Språkdagen 2021
Regjeringa vurderer sterkare skyts: — Norsk skal ikkje berre brukast, men styrkast
Universiteta og høgskulane må i større grad hugse på å stille spørsmålet «må dette vere på engelsk?», seier statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universiteta og høgskulane er både gjennom den nye språklova som trer i kraft ved nyttår, og universitets- og høgskulelova pålagt å ta vare på det norske språket.
I tillegg har den nye Støre-regjeringa sett det norske språket på agendaen, og ønskjer å løfte det fram, vedlikehalde det og vidareutvikle det i høgare utdanning og forsking.
Fersk statssekretær for forsking- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp), professor ved Høgskulen på Vestlandet, Oddmund Løkensgard Hoel, gjorde det heilt tydeleg under Språkdagen tysdag.
— Norsk skal ikkje berre brukast, men styrkast som undervisnings- og forskingsspråk i alle fagdisiplinar, sa Hoel og la til:
— Vi har ein «challange» som er relativt «big».
«Må dette vere på engelsk?»
Statssekretær Hoel meiner det har gått raskt feil veg med norsk fagspråk og at det må gjerast noko raskt for at det ikkje «skal gå mot domenetap».
— Må de vere strengare, spurde ordstyrar og NRK-programleiar Espen Aas.
— Ja, absolutt. Det er klart bruk for eit forsterka arbeid for å fortelje enda tydelegare at dette må bli prioritert, svarte Hoel.
Borten Moe sin nestkommanderande var tydeleg på at dei no er i gang med å sjå på kva slags verkemiddel dei har å rå med for å gjere regjeringa sitt ønske klart og tydelig for universiteta og høgskulane.
Han seier at dei først vil gå i kast med forventningsstyring, den vesle verktøykassa, før dei vil gå inn med insentiv og pisk.
— Men vi har fått nøkkelkort til den store verktøykassa også, så den ligg der, sa Hoel, og gjorde det klart at regjeringa er klar for å ta i bruk sterkare skyts for å få stell på det norske språket i undervisning og forsking.
Hoel seier at universiteta og høgskulane i større grad må hugse på å stille spørsmålet «må dette vere på engelsk?»
— Formidling på norsk taper
Professor ved Universitetet i Oslo (UiO), Mariel Aguilar-Støen, var tydeleg på at dei tilsette ved universiteta og høgskulane treng sterkare insentiv for å prioritere det norske språket.
— Vi treng bedre insentiv for at det skal lønne seg og at det ikkje skal bli ein fritidsaktivitet for nokre få ildsjeler. Vi treng insentiv og ei kulturendring. Institusjonane må ha eigarskap til språkpolitikken, som vi er lovpålagde å ha, og det er eit leiaransvar å utvikle språkstrategiar som faktisk fungerer, sa Aguilar-Støen.
Ho meiner det er eit problem i akademia at det er eit for stort fokus på publisering på andre språk.
— Formidling på norsk taper, det tel ikkje i opprykk eller tilsettingar. Så det er viktig at leiarar er sitt ansvar bevisst, sa UiO-professoren.
Ikkje fornøgd med kor norsk står på agendaen
Områdedirektør i Forskingsrådet, Kristin Danielsen, var også med i panelsamtalen.
Ho fekk spørsmål om kvifor engelsk er så sentralt i norsk forsking.
— Det er jo slik at forsking ikkje er eit lokalmeisterskap, men eit verdsmeisterskap, sa Danielsen.
Ho forklarte kvifor engelsk er så flittig brukt hjå Forskingsrådet, blant anna på grunn av behovet for internasjonale fagekspertar som skal vurdere alle dei innsendte søknadane om finansiering.
— Er du fornøgd med kor høgt norsk er på agendaen hjå dykk?
— Svaret er nei. Vi skal sette det høgare på agendaen, sa Danielsen og understreka kor viktig også formidling er.
Danielsen seier Forskingsrådet framover vil krevje meir formidling i prosjekta dei skal finansiere. Og dei ønskjer seg også CV-ar som ikkje berre viser vitskapeleg publisering, men også formidling i debattar, media og i arbeidet med offentleg og privat sektor.
— Vi skal nå agenda 2030, det grøne skiftet og lage arbeidsplassar. Då må brukarane av forskinga i større grad delta. Då kan vi ikkje ha forskarar som snur seg rundt og snakkar engelsk. Her er det endringar på gang som gjer at vi er meir ivrige på norsk enn det sektoren sjølv er. For vi skal presse fram denne bruken av forskinga, sa Danielsen.
Med på å bygge tillit
Styreleiar i Universitets- og høgskulerådet (UHR), Sunniva Whittaker, meiner formidling på norsk også er heilt avgjerande for å bygge tillit til forskinga.
— Skattebetalarane bør sjå korleis pengane blir brukte på ein måte som skaper eit betre samfunn, sa Whittaker.
Whittaker, som også er rektor ved Universitetet i Agder, hevder at formidling har meir og meir og seie i spørsmål om opprykk.
— No er det eit større fokus på å ha eit breiare grunnlag for å ta avgjerdsler kring opprykk. Det er ei litt anna tilnærming til professorrolla no enn før, sa Whittaker.