Klima og miljø

Miljøsjefen slår opp – lei av tomme løfte om klima og miljø ved Universitetet i Oslo

Etter to år i jobben har miljøsjef Øystein Liverød fått nok: Gapet mellom festtalar og framdrift er blitt for stort.

— UiOs viktigaste bidrag til ei berekraftig verd er forsking og utdanning. Men samstundes må vi rydde i eige hus. Det er paradoksalt at vi er så uvitskapelege og usystematiske i dette arbeidet, seier avtroppande miljøsjef Øystein Liverød.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Han vil helst at folk skal vite om det, og at det kan bli eit bidrag til å få meir fart i noko han meiner går altfor sakte: klima- og miljøarbeidet ved Universitetet i Oslo (UiO).

Fakta

Miljøsjefens råd til universitetet

  • Bygg opp ei avdeling på lik linje med andre stabar i administrasjonen (som for eksempel kommunikasjonsavdelinga)
  • Jobb vitskapeleg med klimafotavtrykk etter to spor: a) utvikle og gjere klimarekneskapet betre slik at vi får betre kunnskap om korleis vi kan måle det i ein stor organisasjon og sjå direkte effekt. b) utvikle tiltaksplan og klimabudsjett
  • Rapportere til universitetsstyret årleg eller oftare. Det må kvantitative mål, slik at ein kan justere ressursane.
  • Arbeidet med klima- og miljøstrategien bør koplast tett på det øvrige miljøarbeidet i organisasjonen.
  • Lag ei oppdatert nettside med konkrete framdriftsplanar og fristar for når dei ulike arbeida skal vere ferdigstilte, slik at studentar og tilsette har noko heilt konkret å forholde seg til.

Han vart sjølv tilsett for å bidra til å løfte dette arbeidet. Men etter berre to år i stillinga har miljøsjef ved Universitetet i Oslo (UiO), Øystein Liverød sagt opp stillinga si. Det er vanskeleg å kome nokon veg med konkret og systematisk miljøarbeid ved Noregs eldste universitet, meiner han.

— Eg har ønskt at organisasjonen skal jobbe med å oppnå konkrete, målbare resultat. Men alt til jul i fjor sa eg ifrå at eg måtte vurdere å finne meg nytt arbeid - eg kunne ikkje lenger stå inne for at klima- og miljø blir nedprioritert, seier Liverød til Khrono.

Nådde ikkje måla

Det vart i fjor sommar sett tre krystallklare mål for 2020, ifølgje Liverød. Universitetet skulle ha klart ein heilskapeleg klima- og miljøstrategi, det skulle setjast klare klimamål, og det skulle lagast ein tiltaksplan kopla til klimarekneskapen. Denne skulle vise konkret kor mykje universitetet skulle kutte i klimagassutsleppa sine fram mot 2030.

Ingen av dei tre måla kjem til å bli nådd i 2020 som planlagt, og det er samstundes høgst usikkert når det kjem til å skje.

I den nyleg vedtatte strategi 2030, titulert «For en bærekraftig verden» erklærer UiO klimakrise. Ifølgje Liverød er det lite som tyder på at framdrifta i berekraftsarbeidet står i stil med ordbruken, tvert imot.

— Vi har hatt halvanna år på å utarbeide klima- og miljøstrategien, i åtte av desse månadene har det ikkje vore korona, seier Liverød.

Han kom inn i organisasjonen i 2018 og fekk ansvar for å jobbe strategisk med klima og miljø, både på kort og lang sikt. Jobben som miljøsjef var lagt til eigedomsavdelinga, der han mellom anna fekk oppdraget med å utvikle eit klimarekneskap. Liverød ønskte å utvide, seier han, og lage eit rekneskap for heile universitetet.

— Eg fann ut at det ikkje fanst nokon miljøressursar sentralt på UiO. Heile miljøarbeidet var avgrensa til eigedomsavdelinga. Eg fekk derfor ta dette vidare til rektor og universitetsdirektør. Eg ønskte å forankre arbeidet i toppen, og så jobbe strategisk nedover i ulike avdelingar, seier miljøsjefen.

Han er fortsatt den einaste i administrasjonen som har miljø som fulltids arbeidsfelt på universitetet.

33.000 avtrykk

Universitets- og høgskulesektoren er ein av dei største i staten og dermed sentral for å nå nasjonale klimamål. Universitetet i Oslo har åleine 6000 årsverk og 27.500 studentar.

Liverød framhevar at arbeidet med å redusere klimagassutslepp handlar om langt meir enn å redusere talet på flyreiser, sjølv om desse isolert sett står for den største delen av dei inndirekte utsleppa. Rektor ved UiO, Svein Stølen, har gjort flykutt til ei fanesak. Men etter valkampen i 2017 har det berre blitt heilt marginale reduksjonar i dei samla utsleppa frå tilsette ved universitetet.

Ein rapport med førebelse tal frå klimarekneskapen vart lagt fram for UiOs styremøte denne veka. Den viser at tilsette flaug fleire kilometer totalt i 2019 samanlikna med 2018.

Også ved NTNU, Noregs største universitet, har han som vart tilsett for å arbeide særskilt med miljø- og berekraft sagt opp stillinga si. Khrono har vore i kontakt med tidlegare miljørådgivar Christian Solli, som no arbeider i konsulentselskapet Asplan Viak, men han ønskjer ikkje å kommentere oppseiinga.

— Ikkje prioritert

Starten var positiv og optimistisk for Liverød. Men han fekk tidsnok kjenne på at universitetet kan vere ein treg masse.

Først var det interesse frå rektor og direktør for miljøsjefens initiativ, opplevde han. Han fekk grønt lys, han hadde ein finger med i spelet i sentrale prosessar i institusjonen. Samstundes sette ei gruppe tilsette i gang ein underskriftkampanje for å få ned talet på flyreiser. Nasjonalt og i sektoren elles var klima høgt på agendaen. På eit ope møte i mai 2019 presenterte Liverød det første fullstendige klimarekneskapet frå ei arbeidsgruppa han fekk ansvaret for å leie.

Milljøsjefen er tilsett i eigedomsavdelinga, men seier han fekk mandat frå rektor og universitetsdirektør til å arbeide breiare med klima- og miljø på UiO. Sidan opplevde han at interessen frå rektor og direktør avtok, og arbeidet blei nedprioritert frå leiinga si side.

Deretter dabba interessen, engasjementet — og framdrifta — av, og møta med rektor vart færre, ifølgje Liverød.

— Eg merka at arbeidet ikkje blei prioritert. Når ein ikkje eingong får kome til bordet, blir det veldig vanskeleg å få til noko. Det er viktig å forstå at dette er arbeid som tar tid om vi skal kome lenger enn å diskutere kva det er vi diskuterer. Eg ønskjer å jobbe med konkrete, målbare resultat. Til jul i fjor sa eg ifrå at eg vurderer å finne meg nytt arbeid. Eg kan kunne ikkje lenger stå inne for at arbeidet med klima og miljø ikkje vart prioritert, seier Liverød.

Han seier han ikkje ønskjer å stille verken rektor, direktørar eller andre i leiinga til veggs, men konstaterer at det ikkje er rom for å jobbe meir systematisk og strategisk med berekraft på universitetet.

Lat oss kalle ein spade for ein spade. Det er ein protest på den måten at eg har ønskt meir ressursar i dette arbeidet.

Avtroppande miljøsjef Øystein Liverød

— Eg meiner UiOs viktigaste bidrag til ei berekraftig verd er forsking og utdanning. Men samstundes må vi rydde i eige hus. Det er paradoksalt at vi er så uvitskapelege og usystematiske i dette arbeidet, seier Liverød.

Han lurer på om dei ulike delane av universitetet faktisk har innsett kor stor jobb som må gjerast.

— Ein er nøydd til å setje alle klutar til, og helst bygge opp ei eiga, sentral berekraftavdling. Vi må vere ærlege nok til å spørje om det er mogleg å nå måla om å halvere klimagassutsleppa innan 2030 slik arbeidet er organisert i dag.

Indikatorar — ein god ide

Den avtroppande miljøsjefen er kritisk til måten universitetsrektorane, hans eigen inkluderte, nyleg torpederte Kunnskapsdepartementets plan om å innføre forpliktande indikatorar for å måle klima- og miljøarbeid ved institusjonane.

— Dette var eit svært godt initiativ frå departementet. Eg forstår frykta for byråkratisering og rapporteringsvelde. Men mange av dei indikatorane det var snakk om har vi alt data på, eller ville fått gjennom klimarekneskapane som uansett skal lagast. I staden for å gå rett i strupen på inititativet burde rektorane ha lytta til fagpersonane sine og tatt ein vitskapeleg diskusjon om kva indikatorar som kunne vere aktuelle blant dei som vart foreslått. Eg kan ikkje tolke dette som anna enn frykt for å bli målt og forplikta på klima- og miljøarbeidet, seier Liverød.

— Sluttar du i protest?

— Det er eit sterkt ord. Men lat oss kalle ein spade for ein spade. Det er ein protest på den måten at eg har ønskt meir ressursar i dette arbeidet.

— Er den manglande framdrifta pinleg for universitetet?

— Eg synest i alle fall det er trist, all den tid vi faktisk står i ei klimakrise.

Liverød legg til at 200 års drift bør ha gjort institusjonen i stand til å vite kva som skal til for å skape handling, dersom det finst vilje.

— UiO har eit gigantisk potensial til å bli leiestjerne innan berekraft. Men då må ein legge ressursar i det. Ein engasjert miljøsjef i eigedomsavdelinga er ikkje nok, vi må innsjå at vi er forbi det stadiet.

Rektor: — Svært fornøgd

Rektor ved UiO, Svein Stølen, seier han ikkje vil kommentere synspunkta til Liverød. Han viser til at dette ligg til universitetsdirektørens ansvarsområde. Men på generelt grunnlag seier rektor at han er fornøgd med framdrifta i miljøarbeidet.

— Eg baserer meg på styret, som er svært fornøgd med arbeidet. Vi er komne langt, og skal halde fram med å intensivere innsatsen. Ikkje alt skjer på sentralt hald, det blir gjort mykje godt arbeid ute i miljøa, seier Stølen.

Så Khrono tidlegare i år snakka med rektor Stølen om at han stiller til val for ein ny periode var nettopp klima og miljø ein av dei nye satsingane til det nye laget hans.

— Det er to temaer; full trøkk på utdanning og klima, miljø og tverrfaglighet som er en ny dimensjon, sa Stølen den gongen.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen avviser også at UiO er forsinka eller manglar framdrift i miljøarbeidet. Han understrekar at miljøsjefens ansvarsområde er avgrensa til Eigedomsavdelinga, der han er tilsett. Ansvaret for å koordinere det breiare klima- og miljøarbeidet ved UiO er lagt til universitetsdirektør Benjaminsens stab.

— I kva grad har miljøsjefen vore involvert sentralt det siste året?

Miljøarbeidet ved UiO blir styrt av universitetsdirektør Arne Benjaminsen

— Miljøsjefen er tilsett i vår eigedomsavdeling, som har gjort eit veldig omfattande arbeid, og potensialet i miljøarbeidet er stort innan eigedomsfeltet, svarer universitetsdirektøren.

På spørsmål om miljøsjefen i eigedomsavdelinga er blitt tatt med i UiOs sentrale miljøarbeid, svarer Benjaminsen at han har delteke på relevante møter, og har slik sett vore involvert. Det vil bli utlyst ledig stilling som miljøsjef etter Liverød, og denne skal ha eit avgrensa ansvar til eigedomsavdelinga. Per i dag er det ikkje aktuelt å utvide dette ansvaret til andre avdelingar.

— Er det god nok systematikk i miljøarbeidet, og er det godt nok koordinert?

— Vi er i ein tidleg fase. Men med forankring av det administrative arbeidet i universitetsdirektørens stab, meiner eg vi har eit godt og heilskapeleg grep på dette. Vidare er vi, i tråd med UiOs årsplan for 2020-2021, i gang med å utarbeide ein heilskapleg klima- og miljøstrategi. Strategien vil dekke alle sider av verksemda vår.

Powered by Labrador CMS