Klimaaksjonisme

Professor aksjonerte mot Equinor: — Det er ikkje nok å berre meine og snakke

Akademikarar og studentar engasjerer seg i klimakamp med sivil ulydnad som varemerke. — Det er ikkje lenger eit alternativ å ikkje gjere noko, seier UiB-professor.

Universiteta bør kutte banda til olje- og gassindustrien, meiner Torleif Torgersen, professor ved UiB og Griegakademiet og aksjonist i Extinction Rebellion. Her heller han «olje» over moder jord under ein symbolsk performance ved Equinors kontor i Bergen.
Publisert Oppdatert

Måndag føremiddag stod han, på sin 54-årsdag, utanfor Equinors kontor i Bergen, i rolla som Equinor-direktør, der han helte sju bøtter med olje over eit uskuldig offer: Moder jord.

Eg har engasjert meg i Naturvern-forbundet, Bellona, Greenpeace … det har ikkje hjelpt ein døyt

Torleif Torgersen, professor

Talet sju var ikkje tilfeldig valt - verda har alt funne sju gonger meir olje enn vi bør forbrenne for å kunne halde Paris-målet om maksimalt 1,5 graders oppvarming.

— I løpet av 30 år er nesten ingenting skjedd. Eg har engasjert meg i Naturvernforbundet, Bellona, Greenpeace … det har ikkje hjelpt ein døyt. Eg var med i Unge Venstre, den gongen det var det einaste ungdomspartiet som engasjerte seg i miljøvern. Ingenting blei oppnådd. Då Extinction Rebellion blei danna i England for to år sidan, tenkte eg «yes», endeleg kan det skje noko, seier professor ved Griegakademiet, Torleif Torgersen.

Torgersen er også utøvande pianist og kjent mellom anna frå den klassiske musikkscenen.

Kjente akademikarar med

Klimaaksjonistar frå Extinction Rebellion gjennomførte aksjonar over heile Noreg måndag, og på fleire av dei stod universitetsfolk i front. I Oslo gjekk fleire aksjonar av stabelen ulike stader i byen, blant anna ved Equinor-hovudkvarteret, der den kjente professoren i sosialantropologi, Thomas Hylland Eriksen, heldt appell.

I Bergen er fleire både vitskapeleg og administrativt tilsette engasjert i organisasjonen.

Extinction Rebellion går til ytterpunkta for å nå fram med bodskapen sin, og sivil ulydnad (og kunstnariske aksjonar) er ikkje berre del av repertoaret, men sjølve varemerket.

Torgersen meiner dette er nødvendig.

Mange i universitetsmiljøet er aktive i Extinction Rebellion. Då dei demonstrerte under gjenopninga av Universitetsmuseet i Bergen i 2019 vart dei vist bort.

— Eg ser det meir eller mindre som det siste håpet vi har. Kan eg med mitt bidrag og sivil ulydnad legge press på Equinor, for eksempel, gjer eg gjerne det.

Torgersen, som har delteke i fleire aksjonar dei siste par åra, seier rolla eller statusen som professor ikkje er noko han aktivt brukar.

— I Extinction Rebellion er eg privatperson. Men mange veit kven eg er, også mediefolk. Og nokon gonger tipsar dei om «professoren». Eg har ikkje noko imot det. Det er ikkje nok å berre meine og snakke.

Professoren og pianisten fekk musikk- kunst- og naturinteressa vekt om lag parallelt, i unge år, med faren på flugefiske. Som 20-åring opplevde han at statsleiarar, blant dei Margaret Thatcher (dåverande konservativ statsminister i Storbritannia), åtvara om at verda hadde «inga tid å miste», ved eit stort FN-toppmøte i 1989.

— Samstundes begynte oljeindustrien å kultivere tenketankar, som har hatt som strategi å så tvil om vitskapen, omtrent på same måte som tobakksindustrien hadde gjort før dei.

Vitenskapen bør vinke farvel

Han seier han sjølvsagt ikkje meiner at alle som jobbar i Equinor er bandittar, tvert imot. Men, legg han til, tida er definitivt inne for både vitskapen og kulturen for å vinke farvel til sponsing frå olje- og gassindustrien.

— Eg er klar over at eg er priviligert som professor, seier Torleif Torgersen, her saman med tidlegare rektor ved UiB, Dag Rune Olsen

— Fleire universitet utanlands har trekt seg ut av fossilindustrien. Vi veit jo at det sit langt inne, og at det kan vere ei stor økonomisk belastning med å gjere det. Men for meg blir det ein stor konflikt. Eg er samstundes klar over at eg er privilegert som professor. Eg er ikkje økonomisk avhengig av konsertane mine, slik frilansmusikarane er. Dei er i ein heilt annan skvis.

Medan politiet gjennomførte arrestasjonar i samband med aksjonar i Oslo, fekk Torgersens performance i Bergen skje i fred. Men om han skulle ha hamna på glattcelle på bursdagen sin, ville det ha vore verd det, meiner professoren.

—Dersom det kan bidra til å gjere noko med situasjonen, ja, heilt klart.

Powered by Labrador CMS