved Kode i Bergen der eg var med på å etablera eit forskingssenter. Ved kunstmuseet har ein eit forskingssenter knytt til Nikolai Astrup, og det skulle etter kvart tilsetjast ein stipendiat. Astrup høyer til same periode som Vigeland, den tidlege moderne tida.

— Kan du kort presentera prosjektet ditt?

— Eg har forska på Nikolai Astrup si samling med barne- og ungdomsteikningar. Han samla på mange av sine eigne ting, som finst i ei skjør scrapbook. På Astrup si tid (Nikolai Astrup levde frå 1880 til 1928, journ.anm) vart interesse for barndom og erindring ein internasjonal trend. Eg har sett på heimen som ein kreativ stad, og familie som medskaparar. Nikolai Astrup si mor, Petra Astrup, var kunsthandverkar og stilte ut vevarbeida sine. Nikolai Astrup si kone, Engel Astrup, var òg tekstilkunstnar.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva finn du?

— Det har vore ei myte om at Nikolai Astrup vart kunstnar mot alle odds. Det finn eg at ikkje stemmer. Jølster var nok viktigare kulturhistorisk enn ein har tenkt, med særleg den rike tekstilkunsten. Engel Astrup har vore viktigare i utforminga av kunstnarheimen Astruptunet enn ein har tenkt, og eg diskuterer Astruptunet som ein verkstad, der barna òg var inkluderte. Petra Astrup betalte utdanninga til sønene sine. Ho hadde eit kjent namn i samtida og mange kontaktar. Det er vanskelegare å finna sikre prov på Engel Astrup sine spesifikke bidrag, men det er openbert at ho òg har bidrege i stor monn i heilskapen av mange kreative og praktiske prosessar. Dette gjer at biletet på mannen som ein genial kunstnar som gjer alt åleine, må endrast.

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

— Det var ei spesiell tid, med pandemi. Eg fekk òg barn, og hadde eit krevjande svangerskap. Så det mest krevjande har nok vore å kombinera småbarnslivet og det intellektuelt fokuserte arbeidet, det har ikkje alltid vore heilt i synk. Reint praktisk gjorde pandemien at det var ein del arkiv eg ikkje fekk sett på, og det kollegiale, faglege og sosiale livet var nok like fullt av aktiviteter som det elles hadde vore.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Jaja, eg har nok angra litt av og til under de tyngste taka, og i alle fall stilt spørsmål til meg sjølv om korleis eg kunne klara å få dette i mål. I eit slikt prosjekt er det ingen som hindrar ein i å pressa seg sjølv til det ytste, det handlar berre om å Pfinna sine eigne grenser. Så innimellom har eg lurt litt på kvifor eg gjekk i gang med dette. Samstundes har motivasjonen vore høg, og det har vore eit privilegium å få jobba med dette! Og eg er oppteken av at det skal og må vera mogleg for unge kvinner med barn å ta doktorgrad.

I eit slikt prosjekt er det ingen som hindrar ein i å pressa seg sjølv til det ytste, det handlar berre om å finna sine eigne grenser.

Kesia Eidesen Halvorsrud

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, sånn cirka.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg har lyst til både å skriva bok, artiklar og laga utstilling, og løfta fram mellom anna tekstilkunst og kunstnerisk samarbeid. Eg ønskjer også å jobba strategisk med prosjekt om med forsking og utvikling med korleis ein kan få betre vilkår for forsking i musea.

Powered by Labrador CMS