Min doktorgrad

Marie Hidle Gedde tok først doktorgrad, så gjekk ho i gang med LIS1-praksis som lege. Ho seier at det å forska i sanntid under ein pandemi var utfordrande. — Eg misunner ikkje forskarane i Folkehelseinstituttet.

Oppdaga at primærhelsetenesta er lite rigga for forsking

Marie Hidle Gedde forska på heimebuande med demens. Pandemien vart utfordrande, men også før den tid oppdaga ho at primærhelsetenesta ikkje var van med forsking.

Publisert Oppdatert

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Marie Hidle Gedde (30)

  • Har levert avhandlinga « Behavioral and Psychological Symptoms of Dementia»
  • Disputerte ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen 16. februar 2023

— Eg hadde jobba i rusfeltet, og vart då nyfiken på overforbruk av medisin hos andre, som eldre personar. Dei har større sjanse enn andre for å verta sjuke, men når treng ein medisin, og kva er det ein behandlar? Då eg jobba i heimesjukepleien, oppdaga eg at mange av brukarane fekk sovemedisin. Eg ville vita meir om dette, så eg søkte ei stilling knytt til prosjektet LIVE@Home.Path ved Universitetet i Bergen.

— Kan du kort presentera prosjektet ditt?

— Dette har vore ein randomisert, kontrollert studie. Kommunane Bergen, Bærum og Kristiansand har tilsett ein demenskoordinator for å gjera helsetenester meir tilpassa både personar som har fått demens og deira pårørande. Å vera pårørande for denne gruppa pasientar kan vera krevjande, og målet var at demenskoordinatoren skulle kunne vera eit bindeledd. «Hva er viktig for deg» var utgangspunktet, og planen var å sjå framover: Kva ser ein føre seg når ein ikkje lenger kan bu heime? Kven ønskjer ein at skal hjelpa ein å halda orden på økonomien når ein ikkje lenger klarar det sjølv? Målet var betre utnytting av ressursar og mindre belastning for pårørande.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

Forskarane brukte eit spørjeskjema der mellom anna åtferd og psykiatriske symptom skulle målast fem gongar i løpet av to år.

— Så skulle alle pasientane få hjelp frå koordinator i seks månader.

— Kva finn du?

— Me fekk gjort det me skulle med den første gruppa. Så kom pandemien! Me ringte rundt til pårørande for å finna ut meir om kva nedstenging betyr for denne pasientgruppa. Det me fann, var at dei som ikkje forstod at det var ein pandemi me stod i, fekk vrangførestellingar. Nokre av dei trudde at det var krig. Eg fann ut at mange av desse pasientane fekk symptom på depresjon av å vera isolerte. Når ein stengjer ned dagsenter og andre tiltak der ein kan ha sosial interaksjon, får det konsekvensar. Desse tiltaka handlar ikkje berre om kaffi og vaflar.

Eg har nok tatt den minst vanlege vegen til doktorgrad for ein lege.

Marie Hidle Gedde

— Kva har vore mest utfordrande i doktorgradsarbeidet?

— Det har vore påfallande kor lite primærhelsetenesta har vore rigga for forsking! Då tenkjer eg både på infrastruktur og kultur. Dette er paradoksalt, ein tenkjer at primærhelsetenesta skal vera ein ryggrad for resten av helsetenestene. På sjukehusa er ein van med at folk kjem til ein, men her måtte me mellom anna ha mykje organisering av å skulle reisa heim til folk. I tillegg var det stressande å forska i sanntid under ein pandemi. Det var så mange funn, og i tillegg var det litt krisestemning, og ein sat isolert på heimekontora sine. Ein fordel har vore at eg har lært å laga video! Det vart digitale konferansar i staden for fysiske, og eg lærte meg korleis eg skulle presentera i videoformat. Det var gøy.

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, eg skulle vore ferdig i januar 2022. Men eg fekk forlenging både frå Forskingsrådet og UiB, og hadde då finansiering ut mai.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No er eg LIS1-lege ved Akershus universitetssjukehus, og så får eg finna ut kva eg vil verta. Eg vil gjerne koma i gang med ein legejobb og ha meir klinisk forankring før eg eventuelt forskar meir. Eg har nok tatt den minst vanlege vegen til doktorgrad for ein lege, eg tok det som ei forlenging av studia. Noko av det eg har lært, og som eg tek med meg uansett, er korleis ein kan få til eit ganske hårete prosjekt. Der er prosjektleiar Bettina Husebø heilt fantastisk!

Powered by Labrador CMS