Finalist i årets namn i akAdemia

Klaus Mohn: — Vi skal gi rom for eit mangfald av meiningar

Han er eit forbilde for universitetsleiarar, meiner juryen. Rektor Klaus Mohn ved UiS er finalist nummer to i Årets namn i akademia.

Rektor og professor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, er blant dei tre finalistane til å vinne prisen Årets namn i akademia 2021.

Publisert Oppdatert

Ein uredd kritikar, som går inn i debattar andre legg lok på og som forsvarer ytringsfridomen til eigne tilsette. Rektor Klaus Mohn er finalist nummer to og kan stikke av med prisen Årets namn i akademia.

Khrono-prisen Årets namn i akademia skal delast ut fredag den 17. desember.

No har juryen valt ut tre finalistar, frå eit ganske stort tal nominerte.

Klaus Mohn, som er rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS) og professor i økonomi er ein av dei tre finalistane.

Han blir svært overraska når Khrono slår på tråden for å fortelje om finaleplassen.

— Eg synst det var smigrande å bli nominert, men det var det jo mange andre som også vart. Så eg la ikkje så mykje i det den gongen, men dersom ein er i finaleheatet, så startar det jo å bli meir alvorleg, seier Mohn.

I går blei det også kjent at ein av dei andre tre finalistane i Årets namn i akademia er Inger Skjelsbæk, ho som starta debatten tok eit oppgjer med lotteriet rundt forskingsfinansieringa i Forskingsrådet. Ho fekk avslag på sin søknad om finansiering av Forskingsrådet, men fekk prestisjestipend frå ERC for same søknad.

Fakta

Årets navn i akademia

  • For andre gang deler Khrono i år ut prisen Årets navn i akademia.
  • Prisen skal gå til en eller flere personer som i kraft av sine meninger eller handlinger har reist eller formet viktige debatter i og utenfor akademia, eller på annet vis har hatt betydning for akademia som en del av storsamfunnet.
  • Prisen deles ut av en jury bestående av Khrono-redaktør Tove Lie, professor emeritus Rune Slagstad, Nupi-forsker Minda Holm, Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås og førsteamanuensis og leder i Akademiet for yngre forskere Jonas Stein.
  • Juryen har plukket ut tre finalisterer til prisen. Disse blir presentert hver for seg før prisen offentliggjøres 17. desember.
  • Finalistene er:
  • 1: Inger Skjelsbæk
  • 2: Klaus Mohn
  • 3: Offentliggjøres 12.desember

— Eg blir nesten perpleks

Når han får lese opp grunngjevinga frå juryen for kvifor han er vald ut blant finalistane, blir UiS-rektoren rørt. Der står det nemleg:

«Trass i kritikk og motstand også frå eigne rekker, stilte Klaus Mohn opp med innlegg under lanseringa av Klimarealistane sitt tidsskrift. Slik løfta han ein viktig debatt om korleis ein skal forhalde seg til miljø som avviser vitskapeleg fundert kunnskap. I staden for scenenekt møtte Mohn dei med opplysning og fagleg argumentasjon. Ved å markere seg som ein uredd kritikar av både Klimarealistane og andre, gå inn i debattar andre vil legge lok på og forsvare ytringsfridomen for eigne tilsette, har han vore eit forbilde for universitetsleiarar.»

— Eg blir nesten perpleks her. Dette er veldig, veldig kjekt og eg blir nesten litt rørt, seier Mohn og ein høyrer det i stemma.

— Det er akkurat dette eg har prøvd på. Å halde den fana høgt og vere ein uredd leiar, og gjennom det legge til rette for min kjepphest, som er eit ope universitet og det å motivere kollegaer til å engasjere seg. Om vi er vitskaplege tilsette eller administrative tilsette, i dagspressa, i sosiale medium og andre arenaer der vi kan dele vår kunnskap og hente impulsar frå omverda, seier Mohn.

Eit lydhøyrt universitet

Og det siste er like viktig som det første, ifølgje rektoren.

— Eg ønskjer at vi skal vere eit lydhøyrt universitet og bruke det vi fangar opp for å utvikle våre utdanningar, vår forsking og vår samfunnskontakt, seier Mohn.

Mohn har heile tida hatt eit sterkt samfunnsengasjement, også lenge før han tok fatt på rektorjobben i 2019.

Sommaren 2017 hausta han storm for forsking på samfunnsøkonomisk lønsemd ved oljeutvinning i Lofoten. Engasjementet har og fått utløp gjennom økonomifestivalen KÅKÅnomics, der han har vore i programkomiteen sidan starten i 2016.

For Mohn har det vore viktig å nytte sin kunnskap i samfunnsdebatten, både for å betre kunnskapsgrunnlaget, men også i tilfelle påverke avgjerder som i utgangspunktet ikkje er godt nok opplyste.

Uavhengig alternativ viktig

— Det har vore veldig viktig for meg at universitetet skal representere eit uavhengig alternativ som gir uhilda kunnskap som ikkje er kjøpt og betalt av nokon. Slik samfunnet har utvikla seg der ein kan få kva som helst slags innsikt mot betaling og der kjøpesterke interessegrupper kjempar om dei dominerande fortellingane, må vi representere eit uavhengig alternativ, seier Mohn. Han legg til:

— I tillegg har eg ønskt å setje UiS på kartet og min måte har vore å stå fram med stort engasjement i aktuelle samfunnsdebattar og i formidlingsarenaer.

— Meiner du det er alle rektorar ved norske høgare utdanningsinstitusjonar sitt ansvar å ha ei slik proaktiv rolle som vernar av ytringsfridomen?

— Nei, eg meiner det ikkje er sjølvsagt. Alle må finne si form. Mi form er denne og her er eg driven av eit personleg engasjement som gjer det naturleg for meg, og i tillegg passar det UiS i den situasjonen vi står i. Ein kan også argumentere mot at rektorar tek ei slik rolle, det er ikkje like opplagt at dei engasjerer seg fagleg og politisk i samfunnsdebatten, seier Mohn.

— Det har vore ein del opplæring å gjere

UiS-rektoren har ei fast spalte i Stavanger Aftenblad, som han starta med før han fekk rektorjobben, men som han har halde på.

Det er fleire gonger at det han har skrive der, som då han skreiv om til dømes oljeskatt, har gitt rektoren motbør.

Eller då han tvitra eit lesarinnlegg som ein av hans fakultetsdirektørar skreiv om bokomslaget til arbeids- og sosialminister Hadia Tajik (Ap) si nye bok.

— Det har vore ein del opplæring å gjere. Eg er leiar for eit stort, mangfaldig fellesskap. Det er svært sjeldan UiS har eit felles syn på saker. Det er ikkje hos oss som i næringslivet, at det leiaren uttaler er heile universitetet sitt syn på ei sak, seier Mohn og legg til:

— Vi skal gi rom for eit mangfald av meiningar og eg oppmodar alle tilsette til å engasjere seg i debatten.

— Kan tyde på det er noko eg har lukkast med

— Å vere i finaleheatet til ein slik pris kan jo vere eit teikn på at du har lukkast. Meiner du sjølv du har lukkast i det du seier du har prøvd på?

— Eg tenkjer ikkje så mykje dag til dag på kva eg lukkast med. Men dette, ein finaleplass til det denne prisen representerer, gir rom for det og kan tyde på at det er noko eg har lukkast med, seier Mohn.

— Har det vore verd å stå i dette for deg personleg?

— Ja, eg vil seie det. Enkelte debattar har vore vanskelege. Samstundes har eg følt at det har vore viktige saker å stå opp for. I tillegg er det saker som Universitetet i Stavanger og eg i hovudsak har kome godt ut av også. Det har gjort det verd å stå i det, seier Mohn og legg til:

— Og eg trur at for kvar gong ein tek ei slik sak og kjempar for eit eller anna prinsipp, så flytter ein lista litt i ei retning som er bra for forståinga av kva eit universitet er. Spesielt i vår region.

Den siste av dei tre finalistane i Årets namn i akademia 2021 blir presentert i morgon, søndag. Utdeling av prisen skjer 17.desember.

Powered by Labrador CMS