Den nye rektoren ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, tenkjer betre på nynorsk enn bokmål. Foto: Mari Hult/UiS

Rektor Mohn vil ta Universitetet i Stavanger opp i elitedivisjonen

Ny rektor. Han bind fiskefluger, syklar utan hjelm og no skal han lære seg å leve med tettpakka kalender igjen. Den tidlegare sjeføkonomen i Statoil har blitt universitetsrektor. Ikkje utan ambisjonar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Stavanger, Arne Rettedals Hus (Khrono): Det hender Klaus Mohn står opp kl 02.30 på natta. Pakkar fiskeutstyr og sparkesykkel i lettbåten. Tøffar inn fjorden før fanden har fått sko på. Slenger ut ei fluge han har bunde sjølv kanskje, og ventar på napp.

Frå fire til åtte på morgonen er han heilt åleine i stilla, før han så kjem seg på jobben og er klar. Med ein tettpakka kalender.

Og uansett om han fekk fisk eller ikkje. Det har vore ein bra start på dagen - eller avslutning på natta - alt ettersom ein ser det.

Og den nytilsette rektoren ved Universitetet i Stavanger bør bli flink til å sette av tid i kalenderen skal han klare å følge opp denne vanen.

Den tidlegare næringslivstoppen innrømmer allereie at han har begynt å kjenne på presset i kalenderen.

— Eg er på veg dit kor eg flydde ifrå, seier han. Men legg til at han var klar over at det ville bli slik. I dag startar han på fire år som tilsett rektor ved Universitetet i Stavanger.

Tenkte på rektorjobb i 2016

Klaus Mohn er ganske så nøgd med at forskinga hans kan ha hatt noko å seie når det gjeld saka om oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja . Foto: Mari Hult/UiS

Klaus Mohn (55) frå Sandnes i Rogaland begynte så smått å tenkje på å bli rektor allereie i 2016 då styret ved Universitetet i Stavanger (UiS) vedtok at dei skulle gå over frå vald til tilsett rektor for første gong. Og våren 2019 kom stillingsutlysinga til historias første tilsette rektor ved Universitetet i Stavanger.

— Då tenkte eg at no må eg søke. Elles kan ein jo få kven som helst, ler han.

Han har jobba i DnB Markets, han har vore sjeføkonomen i Statoil, no Equinor, men dei siste seks åra har han vore professor ved Handelshøgskulen på UiS.

— Eg var eigentleg sjølv imot ordninga med tilsett rektor - hadde tvilt meg fram til at vald var det beste. Men no sit eg her, smiler han.

Besøkte «alle» før sommaren

Universitetet i Stavanger skal lykkast i å ta steget til elitedivisjonen.

Klaus Mohn

Og han er effektiv. For sjølv om han ikkje formelt tiltrer i stillinga som øvste faglege leiar ved Universitetet i Stavanger før i dag, 1.august, så har han vore rundt og besøkt «alle», allereie før sommarferien.

Sju fakultet og ni stabseiningar har teke i mot han i ein serie av bli‐kjent‐møte.

— Eg er overvelda over det store spennet i aktivitetane våre, over den sterke kompetansen, og ikkje minst over engasjementet blant akademisk tilsette og i stabsapparatet, seier han og viser til alt frå dans til digitalisering, frå sjukepleiarar til siviløkonomar, frå religion til reiseliv, slik han også sa det i innsettingstalen sin.

— Desse møta med menneske og mangfald har vore til stor inspirasjon, seier han.

Skal opp i elitedivisjonen

Her er Klaus Mohn på fisketur med sparksykkel og fangst - i fjor sommar. Foto: Oddmund Dirdal

Og no vil mannen som sjølv har vore innom seks ulike universitet og høgskular som student og tilsett, ha med seg studentane og dei tilsette opp ein divisjon.

— Universitetet i Stavanger skal lykkast i å ta steget til elitedivisjonen, sa han i sin tale då ha fekk rektorkjedet overrekt frå avtroppande rektor Marit Boyesen tidlegare i sommar.

— Kva betyr det at du skal ta UiS opp i elitedivisjonen?

— Vi skal bli betre på alt vi held på med, og bygge eit ry som eit anerkjent universitet. Eg vil at søknadslistene skal bli lengre både når det gjeld studentar og tilsette. Eg vil at når folk snakkar om forsking av høg kvalitet så skal dei i same andedrag nemne Universitetet i Stavanger. Dei fire klassiske breiddeunviersiteta, Universitetet i Oslo, Bergen og Tromsø, samt NTNU er vel kjende for folk, men eg vil at UiS skal falle like naturleg inn i tanken til folk - i alle fall at vi skal bli nemnde før alle dei andre etter dei eldste, seier han.

— Du nemner forsking - kva med utdanning?

— Utdanning er sjølvsagt viktig, viss ikkje hadde vi jo vore eit forskingsinstitutt.

Ingen «oljerektor»

I fleire intervju etter at han blei tilsett har det vore gjort eit poeng av at den tidlegare profilerte Statoil-mannen no er rektor på oljeuniversitetet i oljebyen. Men det er ingen klassisk «oljerektor» som sit på andre sida av bordet i kantina på UiS og snakkar med Khrono.

For eit par år sidan terga han på seg halve oljeriket etter å ha rekna ut at utbygging av Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) ikkje ville gi så store oljeinntekter som talerøyra for oljenæringa meinte. Tvert imot - det ville gje ei lønnsemnd omtrent på 740 kroner i året per person i landet, skreiv han i ein kronikk i Aftenposten.

— Det blei bråk den gongen. Men reknestykket står seg framleis. No i vinter fekk eg publisert ein artikkel om dette i eit nivå 2-tidsskrift. Eg er ganske så nøgd med at forskinga mi kan ha hatt noko å seie i nettopp denne konkrete saka, seier petroleumsøkonomen.

— Og som ein berekraftig rektor kjenner du på flyskam?

— Nei, men eg prøver å tenkje på kor mykje eg flyg. Og så syklar eg mykje. Eg har fleire gongar tatt nattoget, det er ganske så praktisk å vakne opp midt i sentrum, seier han, men vil ikkje moralisere.

— Vi må gjere noko med karbonavtrykket. Det kan vil ikkje løyse med dugnad. Det må ein samordna politikk til, seier han og legg til:

Klaus Mohn får overrekt rektorkjedet frå avtroppande rektor ved UiS, Marit Boyesen.

— Vi er midt i ei klimakrise og vi må ta rev i segla, elles ender vi dit vi stevner. Og det er ingen bra plass, seier han. .

— Og då køyrer du vel el-bil også?

— Nei, det blei ein hybrid i denne omgang - fordi eg må ha hengarfeste og det er det berre den aller dyraste elbilen som har. Men drivstoffutgiftene mine har gått ned med om lag 2/3 sidan siste bilkjøp, fortel han.

Karbonavtrykk og klimakrise

Som påtroppande rektor har han allereide meldt frå at han er oppteken av dette for universitetet sin del også. Det skal settast i gang kartlegging og den Mohn håpar at også UiS kan kome opp med ein klimarekneskap, slik ein no ser frå fleire av dei andre universiteta.

Som fleire av dei andre universiteta har også Universitetet i Stavanger signert akademia-avtalen med Equinor. UiS skal motta 37,5 millionar kroner for forsking på beslutningsanalyse, havvind og digital boring.

— Enkelte kritikarar meiner at det beste klimatiltaket univresiteta kan gjere noko med er å sjå på klimaeffektene av den forskinga og undervisninga dei sjølve driv på med. Kva tenkjer du om å ta imot pengar frå Equinor i akademia-avtalen?

Korleis kan ein underbygge at utdanningssystemet er ein suksess når så store utfordringar står att? Korleis kan ein feire at forskinga har vore vellukka når verda er heilt ute av kurs?

Klaus Mohn

— Eg forstår at det kan bli debatt rundt enkelte næringar - spesielt oljenæringa. Eg skal vere rektor for denne forskingsaktiviteten, og den kan gi ny kunnskap som kan vere av stor verdi. Det kan ligge en risiko i dette at det kan påverke universitetet til å legge vekt på bestemte tema og forskingsfelt, seier han og legg til:

— Men det som ikkje er akseptabelt er at dei ulike næringane skal ha noko å seie for forskningsresultata. Eg tok sjølv imot pengar frå akademiaavtalen i si tid, og eg opplevde aldri at Statoil greip inn på noko som helst vis på våre forskingstema, og eg har heller ikkje høyrt om andre som har opplevd det, seier rektor Mohn.

Les også: Nye Equinor-avtaler sponser forskning for 280 mill.

Keisarens nye klede

NRKs Verdibørsen kallar Mohn for Den klimabekymrede oljerektoren. Her kom det også fram at han syklar utan hjelm - og at han har tenkt å halde fram med det sjølv om han no blir rektor.

Men Klaus Mohn er også oppteken av andre ting enn klima og bærekraft. Han har eit sterkt ønske om å bidra i samfunnsdebatten, sjølv om han la partipolitikken på hylla etter vidaregåande då han melde seg ut av Unge Venstre. Han tvitrar under namnet @mohnitor og han er aktivt med i KåKå (Kverulantkatedralen - «et frittstående debatt- og litteraturhus der døren er høy og porten vid») og han er spaltist i Aftenbladet og skriv kronikkar.

I talen sin då avtroppande rektor Marit Boyesen ga rektorkjedet vidare til påtroppande rektor, snakka Mohn om eventyret «Keisarens nye klede»:

«For meg minner dette om ei viktig rolle for universiteta. At me alltid skal søkje etter forklaringar på verda slik ho er. Ikkje korleis me blir fortalt at ho er, og heller ikkje korleis ho ser ut til å vere», sa han mellom anna. Og vidare:

«Dei gode tidene har gavna rike meir enn fattige. Større forskjellar har gitt næring til populisme og ekstreme politiske interesser, og dermed auka risikoen for politisk uro, opprør og omvelting. Ytringsfridom og demokrati er ikkje lenger noko sjølvsagt. (...) Korleis kan ein underbygge at utdanningssystemet er ein suksess når så store utfordringar står att? Korleis kan ein feire at forskinga har vore vellukka når verda er heilt ute av kurs», spurde han.

Den nye rektoren ved UiS skal ikkje praktisere full konsensus og begeistringsplikt når han tek studentane inn i leiargruppa si. Foto: Mari Hult/UiS

Mohn understreka også at han ønsker seg studentar som er «evig nyfikne, skamlaust engasjerte og svoltne på kunnskap og forståing». Som ikkje er drivne av eit tankelaust jag mot vinning, men av eit reflekterande søk mot meining. Som har mot til å seie frå når keisaren er utan klede.

Studentar inn i leiargruppa

— Og du inviterte studentleiaren ved UiS inn i leiargruppa di?

— Ja, det engasjerer meg spesielt, eg ser fram til å få unge, flinke folk inn i leiinga og trur det blir nyttig for begge partar.

-- Og du trur ikkje studenten blir sittande som gissel i leiinga?

— Nei, vi skal ikkje praktisere full konsensus og begeistringsplikt, seier han.

Fakta

Her er det nye rektoratet

Klaus Mohn stiller med eit heilt nytt rektorat og det betyr at heile leiinga ved Universitetet i Stavanger er bytta ut frå 1.august 2019:

  • Astrid Birgitte Eggen er tilsett som prorektor for utdanning. Ho kjem frå stilling som viserektor for utdanning ved Universitetet i Agder.
  • Merete Vadla Madland er tilsett som prorektor for forsking. Ho er professor i reservoarteknologi på UiS og har vore direktør ved Det nasjonale IOR-senteret for auka oljeutvinning sidan starten i 2013.
  • Rune Dahl Fitjar er tilsett som prorektor for innovasjon og samfunn. Han er professor i innovasjonsstudier på Handelshøgskolen ved UiS og seniorforskar ved forskingsinstituttet Norce.

— Mange meiner at dei unge har blitt meir lettkrenkte, er du samd i det?

— «No platforming» er ein viktig debatt, men eg meiner at universiteta må demme opp mot ei utvikling der ytringsfridomen blir innskrenka. Vi må møte forsking med fakta og argument med motargument, seier han og legg til at han ikkje har merka at studentane ved UiS er blitt meir «lettkrenka».

— Men eg merkar det i det eg les, og det gjer meg uroleg. Vi må ruste studentane våre til til å tole ein støyt, stå i slaga når meiningane brytast, gi dei sjølvtillit og innsikt. For viss dette ballar på seg kan det føre riktig så gale av stades, seier han.

Målmann Mohn

Og heilt til slutt. Universitetet i Stavanger har fått ein målmann som øvste leiar. I fjor fekk han som professor tildelt Målblomen frå Stavanger og Roagland Mållag - for å vere «ein framifrå representant for nynorsken». Universitetet i Stavanger sleit i 2017, som mange andre universitet og høgskular med å oppfylle mållova.

— Eg sette utruleg stor pris på å bli tildelt Målblomen. Sjølv gjennomførte eg grunnskulen og vidaregåande på bokmål, men eg kjenner meg mykje meir heime i nynorsken. Juryleiaren i Mållaget sa at det handlar om identitet og ambisjon. Det kjente eg meg godt igjen i. Og sjølv tenkjer eg betre på nynorsk, seier Klaus Mohn,

— Så no skal UiS opp i elitedivisjonen på målbruk også?

— I første omgang forventar eg at vi skal møte minstekrava med god margin, og gler meg over at organisasjonen allereie ser ut til å ha oppfatta kva målform den nye rektoren føretrekkjer, avsluttar den ferske rektoren.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS