Khrono erfarer
Kierulf-utvalet kjem med forslag til lovendringar
Akademisk ytringsfridom-utvalet har fått inn godt over 50 innspel.
Måndag skulle ekspertutvalet, med Anine Kierulf i spissen, legge fram og overlevere si utgreiing, og kome med ei rekke forslag til tiltak.
Det vart utsett i siste liten, då utvalsleiaren sjølv testa positivt for covid-19 søndag.
Mea culpa, jeg er dårlig til å time...😔 https://t.co/cii9NxqfHL pic.twitter.com/HAB7TIVkFF
— Anine Kierulf (@anineki) March 20, 2022
Kunnskapsdepartementet har enda ikkje kome med eit nytt tidspunkt for overleveringa, men etter det Khrono kjenner til blir det truleg tidleg neste veke.
Paragraf 1-5
Utvalet har, ifølgje mandatet, sett på korleis ein kan styrke den akademiske ytringsfridomen til forskarar og akademikarar og korleis vi som samfunn, men også institusjonane dei jobbar ved, kan verne og støtte opp om denne fridomen.
Blant tiltaka utvalet vil foreslå, vil det vere endringar i universitets- og høgskulelova (UH-lova).
I mandatet står det mellom anna at utvalet skal vurdere om, og i så fall korleis, lova bør endrast for å tydeleggjere dei tilsette sin akademiske ytringsfridom.
Etter det Khrono erfarer vil det kome framlegg til endringar i paragraf 1-5 om fagleg fridom og ansvar.
I utvalet sitt mandat står det også at dei skal vurdere om det trengst ytterlegare regulering av forholdet mellom ytringsfridom, akademisk fridom og dei tilsette og arbeidsgjevar sitt ansvar, for eksempel etter arbeidsmiljølova.
Men utvalet presiserer følgjande i eit nyheitsvarsel måndag, ifølgje Kunnskapsdepartementet: «Sjølv om lover, politiske tiltak, institusjonelle strategiar og klok leiing har betydning, vil slikt når alt kjem til alt ikkje ha effekt utan at akademikarar sjølve tek tak i dei utfordringane den akademiske ytringsfridomen møter.»
Forventningar til fremheving av språk
Kierulf-utvalet har fått inn rundt 50 innspel på e-post. I tillegg har utvalet fått inn fleire innspel som dei har bestilt eller hatt avtale om, både skriftleg og gjennom innleiingar i møta utvalet har hatt, får Khrono opplyst.
Dette er frå organisasjonar, universitet, høgskular, forskningsinstitusjonar og ei rekke forskarar og vitskapeleg tilsette, også frå folk i utlandet.
Utvalet gjer ikkje vurderingar av enkeltsaker som er komne inn som innspel til utvalet, etter det Khrono kjenner til.
Det er også venta at utvalet vil seie noko om kor vidt norsk fagspråk er viktig.
Det står allereie i UH-lova paragraf 1-7 at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.
Dette ansvaret har regjeringa ettertrykkeleg sett på agendaen ved fleire høve.
På eit nettmøte i regi av Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum i førre veke, gjorde statssekretær Oddmund Hoel (Sp) det klart:
— Vi har forventningar til at utvalet vil seie noko om kva eit godt norsk språk har å seie for å sikre universiteta og høgskulane legitimitet. Blant anna ved at forskinga blir formidla til og forankra i eit norsk språkleg samfunn, sa Hoel under nettmøtet.
Ønsker at fleire forskarar til å delta i debatten
Det var på tampen av juli i fjor at Kunnskapsdepartementet sette ned ei ekspertgruppe på seks, med Anine Kierulf i spissen, som skulle sjå på kåra til den akademiske ytringsfridomen.
— Eg er uroa for at det offentlege ordskiftet skremmer unge, forskarar og meiningsberarar vekk frå å delta i den demokratiske debatten og formidle forskingsresultata sine. Det er fleire eksempel på at forskarar trekker seg ut av prosjekt eller sluttar å uttale seg om spesifikke tema fordi trykket blir for massivt, sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) då ekspertgruppa vart sett ned.
Berre ein månad tidlegare kom forskarar ved Institutt for samfunnsforsking med ein rapport kor 12 prosent av forskarane svarte at dei lét vere å formidle forskingsfunn offentleg i frykt for hets og kritikk.
Kunnskapsdepartementet opplyser at utvalet sitt arbeid er eit viktig ledd i arbeidet til regjeringa med å sikre akademisk ytringsfridom i Noreg.
Målet med utvalet sitt arbeid og tiltak er å få fleire forskarar til å delta i den offentlege debatten.
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil kommentere rapporten når den vært overlevert av utvalsleiar Anine Kierulf.
Endringslogg: 23. mars: Har presisert at sitatet frå utvalet kjem frå eit nyheitsvarsel frå Kunnskapsdepartementet.
Nyeste artikler
Savner arvtaker etter Odd Nerdrum: — Veldig synd at KHiO ikke har en linje for figurativ kunst
Vil hjem til Gaza når de har fullført medisinutdanningen.— Vi gir aldri opp
Bli din egen chatbot
Dette kan universiteter og høgskoler vente seg i 2025
Anklager universiteter og høgskoler for brudd på opphavsretten og ulovlige retningslinjer
Mest lest
«Ingen» studentar veit kven han er: — Dette er for dårleg
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor
LO vil ha bachelor, master og ph.d. på fagskoler. — Skaper forvirring
Få registrerer biarbeid. Nå skjerpes reglene
Har hatt 24 styremøte i løpet av eitt år: — Dei kjem seg ikkje opp av grøfta