Helge Drange, profilert klimaforskar, står i spissen for eit opprop frå tilsette ved Universitetet i Bergen. Målet er å påverke universitetsleiinga til klimatiltak og kutte utslepp knytt til flyreiser. Her flankert av Helge Bjørlo (t.v.) , Ida Fauskanger og Gunnar Kvåle. Foto: Njord V. Svendsen
Helge Drange, profilert klimaforskar, står i spissen for eit opprop frå tilsette ved Universitetet i Bergen. Målet er å påverke universitetsleiinga til klimatiltak og kutte utslepp knytt til flyreiser. Her flankert av Helge Bjørlo (t.v.) , Ida Fauskanger og Gunnar Kvåle. Foto: Njord V. Svendsen

Klima og flyreiser kan bli årets kampsak på universiteta. — Vi har svikta fundamentalt, seier klimaforskar.

Klima. Opprop og opprør mot mangelfulle klimatiltak spreier seg blant tilsette og studentar på universiteta. 2019 kan bli året då bremsene blir sett på for flyreiser.

Publisert   Sist oppdatert

Berre denne veka har tilsette ved Universitetet i Bergen (UiB) lansert klimaopprop og NTNU sjøsett Reiseløftet, det dei kallar «tidenes reiseutfordring».

Vi har svikta fundamentalt.
Helge Drange
Klimaforskar

Frå før har tilsette ved Universitetet i Oslo (UiO) samla 630 underskrifter til sin kampanje, der kravet til eigen institusjon er det same som i Bergen: Halvering av klimagassutslepp frå flyreiser innan 2025. Transport og reiser, og framfor alt, flyreiser, utgjer den største enkeltkjelda til klimafotavtrykket ved alle dei største universiteta.

I Bergen gjekk også studentar i klimastreik med støtte frå Studentparlamentet.

— Svikta fundamentalt

Berekraft og klima er samstundes høgt prioriterte satsingar både i forskinga, strategiane og festtalane ved universiteta.

Fakta

Klima i akademia

Klimaoppropet ved UiB er ein underskriftkampanje starta av tilsette ved UiB. Målet er å få universitetet til å halvere utslepp frå flyreiser innan 2025.

Ved Universitetet i Oslo har eit liknande opprop samla meir enn 600 underskrifter. Også i andre land, blant anna Danmark har akademikarar starta kampanjar.

NTNU har lansert Reiseløftet, som blir kalla «tidenes reiseutfordring» for å få heile universitetet til å reise mindre og meir miljøvennleg.

Både UiB, NTNU og UiO skal før sommaren legge fram detaljerte klimarekneskap der utslepp frå flyreiser er inkludert. Det er venta at det vil bli innført reguleringar for å redusere talet på flyreiser. Jobbreiser med fly er den klart største kjelda til klimagassutslepp frå universiteta.

— Vi har svikta fundamentalt, seier klimaforskar Helge Drange, som arbeider ved Bjerknessenteret for klimaforskning og UiB. Han frontar no klimaoppropet i Bergen saman med mellom andre biologiprofessor og direktør for bioCEED Vigdis Vandvik og professor emeritus i internasjonal helse, Gunnar Kvaale.

— Eg kan ikkje berre stå på ein talarstol og fortelje om elendet, og samstundes lukke auga for våre eigne klimagassutslepp. Det handlar om truverdet til universitetet og truverdet til oss som forskarar, seier Drange til På Høyden.

UiB-rektor, Dag Rune Olsen, har tidlegare uttalt til På Høyden at han ikkje veit korleis universitetet skal nå sine eigne klimamål utan å kjøpe reduksjon gjennom klimakvotar. Sjølv flyreiser han til sju land på fire kontinent i første kvartal i 2019 og tar snart med 26 tilsette leiing, stab og styre til Boston på tur.

Men den gryande erkjenninga av avstanden mellom ord og handling – og no trykket frå grasorta – kan gjere 2019 til året då det blir slutt på fri flyt av fly på universiteta.

Olsen: — Realistisk

Både universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim skal før sommaren legge fram meir detaljerte klimarekneskap enn tidlegare – der flyreiser er inkludert. Per i dag er desse ufullstendige, fordi ein berre har tilgang til reiser bestilte gjennom reisebyrå.

Til NRK gav rektor Olsen onsdag uttrykk for at halvering av utslepp frå flyreiser er realistisk.

— Vi kjem til å legge fram ein plan der vi foreslår 10-15 prosents reduksjon i flyreisene kvart år framover, seier Olsen til NRK.

I mellomtida har aksjonistane laga sine eigne reknestykke. Ifølgje tal frå initiativtakarane til kampanjen ved UiO flaug UiO-tilsette meir enn nokon gong før i 2018. Nærare bestemt 62,2 millionar kilometer i 2018, tilsvarande 80 gonger tur/retur månen.

På NTNU har ein på offisielt hald funne ut at 8759 tilsette reiset 70,4 millionar kilometer i jobben, eller 1760 gonger rundt jorda. Sju av ti reiser var med fly til Europa og andre verdsdelar, og ein tredel av klimafotavtrykket skriv seg frå jobbreiser.

— Reiseløftet er forma som ein slags positiv konkurranse. Vi vil at det skal gå sport i å ikkje reise så mykje, seier Christian Solli, miljørådgivar ved NTNU, til Adresseavisa.

«Rask og djuptgripande reduksjon»

Etter eit møte med UiBs eige Senter for klima og energiomstilling (CET) i januar, sa rektor at retningslinjene for klimavennleg reising som CET har utvikla skal gi innspel til eventuell justering av retningslinjene for UIB generelt.

CET har alt implementert sin eigen reisepolicy. Der er målet å redusere utsleppet av klimagassar i samsvar med UiBs mål om klimanøytralitet innan 2030. «Å styre bort frå katastrofale klimaendringar krev rask og djuptgripande reduksjon i karbonutsleppa», heiter det der.

Policyen er laga med inspirasjon frå Tyndall Centre for Climate Change Research. Der har Kevin Anderson, framståande klimaforskar og sjølve flyge-mindre-guruen, vore med å utvikle ein manual for meir klimavennleg reising. Sist gong Kevin Anderson sat på eit fly var i 2003.