Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, er fortsatt mykje på farta. Her på ein konferanse i Oslo i november i fjor. Foto: Siri Øverland Eriksen

UiB-rektor fortsatt på CO2-toppen: Til fire kontinent på tre månader

Miljø. Storbritannia, Slovakia, Sør-Afrika, Belgia, Kina, Hellas og USA. Rektor, Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, skal besøke sju land før påske.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Han rekk akkurat å kome heim til Den nasjonale berekraftskonferansen denne veka, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen – dersom flyet heim frå Sør-Afrika er i rute, skriv På Høyden.

På talarstolen i ein fulllsett aula skal han seie noko om kor urettferdig fordelt tilgangen til forsking og utdanning er i verda, som skal diskuterast på konferansen. Truleg vil han seie nokon ord om UiBs høgt profilerte berekraftsatsing og universitetets overordna mål, slik dei er formulert i miljøhandlingsplanen: «Stoppe klimaendringene (…) systematisk senke klimagassutslippene». Deretter startar første sesjon under slagordet «Living the goals».

Seinare i månaden reiser rektor vidare: Til Brussel, Beijing, og etter nokre dagar i heimlandet, til Athen. Deretter går turen til Boston, USA. Då reiser han ikkje åleine.

På Høyden har tidlegare avslørt Olsens klimaavtrykk knytt til flyreiser. I 2018 var det på minst 27 tonn CO2-ekvivalentar (alle klimagassar), og han var med det klimaversting blant rektorane i Noreg med eit avtrykk fire gonger større enn gjennomsnittsnordmannen. Olsen fekk mellom anna kritikk frå professor og ekspert på klimapolitikk, Carlo Aall, som skulda Olsen for å ha «tatt ein Solheim» - med referanse til den avgåtte klimasjefen i FN Erik Solheims ekstravagante reiseprogram.

Vi vurderer at reisene har god nytte, elles ville vi ikkje gjennomført dei. CO2-avtrykket er ei side, men det har jo også økonomiske kostnader.

Dag Rune Olsen

Flyreiser er den største enkeltkjelda til klimagassutslepp ved UiB, det same er situasjonen ved dei andre store forskingsuniversiteta. Samstundes skal UiB bli klimanøytralt innan 2030.

Busslast til Boston

Delegasjonen til Boston tel 27 menneske og inkluderer rektoratet, universitetsstyret, dekanar frå alle fakultet og delar av staben på Muséplass 1. Med på reisa er mellom anna kommunikasjonsdirektør Tor Godal og museumsdirektør Henrik von Achen. Universitetsdirektøren sjølv, Kjell Bernstrøm, er også med. Opphavleg var 32 medarbeidarar påmelde. Direktør Ingar Myking, rådgivar Jon Håkon Øen og rektors rådgivar Vebjørn Kjersheim er blant dei som likevel ikkje blir med på turen.

Universitetets lobbyist Rune Indrøy, som for tida er i Boston i samband med eit forskingsopphald for kona (som er professor ved UiB), har saman med assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden fått ansvaret for å planlegge turen. Når det gjeld programmet, som i skrivande stund ikkje er klart, viser Indrøy til rektor, medan rektoratet viser til Tungodden, som viser til rektoratet. Etter det På Høyden forstår er reisa meint som ein slags studietur.

Ifølgje Dag Rune Olsen er reisa del av ein tradisjon – kvart fjerde år har det blitt arrangert ein tur for styret og leiinga ved universitetet. «I førre periode var vi i Sverige og brukte store deler av tiden til å diskutere strategien som da var under utarbeidelse», skriv Olsen i ein e-post til På Høyden.

Rektor Olsen har tidlegare gitt uttrykk for at han opplever det som eit dilemma å følgje opp det internasjonale arbeidet fordi det samstundes fører til eit tungt klimaavtrykk.

Til Khrono sa Olsen i fjor at 2018 var eit «eksepsjonelt» og «spesielt» år, og viste mellom anna til statsrådreiser til Kina og Sør-Afrika «som neppe skjer igjen».

Planleggingsmøte i London

Innan Olsen kjem seg til Boston, har han altså besøkt Sør-Afrika (som han også besøkte på delegasjonsreise i oktober 2018), saman med åtte andre frå UiB for å sjå på utgravingane i Blombos-prosjektet.

Før den tid rakk han ein helg til London saman med resten av UiB-rektoratet, på planleggingsmøte. Og saman med prorektor Margareth Hagen og fire dekanar var han i Slovakias hovudstad Bratislava eit par dagar i januar. Til saman er Olsen på reise i ein av tre månader i første kvartal 2019.

I slutten av februar går turen til Brussel før han reiser vidare med ein mannsterk delegasjon til Beijing for å signere ein intensjonsavtale. I midten av mars skal han innom Athen før han sjekkar inn på Flesland 27. mars saman med resten av leiinga og staben på Muséplass, totalt 27 personar.

Olsen rekk å besøke sju land på fire kontinent i årets tre første månader, i tillegg til nokre reiser innanlands. Med dét er han fortsatt rektoren med det største klimafotavtrykket.

Husebekk reiser nest lengst

Anne Husebekk i Tromsø er nærast, med reiser til Canada og Russland som trekker opp. Universitetet i Oslos rektor, Svein Stølen, skal til Lisboa, Brussel, London og Berlin. Heller ikkje NTNU-rektorens USA-tur og 14 turar til Oslo er nok til å matche Olsens klimagassutslepp.

Anne Husebekk, rektor ved UiT Norges arktiske universitet skal besøke Canada og Russland. Foto: Ketil Blom Haugstulen

På Høyden har bede om oversikt over reiseprogrammet og utanlandsreisene til resten av rektoratet ved UiB for dei første månadene av 2019, i tillegg til dei øvste direktørane. Prorektor for forsking, Margareth Hagen, nøyer seg med Bratislava, London og Boston. Oddrun Samdal har London, København, Graz og Boston på programmet. Viserektor for globale relasjonar, Annelin Eriksen – som reiste minst av rektorane i 2018 – vil ha besøkt London, Paris, Brussel og Boston før april. Robert Bjerknes var med til London, skal til Boston, og fem dagar etter at Olsen reiser derifrå er det hans tur til å besøke Brussel.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm skal til Boston og Athen, medan assisterande direktør Tungodden skal på digitaliseringskonferanse i London i mars og er med til Boston.

«Lavutslipps reisepolicy»

Som eit mellombels svar på klimautfordringane lanserte Dag Rune Olsen kjøp av klimakvoter. I løpet av 2019 skal det leggast fram ei sak om emnet i universitetstyret, stadfestar Olsen. Leiinga har signalisert at 2019 blir året det kan bli innført retningslinjer for reising. Tidleg i januar hadde rektor møte med UiBs Senter for klima og energiomstilling (CET) om retningslinjer dei har utvikla for sine tilsette. Desse skal ifølgje Olsen vere inspirasjon til ein justert «lavutslipps reisepolicy» for universitetet.

I CETs retningslinjer er det lagt opp til at ein skal forplikte seg til eit sett av handlingsreglar: mellom anna «bruke transport med lågast mogleg utslepp» og prioritere lågt karbonavtrykk for deltakarane sine reiser og redusere unødvendig reising.

Verken UiB eller andre norske universitet har så langt innført restriksjonar på flyreiser.

På telefon frå Sør-Afrika seier Dag Rune Olsen at han reiser på invitasjon frå Christopher Henshilwood, direktør ved Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) ved UiB for å sjå på utgravingane i Blombos-grotta. Medan han er i landet skal han ha fleire møter i Stellenbosch og ved Universitetet i Cape Town.

— Vi forsøkte å få til besøket då eg besøkte Sør-Afrika i fjor haust, men det let seg ikkje gjere, seier Olsen.

Olsen: — Har god nytte

— Du har sagt at UiB skal revidere retningslinjer for reising, inspirert av policyen til CET (Senter for klima og energiomstilling). Eit viktig poeng der er å vurdere om reisene strengt tatt er nødvendige. Er reisene som er planlagt så langt i 2019 nødvendige?

— Vi vurderer at reisene har god nytte, elles ville vi ikkje gjennomført dei. CO2-avtrykket er ei side, men det har jo også økonomiske kostnader. Det er rett at fjoråret var eksepsjonelt. Eg hadde to delegasjonsreiser med statsråden, og eg ser ikkje at det ligg an til det i år. Eg reknar fortsatt med at eg kjem til å reise mykje mindre i år enn i fjor, seier UiB-rektoren.

— 27 medarbeidarar til Boston, er det nødvendig?

— Vi slår saman årleg dekan- og styretur, som er blitt arrangert kvart fjerde år. Det blir eit omfattande program, der det blir særleg sentralt at styret skal få input på korleis ein kan utvikle samarbeidsrelasjonar.

— Forskarar må reise for å samarbeide med andre forskarar, men treng rektorar å reise på så mange utanlandsbesøk?

— Ja, det meiner eg. Det er ein del av jobben min å halde kontakt med internasjonale samarbeidspartnarar.

— Korfor drog du og dei andre rektorane til London for å ha arbeidsseminar?

— Vi brukar å møtes to gonger i året for å planlegge og fordele oppgåver. Det er viktig for oss med ein slik weekend å kunne vere i uforstyrra, men dette kunne vi sjølvsagt ha vore andre stader enn i London.

— Som øvste leiar av eit berekraftuniversitet med klimaforskarar og internasjonale plikter knytt til FNs berekraftmål – med klimaavtrykket frå i fjor og no reiseprogrammet for første del av 2019 – du fryktar ikkje for ditt eige eller universitetets omdømme?

— Nei, men det er klart at vi skal vere forsiktige, og vurdere rasjonelt nytteverdien av alle reisene. Det handlar om korleis vi som eit internasjonalt universitet kan vere best mogleg til stades og samstundes bidra til å redusere og fange CO2.

Styrer mot 3-4 grader

UiB huser fleire framståande klimaforskarar som fleire gonger har vore bidragsytarar til rapportane frå FNs klimapanel (IPCC). Den førebels siste rapporten konkluderte med at klimagassutsleppa i verda må kuttast med 45-50 prosent innan 2030 og nær 100 prosent innan 2050. Då er det mogleg å nå det teoretiske målet om 1,5 graders oppvarming samanlikna med før-industriell tid. Med ein auke til 2 grader er konsekvensane dramatiske, mellom anna er det venta at alle korallrev på kloden døyr ut.

Ifølgje direktør ved Bjerknessenteret, Tore Furevik – som i fjor vart utnemnd til UiBs første klimadirektør – styrer verda akkurat no mot 3-4 gradar oppvarming.

UiB har som mål å bli såkalla klimanøytralt innan 2030, men har så langt ingen strategi for korleis ein skal få dette til.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS