Dei to største har sirup i maskineriet. Men berre eitt universitet droppar heile klimarekneskapen.
Då rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg, Petter Aasen (bildet), var 38 år gammal, kom FNs klimapanel med sin første rapport der dei åtvara om dei globale konsekvensane av klimaendringane. To veker før FNs 27. klimakonferanse fylte han 70.Siri Øverland Eriksen
No manglar berre eitt universitet oversikt over klimagassutsleppa sine
Orda kom frå rektorens munn. For godt og vel ein månad sidan opna rektor Anne Borg ved NTNU, Noregs største universitet, eit «internasjonalt ledende forskningssenter for naturmangfold og bærekraft» i Trondheim.
«Klimaendringene gir stadig mer ekstremvær, mer vind, mer styrtregn, flere jordskred og mer flom. Europa har hatt tidenes varmeste sommer, med skogbranner, tørke, ødelagte avlinger og intens varme. Jorda blir varmere, isen smelter og havet stiger (...) — på grunn av oss mennesker», fortsette Borg.
Det er alt tallause flaumar, syklonar og skogbrannar sidan, men det var eigentleg først i 2019 at det gjekk opp for universitetsleiarane at det måtte feiast for eiga dør. Flott å opne eit senter, fint å samlast om berekraft, bra å få pengar til å forske på klima. Supert å vere «grønt universitet», dupert å vere «berekraftsuniversitet»
Men kva med eigne utslepp? Og korleis gjere noko med det?
I 2019 kom også dei første substansielle klimarekneskapane på universiteta. Utan rekneskap er det som kjent ikkje lett å lage budsjett. Med ein tredel av norske statstilsette på lønningslista utgjer kunnskapssektoren ein forskjell. NTNU åleine har 7700 årsverk, 44 000 studentar og eit budsjett på 10 milliardar kroner.
Korleis står det til på tampen av 2022?
Hot
Det gjekk eit rykk gjennom sektoren i 2019, klima var brått hot.
Regjeringa under den gong statsråd Iselin Nybøs regime, skubba på, og ville ha sektoren med på konkurranse om å flyge minst — og ein plan for å registrere og halde orden på utsleppa.
I Paris fire år tidlegare hadde trass alt statsleiarane klart å få til ein forpliktande avtale for å bremse klimakatastrofen: Temperaturen på kloden skulle ikkje stige meir enn 1,5 grader det neste hundreåret, og i alle fall ikkje meir 2 grader, med dei katastrofale følgjene det kunne få.
Presset på kunnskapssektoren kom utanfrå, frå presse og politikarar, og presset kom innanfrå, frå engasjerte tilsette som reagerte påjetsett-rektorar med klimafotavtrykk i elefantklassen. Presset kom frå folk som var leie av å vere tilskodarar til dekanturar til Roma, rektor-planleggingsmøte i London og studietur til Boston for 27 direktørar, rektorar og leiarar, som var eitt av innslaga i kalenderen til Universitetet i Bergen det året.
Flyreiser var — før pandemien — den største enkeltkjelda til indirekte klimagassutslepp på universiteta.
— Vi har svikta fundamentalt, uttalte klimaforskar ved Bjerknessenteret, Helge Drange, som for lengst hadde stumpa Flesland og gått over til tog.
I Bergen var han ein av professorane som stod bak eit opprop for klimatiltak og kutt i flyreiser.
No var heller ikkje det heilt enkelt, for bestillingsportalane på universiteta var rigga for at folk skulle reise med fly. Tog var det ikkje blitt tenkt på.
Dei to reisebyråa som hadde vunne konkurransen om å selje reiser til den gong 166 000 statstilsette vart aldri spurde om å gjere det mogleg å bestille noko anna flybillettar og leige bil. Så då blei dei slik. Først i 2020 kom togbillettar opp som klikkbart alternativ, då staten skifta reisebyrå.
Not
I 2019 var det kort og godt eit ulmande opprør blant dei klimaengasjerte, som var blitt langt synlegare, tydelegare og truleg fleire enn før. Inspirert av Greta Thunberg gjekk dei unge ut i gatene og i streik.
På Universitetet i Oslo signerte 800 eit opprop med krav om å halvere flyreisene. I 2018 vart det sett ny rekord ved universitetet, universitetsfolka reiste tilsvarande 80 gonger månen, tur-retur (i 2019 vart det endå meir).
Det fekk UiOs rektor, Svein Stølen, til å erklære at styret ikkje lenger skulle på tur til Roma, heretter heiter det Gol.
Nokon gjekk lenger, som musikkprofessoren Torleif Torgersen på Griegakademiet, som stod i spissen for fleire aksjonar i regi av Extinction Rebellion.
I Trondheim pønska NTNU ut, mykje takka vere ein handlekraftig miljørådgivar, det såkalla Reiseløftet. Målet var å få tilsette med på å kutte så drastisk som mogleg på forureinande reiser.
På bordet i styreromma i aust og vest og nord og sør kom gode råd, policies, og retningslinjer for korleis reise mindre.
Så kom pandemien.
Folk slutta å reise, i alle fall inntil vidare, klimagassutsleppa gjekk ned, også universitetsleiarane fekk halsen og hendene fulle med covid-19.
Så gjekk pandemien over.
Så, ein dag i september, stod Anne Borg på ei scene i Trondheim og snakka om styrtregn, ekstrem varme, raserte avlingar og stigande hav. Klipte snora for det internasjonalt leiande forskingssenteret.
Så — korleis står det eigentleg til, no som virus er avløyst av krig og økonomiske nedgangstider?
Vi har ikkje prøvd å ringe Anne Borg denne gongen.
Ho kan som rektorar flest, og med rette, peike på ein formidabel auke i grøne satsingar, engasjerte tilsette som resirkulerer og sløkker lyset før dei går frå arbeid ute på fakulteta, på klimaforsking i verdsklasse og internasjonalt leiande fagmiljø som vi alle er avhengige av om vi skal kome nokon som helst veg med å redde verda.
Vi gjekk berre inn på nettsidene. Denne gongen ringde vi dei litt nede i systemet.
Ambisjonen
— Breakdown er vel å ta for hardt i. Men at det har lege brakk i ein periode er vel rett å seie, seier den ein av dei to miljørådgivarane ved NTNU, Tore Betten.
Miljørådgivarane har fått eit år på baken, etter at den nemnde miljørådgivaren slutta i jobben. Det skjedde på omtrent same tid som miljøsjefen ved Universitetet i Oslo kasta inn handkledet, fordi han ikkje lenger kunne «stå inne for at klima- og miljø blir nedprioritert».
FAKTA
FNs klimatoppmøte
FNs klimatoppmøte i Egypt startar 6. november og varer fram til 18. november.
COP27 (Conference of the parties) er det 27. årlege medlemsmøtet for partane FNs klimakonvensjon, totalt 197 land.
Dersom du leitar deg fram på NTNUs nettsider, kjem du fram til «ambisjoner og arbeid med å gjøre egen virksomhet miljøvennlig». Eit klikk vidare derifrå fører deg inn til «ambisjoner og fakta»: «Vi skal ha full oversikt over hvor stor miljøpåvirkning virksomheten har, og synliggjøre dette overfor ansatte, studenter og samfunnet».
Utover lenker til klimarekneskap for 2019 og miljøplanen som kom i 2020, er sidene ikkje synleg oppdaterte sidan 2017.
— Det er jo ikkje så lett for dei som vil finne ut om kva NTNU gjer for å kutte klimagassutsleppa sine, sidan informasjonen på nettsidene i stor grad er seks år gammal?
— Dette er eit godt spørsmål. Her er vi nok altfor langt bakpå, ja. Det er planar om å få rydda på nettsidene innan utgangen av året, seier Betten.
— Men veit du når?
— Nei.
Han ymtar om at dette ikkje er så enkelt, nye nettsider skal nok kome, men i den digre organisasjonen NTNU tar ting tid, også å komme fram i køen på IT til dei som bestiller og utviklar nettsider.
Det er det ikkje vanskeleg å tru på, for ikkje seie, ha sympati med.
— Ein kan diskutere om vi er bak skjema eller ikkje totalt sett. Det er mykje i miljøplanen som fortsatt må setjast i system, men vi kan diskutere om NTNU er bakpå eller ikkje, meir overordna. Utover i organisasjon blir det gjort mykje, det er mange som er framoverlente og gjer mykje bra, ikkje minst på driftsavdelinga, seier Betten.
— Kva med klimarekneskapen for 2021, er den tilgjengeleg nokon stad?
— Vi har klimarekneskapen, men vi har ikkje kvalitetssikra tala enno. Det vil bli gjort i løpet av dei neste månadene.
— Så det er ikkje sikkert det blir klart i år?
— Nei.
Vi får litt dårleg samvit for å plage slitarane, rådgivarane som skal realisere dei store planane som leiarane bestemmer seg for, fordi det begynner å «virkelig haste».
No
Utpå hausten 2019, då klima var blitt retorisk trendy i rektorverda, lanserte dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) grøne indikatorar for universitets- og høgskolesektoren. «Kostnadene knyttet til ambisiøse klimatiltak ved norske campuser kan ikke lenger sees på som en utgift», heitte det i rapporten som Kunnskapsdepartementet la på bordet.
Rektorane reagerte litt som om læraren akkurat hadde gitt dei meir lekser enn det som stod på pensum.
Argumentet var at indikatorane, altså dei felles måla universitet og høgskular skulle ha rapportert inn etter, ville ta for mykje ressursar. Hadde dei ikkje altfor mange indikatorar frå før?
Jo, det hadde dei, kanskje, men aldri før hadde krafta i indikatorprotesten vore større enn då klima var tema. Rektorane ville halde orden på rekneskapen, men ikkje måtte sende alle excel-arka til departementet.
Eitt år etterpå gjekk Khrono gjennom status og fann at fire av ti universitet ikkje hadde klimarekneskapar på plass. Kanskje aller mest kritisk i høyringsrunden til Nybøs forslag var Universitetet i Søraust-Noreg. Som altså ikkje fekk klimarekneskapen på plass.
Og no, endå eit år seinare?
No har mange fått skikk på sakene, mellom anna fordi dei har gått i kompaniskap med Klimapartnere som er blitt store gjennom å selje smidige system og plattformer for rapportering i offentleg og privat sektor.
UiT Noregs arktiske universitet har fått skikk på sakene. Nord har fått skikk på sakene. NTNU, som sagt, har skikk, men sirup i sakene. Universitetet i Bergen har levert. Universitetet i Stavanger leverer om eit par veker, får vi opplyst. Universitetet i Agder er på plass. OsloMet har klimarekneskapen for 2021 i orden.
Kva med sjølvaste «miljøuniversitetet» — Noregs miljø- og biovitskapelege universitet? Litt sirup i systemet her også, for dei nye nettsidene er ikkje innkøyrde, blir vi fortalt. Men rekneskapen finst.
Og Noregs eldste og nest største universitet, som det kanskje er unødvendig å opplyse om, men som også er på veg til å bli verdsleiande på miljø, om det går slik rektoratet har sagt at det skal? Jau, visst har dei klimarekneskap ved Universitetet i Oslo, det har dei hatt i fleire år, det berre går tregt, også her.
Det har ikkje lukkast Khrono å få kontakt med miljørådgivaren på universitetet. Frå pressetenesta har vi fått følgjande svar på e-post, på spørsmål om status for klimarekneskapen for 2021.
Hei,
Under er svar fra UiO. Du kan sitere direktør i Eiendomsavdelingen ved UiO, John Skogen. «Vi venter på avklaring og leveranse fra de eksterne rådgiverne som bistår oss i dette arbeidet.»
På oppfølgingsspørsmål frå Khrono - (...) «når er klimarekneskapen forventa å vere klar?»
Hei,
Det har vi ikke noe avklart svar på enda.
Infrastrukturen
I april 2021 prøvde Khrono å komme i kontakt med rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg, Petter Aasen. Han hadde ikkje tid. I staden fekk vi ei melding frå ein pressekontakt som formidla at «Bærekraft er en av de tre søylene i USNs strategi».
I tillegg hadde universitetet ein ambisjon om at klimarekneskap skulle kome på plass på «noen indikatorer».
FAKTA
Klimarekneskap
GHG-protokollen (Greenhouse Gas Protocol) er i dag det mest brukte standarden for å rekne ut og rapportere klimagassutslepp.
GHG deler utslepp inn i tre kategoriar, eller scope: Scope 1 – direkte utslepp, scope 2 – indirekte utslepp, som for eksempel innkjøpt straum og scope 3 – andre indirekte utslepp, som for eksempel innkjøpte varer og tenester og reiser.
Det er venta at EU og Noreg vil innføre krav om klimarekneskap i bedrifter og offentlege verksemder i tråd med GHG-standarden.
I november 2022 prøver Khrono ikkje å komme i kontakt med Petter Aasen.
I staden går vi rett til kommunikasjonsavdelinga der ein hjelpsam og hyggeleg mann raskt tar telefonen, han lovar å gjere sitt beste for å finne rett person. Nokre timar seinare får vi ein e-post med sitat vi kan «tilskrive infrastrukturdirektør Gro Bratsberg».
USN har ikkje nokon komplett klimarekneskap (...), heiter det.
Og vidare:
Gjennom arbeidet med miljøfyrtårnsertifisering har vi mykje data rundt klimautsleppa våre i Miljøfyrtårnsdatabasen. I samband med arbeidet med å utarbeide ein ny overordna campusutviklingsstrategi for heile vår verksemd, jobbast det no mellom anna med å kartlegge klimautsleppet vårt. Vi skal mellom anna, gjennom Miljøfyrtårnsdatabasen, ta fram klimautsleppstal for dei sertifiserte campusane for å få eit så godt bilde av klimautsleppet vårt som mogleg.
Miljøfyrtårn, som er ei sertifiseringsordning, opererer fortsatt med ein ufullstendig versjon av det som er rekna som standard rammeverk for utrekning av klimagassutslepp, den såkalla GHG (greenhouse gas)-protokollen.
Det er venta at EU, og Noreg, vil innføre krav til at verksemder skal ha klimagassrekneskap i tråd med GHG.
32 år seinare
Tre og eit halvt år etter klimaopprop i Oslo og Bergen. 44 månader etter at professor Helge Drange fronta klimaoppropet ved Universitetet i Bergen og konkluderte med at hans eigen arbeidsplass og samfunnssektor hadde «svikta fundamentalt» i å klimafeie for eiga dør.
Kva seier han i dag?
Drange er ingen fatalist. Han meiner det er viktig å møtast fysisk, treffe andre forskarar og forskingsmiljø. På nokre måtar, minner han om, var jo koronapandemien ein slags sjokkterapi. Folk har vent seg til digitale møte. Har kanskje funne ut at livet ikkje er best i eit flysete.
På den andre sida:
— Eg er litt uroleg over den reiseaktiviteten eg igjen synest eg ser rundt meg. Under koronaen gjekk dei globale utsleppa ned med sju prosent globalt og fire prosent i Noreg, i samfunnet generelt. No er vi tilbake der vi var før pandemien.
Drange begynte som forskar omtrent på den tida FNs klimapanel publiserte den første rapporten som åtvara mot dei globale konsekvensane av global oppvarming.
Det er 32 år sidan.
No styrer verda slett ikkje mot 1,5 grader oppvarming i forhold til 1990-nivå, slik Parisavtalen frå 2015 sikta mot. Verda styrer i dag mot minst 2,5 grader, ifølgje dei siste rapportane som ligg på bordet når statsleiarane møtes til FNs klimatoppmøte, COP27 i Sharm el-Sheikh i Egypt dei komande dagane.
Dei ekstreme flaumane, brannane, ras og tap av artsmangfald som alt er blitt ein normalisert del av nyheitsbildet, slike ting som rektor Anne Borg tok opp i talen sin, gir ein forsmak på kva denne utviklinga kan føre til.
Forskarane, blant anna dei på det «internasjonalt leiande» forskingssenteret som opna i Trondheim i september, sit med ein av dei digre nøklane til ei leveleg framtid.
Og her kjem klimarekneskap på universiteta, feiekosten framfor eiga dør og alt dette inn i bildet, som eit slags indirekte utslepp.
— Forskarar og forskingsgrupper kan gjerne vere opptatt av klima og tap av natur. Men dersom ein samtidig ikkje evner eller viser at ein lever nokolunde i tråd med det ein snakkar om, då koplar ein seg ifrå røyndomen, med den faren det medfører for å miste tillit. Og det er noko av det verste som kan skje for vitskapen. Med andre ord, samanhengen mellom kunnskapen ein har og korleis institusjonar blir drivne — og kva kvar enkelt faktisk gjer — er reell, seier Drange.
— Det nyttar ikkje å stå på ein scene og snakke om dette, utan at du veit kor du skal og kva planar du har, seier Drange.
Kunstnernes Hus har besluttet å avslutte sin leieavtale med Fondet for kunst- og designstudenter (FKDS), skriver Kunstavisen.
Fondet har som formål å støtte studenter ved ulike avdelinger ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Ordningen med Kunstnernes Hus har siden 2014 gitt nyutdannede kunstnere atelierplasser på huset. Årlig har fire atelier blitt tildelt åtte nyutdannede kunstnere fra Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).
— Det betyr at FKDS/KHiO må søke etter andre løsninger for å ivareta denne viktige stipendordningen for nyutdannete kunstnere, sier rektor ved KHiO Marianne Skjulhaug til Kunstavisen. Skjulhaug er også styreleder for fondet.
Kunstnernes Hus har i flere år hatt økonomiske problemer, noe som har påvirket beslutningen om å ikke leie til KHiO lenger. Nå inngår huset istedenfor en avtale med Office for Contemporary Art Norway (OCA).
— Det er en stor ære og et stort ansvar forbundet med denne rollen. Det å ivareta lønns- og arbeidsvilkårene til medlemmene våre er det viktigste vi gjør, sier Steen til Khrono.
Steen ble valgt inn på representantskapsmøtet tirsdag 19. november, ved akklamasjon og uten motkandidater. Hun tar over etter Egil André Aas, som har vært leder i LO Stat i åtte år. Det skriver Altinget.
— Jeg overtar akkurat når rikslønsmenda kommer med sin kjennelse, så arbeidet med hovedoppgjør i 2026 starter jo nå. Lønnspolitikken til LO Stat ligger fast og det er viktig for oss å ivareta alle medlemmene sine rettigheter, sier Steen.
LO Stat går gjennom en stor omstilling det neste året, noe som former sakene Steen som leder skal jobbe med. LO Stat skal deles opp, og Spekter går inn i LO.
— Vi skal overføre forhandlingsansvar fra Spekter til LO Stat, og forberede hvordan LO Stat skal se ut fra 1. januar 2026. I tillegg skal vi gjennomføre mellomoppgjør i både staten og Spekter i 2025 samtidig, sier Steen.
Hun får med seg Henriette Jevnaker fra Fagforbundet som 1. nestleder, og Tor Egil Vangstad fra Norges offisers- og spesialistforbund som 2. nestleder.
Steen er tidligere hovedkasserer i Norsk Tjenestemannslag. I tillegg har hun ledet NTL Nav, som med sine rundt 9000 medlemmer er NTL sin største landsforening.
I snitt får 17 prosent av UiO-studentene karakteren A, mens andelen er lavere i både Bergen og Tromsø, skriver Advokatbladet.
Ved Universitetet i Bergen (UiB) er det rundt 13 prosent som får A i gjennomsnitt, mens det ved UiT Norges arktiske universitet er 12 prosent.
Det er i snitt litt over 2 prosent ved Universitetet i Oslo (UiO) som stryker, tilsvarende tall for UiT er 2 prosent og ved UiB litt over 2 prosent. Den vanligste karakteren er C ved alle tre juss-utdanninger. I 2024 er det så langt en tredjedel av jusstudentene som får denne karakteren.
UiT-forskeren Kristoffer Wickstrøm har vunnet pris for en forskningsartikkel om kunstig intelligens.
— En slik anerkjennelse er veldig gøy og et tydelig tegn på at arbeidet vi gjør har høy kvalitet. At artikkelen vår er en del av dette gode selskapet er kjempeflott, spesielt når det er så stor konkurranse fra mange andre sterke bidrag, sier Wickstrøm i en pressemelding.
Forskningsartikkelen hans publisert i Pattern Recognition Letters i 2022, og det er tidsskriftet som gir Wickstrøm prisen. På to år har artikkelen blitt sitert hundre ganger av forskere i hele verden.
Wickstrøm er førsteamanuensis i UiT sin maskinlæringsgruppe. Han har utviklet en ny metode for å lære kunstig intelligens å analysere data uten menneskelig hjelp.
Universitetet i Agder (UiA) har åpnet en av Europas største samlinger av erotisk litteratur på campus i Grimstad. Den kalles Cupido-samlingen og har tilhørt den avdøde redaktøren i Cupido, Terje Gammelsrud.
UiA fikk samlingen i 2020 og siden tildelingen har UiAs bibliotek jobbet med å katalogisere og gjennomgå innholdet i samlingen, som har fått sitt eget rom i biblioteket, ifølge uia.no.
Samlingen består blant annet av tegneserier, erotiske noveller og faglitteratur.
– Dette er en unik samling, både for oss som fagmiljø og for allmennheten. Samlingen består av erotisk litteratur på norsk, dansk, engelsk og fransk, helt fra 1800-tallet av og frem til i dag, sier professor Tor-Ivar Karlsen ved UiA.
Den 22 år gamle studenten Tarald Kongshaug var bassist for bandet For You på konsert i november.
Frontfigur Ed Westwick er verdenskjent for rollen som Chuck Bass i Gossip Girl. Kongshaug sa ja til å spille bass dagen før konserten, og fikk under et døgn på å lære hele repertoaret til bandet. Til vanlig studerer Kongshaug utøvende jazz på jazzlinjen til NTNU i Trondheim.
— Alle i bandet var utrolig hyggelige, og det var veldig gøy å henge sammen etter konserten. Jeg tar med meg masse erfaring om det å lære meg musikk på en effektiv måte, noe som er utrolig viktig når man lever som utøvende musiker, sier Kongshaug til Adresseavisen.
Til vanlig er det nordmannen Hans Kristian Nordin som er bassist for bandet, som har spilt inn og produsert mye av musikken sin i Oslo. Derfor har bandet en spesiell tilknytning til Norge.
Britiske studenter som velger å ta fatt på et utdanningsløp ved University of Birmingham fra og med høsten 2025, vil få et ekstra stipend på totalt 5000 britiske pund fra universitetet, noe som tilsvarer 70.000 norske kroner etter dagens kurs.
Times Higher Education (THE) skriver at universitetet innfører ordningen som et resultat av økningen i skolepenger for britiske studenter.
De 70.000 kronene som nye studenter i Birmingham vil motta skal utbetales over åtte månedlige avdrag i løpet av de to første studieårene, med ytterligere to større utbetalinger det siste året, skriver THE.
Fra og med høsten 2025 vil det være mulig å ta bachelor i byggingeniør-faget ved Universitetet i Agder (UiA), mens du bor og studerer i Listerregionen, skriver NRK.
Tilbudet er et resultat av et nytt samarbeid mellom Studiesenteret Lister Kompetanse og Universitetet i Agder i Grimstad.
Studiet bygges opp som et deltidsstudium som skal gå over fem år.
Nyeste artikler
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Skal drøfte omdømme- og merkevarebygging
Rektor Haanes advarer mot politisk styrt nedstemthet
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024