offentleg debatt

UiB-psykologar sablar ned. Meiner UiS er meir opptekne av omdømme enn ordskifte

Universitetet i Stavanger manglar kultur og tradisjon for ordskifte, meiner to tilsette ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. UiS-leiinga kjenner seg ikkje att i kritikken.

Professor og psykolog ved Universitetet i Bergen, Cecilie Schoug Andreassen er kritisk til sin tidlegare arbeidsgivar Universitetet i Stavanger og har skrevet kronikk om saka.
Publisert Oppdatert

«Vår erfaring er at dette fokuset på merkevarebygging, og redsel for negative omtale, trumfer reell saklig og faglig uenighet. Det mangler en kultur og en tradisjon for det offentlige ordskifte som skal kjennetegne et universitet, og som vi er kjent med fra Universitetet i Bergen».

Dette skriv Cecilie Schou Andreassen og Helge Holgersen i ein kronikk i Stavanger Aftenblad. Dei to, som er professor og førsteamanuensis i psykologi ved Universitetet i Bergen (UiB), skildrar korleis dei tok kontakt med Universitetet i Stavanger (UiS) og ville presentera eit opplegg for mastergrad i klinisk psykologi. Studieplanen var henta frå Yale university, der Andreassen har hatt forskaropphald.

Dei skriv at dei fekk beskjed om at ein professor allereie jobba med ei ikkje-klinisk mastergrad, og at dei trass fleire forsøk ikkje har fått høve til å presentera planane sine.

«Uheldige maktstrukturer»

Universitetet i Stavanger (UiS) er eitt av universiteta som jubla då det vart kjent at gradsforskrifta for mellom anna psykologi var føreslege oppheva. 20.mai vart dette vedteke av Stortinget. Dette gjer at fleire institusjonar kan utdanna også kliniske psykologar.

UiS hadde allereie planar om ei mastergrad som ikkje er klinisk.

I kronikken skriv Andreassen og Holgersen at det synest å vera ei tru på at leiinga på institutt- og fakultetsnivå ved UiS veit best, også i faglege spørsmål der dei sjølve ikkje nødvendigvis har kompetanse. Om den konkrete saka skriv dei at:

— Leiinga synest å tru at éin person åleine skulle ha kunnskap nok til å laga eit studium.

Vidare skriv dei at:

— Det var i vårt tilfelle inga opning for fagleg diskusjon på noko nivå, slik det skal vera ved eit universitet. Sjølv om saka handla om eit felt der me har professor- og spesialistkompetanse, fekk me altså ikkje lov til å presentera saka vår.

Andreassen og Holgersen skriv også om det dei meiner er uheldige maktstrukturar:

«Ut fra interessen og behovet for å utdanne kliniske psykologer i praksisfeltet og i samfunnet generelt, tror vi dette ene og alene skyldtes at vi med vår modell utgjorde en trussel mot etablerte, uheldige maktstrukturer ved UiS vedrørende hvem som skulle uttale seg, og få komme til orde, i faglige spørsmål».

Hadde permisjon frå UiB

Cecilie Schou Andreassen skriv i ein e-post til Khrono at ho vart beden om å sitja i rektor si strategigruppe på Universitetet i Stavanger og fremja forslag om ei klinisk mastergrad i psykologi.

Andreassen vart tilsett som professor ved UiB i 2016, men frå hausten 2018 til våren 2021 hadde ho permisjon for å jobba ved UiS. Forslaget om mastergrad hadde ho utforma saman med UiB-kollega Helge Holgersen.

— Naiv som eg var, trudde eg dette ville vera ein slags «gåvepakke til UiS», skriv Andreassen.

Vidare skriv ho at ho skjønte at det var planar om ei ikkje-klinisk mastergrad.

— Difor var det om å gjera for leiinga at eg ikkje skulle få fortelja om min idé. Eg opplevde altså at eg aldri fekk lov til å presentera ideen i relevante forum.

Oppteken av leiing

Andreassen stilte til val til universitetsstyret ved Universitetet i Bergen i vår, og kom inn på varaplass. Før valet hadde ho eit debattinnlegg på trykk hos Khrono. Der skriv ho om leiing i akademia, og skriv mellom anna: «Den gode leder er ikke feilfri, men erkjenner og lærer av sine feil, og forsøker etter beste evne å rette opp når hun eller han har gjort noe dumt. Den dårlige leder, derimot, er mest opptatt av seg selv og sine egne prosjekter, og bidrar typisk til polarisering og splittelser».

— Med tilsette leiarar i alle ledd og liten tradisjon for universitetsdemokrati, vert det dessverre styrt meir enn det vert leia ved dei delane av UiS eg har hatt kontakt med. Leiinga sin tenkemåte viste seg i utsegner om at saker skal «gjennom», og ikkje verta handsama av ulike styre, råd og utval.

Andreassen viser til at ho frå UiB er van med val på både fakultets-og instituttnivå. Det psykologiske fakultetet gjekk for få år sidan attende til ei ordning med valte instituttleiarar, og er eit av fire fakultet som vel dekan.

Gav opp og slutta

— Dette sikrar at dekanar ikkje tilset etterfølgjarane sine slik at dei kan sikra seg sjølve alliansar og fordelar for si vidare verksemd i organisasjonen, seier ho.

— Kvifor valde de å skriva ein kronikk, ikkje berre ta kritikken opp internt?

— Etter at eg som tilsett professor og klinisk spesialist i eitt år hadde forsøkt å få lov til å fortelja kva eg hadde tenkt, gav eg opp og slutta. Det kan til og med henda at eg hadde ein elendig idé som det er gode grunnar for å ikkje realisera. Men eit fagleg kollegium fekk ikkje høve til å drøfta og vurdera han. Det er dette som er problemet, og som ikkje er eit universitet verdig.

Andreassen seier at ho har vorte kontakta av andre tilsette som kjenner seg dårlegare handsama enn henne.

— Ein stadig større avstand mellom leiing og fagleg tilsette ser ein jo over store delar i norsk akademia, til dømes ved rektorar som skiftar universitet midt i periodar.

Mohn: Ønskjer meg stor takhøgde

Rektor Klaus Mohn seier til Khrono at utgreiingsprosessar er noko han vanskeleg kan gå inn i før dei er modna for avgjerdsle.

UiS-rektor Klaus Mohn seier han har lagt vekt på at UiS skal ha høg takhøgde.

— Slike prosessar startar i fagmiljøa, og så tek eg stilling til dei når eg får utgreiingane på mitt bord.

— Manglar de kultur og tradisjon for eit offentleg ordskifte?

— Nei, det er eg ikkje samd i. Våre tilsette tek del i både formidling og samfunnsdebatt. Nokre er faste spaltistar, andre er aktive i sosiale medium, seier Mohn, og legg til:

— Men det er sikkert, som på andre område, potensial for forbetring. Målet mitt då eg vart rektor er eit ope universitet, som skal dela raust og lytta ivrig.

— Korleis er takhøgda internt?

— Eg har lagt vekt på at den skal vera stor, det er noko eg ønskjer meg, seier Mohn.

Han er sjølv gjestekommentator i Aftenbladet, og skriv i sin siste kommentar nettopp om ordskifte: «Eit mangfald av meiningar og perspektiv er det som best kan informere, utfordre og utvide det offentlege ordskiftet», skriv Mohn.

Han seier til Khrono at han ikkje kjenner til at det eksisterer nokon etablerte maktstrukturar ved UiS. Han seier òg at han har ønskt å gjera UiS til eit meir attraktivt universitet, og konkurrera om både dei beste studentane og dei beste tilsette.

— For å få det til, legg me vekt på både stor takhøgd og akademisk fridom.

— Er det mogleg å lesa denne kronikken som at her er det nokon som er sure fordi dei ikkje får det som dei vil?

— Det er vanskeleg for meg å svara på. Generelt er det slik at nokre får medhald og nokre får det ikkje. Det er vanskeleg å gjera alle til lags.

Dekan: Kjenner meg ikkje att

Turid Borgen er dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet ved UiS. Ho seier til Aftenbladet at det er synd at dei to kronikkforfattarane oppfattar at dei ikkje har vorte høyrde, men at dette er ei skildring ho ikkje kjenner seg att i.

— Me opplever at me har hatt ein god dialog ved institutt og fakultet og med andre fakultet - ein dialog og prosess som framleis går føre seg. Det har vore diskusjonar både inne i fagmiljøet og mellom ulike fakultet, seier Borgen.

Ho seier at UiS er glad for at det ser ut til å vera politisk vilje til å endra gradsforskrifta.

— Ved UiS er me i ferd med å førebu ei utgreiing av profesjonsstudium i psykologi. Det kan me gjera parallelt med at masterstudiet vert bygd opp. Masterstudiet me no byggjer opp, dekkjer andre område i psykologien enn det reint kliniske, seier Borgen.

21. mai svara Holgersen og Andreassen rektor Mohn i Stavanger Aftenblad under tittelen «Får rektor Mohn korrekt informasjon?».

(Ifølge ein undertekst til kronikken i Stavanger Aftenblad skreiv Andreassen og Holgersen kronikken i desember 2020, men bestemde seg for å la den ligge. Da sak igjen blei aktualisert med styringsmeldinga som kom 19.mars i år, og påfølgande oppslag i Stavanger Aftenblad, fann forfattarne «grunn til å la saken komme omverden til kjenne».)

Endringar: 24.05.2021: Lagt inn lenkje til svarinnlegget Andreassen og Holgersen i Stavanger Aftenblad.

Powered by Labrador CMS