valkamp

Rektor hardt ut mot MDG etter angrep på oljeutdanning

Miljøpartiet De Grønne bidreg til å karikera debatten, seier rektor Klaus Mohn.

Debattane om olje vert spissa til anten/eller, seier UiS-rektor Klaus Mohn.
Publisert Oppdatert

Miljøpartiet De Grønne (MDG) vil legga ned all oljeutdanning, sa Lan Marie Berg til NTB tysdag. Men no får Berg svar frå fleire av universiteta som tilbyr petroleumsrelaterte utdanningar.

— Dette synest eg er eit lite gjennomtenkt utspel. Det bidreg til å karikera debatten, seier Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS).

— Eg synest både denne debatten og debatten om oljeleiting er for enkel. Det vert spissa til anten/eller.

Grøn omstilling

UiS har Institutt for energi- og petroleumsteknologi, med studietilbod i petroleumsteknologi heilt opp til doktorgradsnivå. Men dei reine petroleumsutdanningane har hatt lågare søkjartal dei siste åra.

— Me har grøn omstilling i sentrum i strategien vår fram mot 2030, seier Mohn.

Han stiller spørsmål ved kva som er ei petroleumsretta næring.

— Tilpassing går føre seg over tid, og dei kandidatane me utdannar no, vil kunne jobba i ulike område. Men olje- og gass-næringa vil framleis òg ha behov for folk, seier Mohn.

Omstilling i Oslo

Også i Oslo er det færre søkjarar enn tidlegare til petroleumsfaga. Instituttleiar Bernd Etzelmüller ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo fortel òg om ei omstilling, og om studentar som i større grad mellom anna vel geologiske studieretningar innan naturfare.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

— Hos oss har me forska meir på leiting enn på utvinning knytt til petroleum, og den kompetansen kan brukast til andre ting, mellom anna til å jobba med CO2-lagring, seier Etzelmüller.

Han peikar på at ein i Noreg har fri forsking.

— Det er difor ingen som kan nekta ein å forska på petroleumsnære tema.

Seier studentar må få avslutta

— Å avslutta noko tvert er unaturleg, seier Øyvind Frette.

Han er instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen, som mellom anna har bachelorprogram i petroleum- og prosessteknologi. Som dei andre universiteta, har òg UiB gjort ei endring.

— Me har eit breiare energifokus. Men samstundes har me studentar som ikkje har avslutta sine studieløp innan petroleumsfag, seier Frette, og peikar på at jobb i olje- og gassnæringa framleis vil kunne vera aktuelt for studentar som har studert energiomstilling.

— Kva tenkjer du om at ein politikar går ut med ein så spissa bodskap?

— Det er vel gjerne slik at for å få gjennomslag i ein valkamp må ein få fram ein soleklar ståstad, seier Frette.

NTNU: — Lite klokt

Dekan Fakultet for Ingeniørvitenska, Olav Bolland, skriv i ein e-post til Khrono at det ikkje er noko tvil om at verda må omstilla seg bort frå bruk av fossil energi dersom ein skal lukkast med å nå globale klimamål.

— I forlenginga av dette er det naturleg at det i ein valkamp blir diskusjonar om kva konsekvensar det bør ha for norsk oljepolitikk, skriv Bolland.

Han held fram:

Det er uansett brei politisk semje om at me i ein periode framover framleis vil ha norsk olje- og gassverksemd.

— Såleis vil det vera lite klokt å legga ned utdanningar som skal forsyna næringa med kompetanse og folk. Fjerning av offshore installasjonar og plugging av brønnar er eksempel på viktige oppgåver der me tren gode lysingar og høgkompetent personale, skriv Bolland.

Saka er oppdatert fredag 20. august klokka 15.22 med kommentar frå Olav Bolland ved NTNU.

Powered by Labrador CMS