Staten vil skifte reisebyrå: «Absolutt krav å kunne bestille togbillett»
Klima. Fly og bil er einaste alternativ i bestillingsportalane. No blir oppdraget som statens reisebyrå lyst ut på nytt med krav om miljø- og klimavennlege reisetilbod.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Leverandørane skal heretter bli vurdert utifrå korleis dei kan bidra til «at den enkelte virksomhet velger klima- og miljøvenlige reisealternativer», heiter det i utkastet til kravspesifikasjon, som Khrono har fått tilgang til.
Difi (Direktoratet for forvaltning og ikt) vil ved utgangen av året avslutte samarbeidet med G Travel og Egencia. Desse to reiseoperatørane har sidan 2018 hatt oppdraget med å selje reiser til 166 000 tilsette i staten. Det er konkurransetekniske forhold som gjer at opsjonen for G Travel og Egencia ikkje blir forlenga, ifølgje Difi.
Men også favoriseringa av fly i bestillingssystema til operatørane er blitt eit problem.
Presset for å redusere klimagasutslepp knytt til flyreiser har auka på i staten, ikkje minst i universitets- og høgskulesektoren. Der står flyreiser åleine for rundt 20 prosent av indirekte utslepp av klimagassar. Samstundes har sektoren ambisiøse mål om nullutslepp og klimanøytralitet.
For dei som skal konkurrere om oppdraget som statens reisebyrå frå 2020 blir det stilt krav om saumlaus og integrert bestilling av innanlands tog. Som Khrono har fortalt, tilbyr byråa i dag berre direkte bestilling av fly og leigebil.
Nær ein tredel – 50 000 av 166 000 – statstilsette arbeider i kunnskapssektoren.
På plass i løpet av 2020
«For den kommende konkurransen har vi vært tydelige på at det vil bli et absolutt krav at man skal kunne bestille togbillett», skriv Kjetil Østgård i Statens innkjøpssenter i Difi i ein e-post til Khrono. I utkastet til kravspesifikasjon heiter det at ei må kunne bestille tog innanlands «uten noen form for manuelle prosesser hos reisebyrå». Innan eit halvt år etter kontrakten er inngått skal dette vere på plass, ifølgje Difi.
Innan hausten 2020 skal dermed alle tilsette i staten få bestille tog gjennom reisebyrået eller -byråa dei blir pålagt å bruke. Ifølgje Østgård er der «et lite forbehold om nødvendig tilrettelegging fra relevante tredjepartsleverandører som eksempelvis EnTur».
Krav til bestilling av billett til buss, som etter tog rekna som det mest klimavennlege reisealternativet, er ikkje tatt med i kravspesifikasjonen.
Reiser for 2,4 milliardar
Difi har også laga ein såkalla kategoristrategi for reiseområdet: «Denne understreker at interne retningslinjer og policy for reiseområdet er viktig. En virksomhet med tydelige retningslinjer vil kunne ta bevisste valg på når en reise er nødvendig og hvordan reisen bør gjennomføres», skriv Østgård i e-post til Khrono.
Difi har estimert det årlege reiseforbruket i staten under eitt til 2,4 milliardar kroner årleg. 40 prosent av denne summen er knytt til flyreiser. Undersøkingar som Difi har gjort viser at oppdragsgivarar ville ha valt eit meir miljøvennleg alternativ alternativ, dersom det var mogleg å bestille togreiser gjennom reisebyrå.
Mål og middel
Ein av dei som er glad for at staten no vil gjere det lettare å bestille togbillettar er Elisabeth Lysebo, fakultetsdirektør på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen:
— Eg tok det for gitt at tog var inkludert den gongen vi først fekk nytt reisebyrå, og blei overraska då eg oppdaga at det ikkje var der. Det er noko med samanhengen mellom måla staten set seg og verkemidla.
Fakultetsdirektøren var i 2018 ein av berre to blant direktørar og dekanar ved UiB som faktisk jobbreiste med tog.
— Eg vel bevisst tog, av omsyn til klima- og miljø, når det er nokolunde praktisk. Det er positivt at det no blir lagt til rette for å bestille tog på lik linje med andre transportmiddel, seier ho.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!