Akademisk ytringsfridom
Overlevering av Kierulf-utvalet sin rapport utsett
Nytt tidspunkt vil kome snart, ifølge Kunnskapsdepartementet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
På tampen av juli i fjor sette Kunnskapsdepartementet ned ei ekspertgruppe på seks, med Anine Kierulf i spissen, som skulle sjå på kåra til den akademiske ytringsfridomen.
Måndag skulle utvalet etter planen legge fram si utgreiing og kome med ei rekke forslag.
Framlegginga er no utsett, opplyser Kunnskapsdepartementet.
Det skjer grunna sjukdom, får Khrono opplyst. Departementet vil kome med ein ny dato snarast råd.
Dette er mandatet
Utvalet har sett på korleis ein kan styrke den akademiske ytringsfridomen til dei forskarar og akademikarar og korleis vi som samfunn, men også institusjonane dei jobbar ved, kan verne og støtte opp om denne fridomen.
Blant tiltaka utvalet vil foreslå, vil det vere endringar i universitets- og høgskulelova (UH-lova).
I mandatet står det mellom anna at utvalet skal vurdere om, og i så fall korleis, lova bør endrast for å tydeleggjere dei tilsette sin akademiske ytringsfridom.
Det står også at dei skal vurdere om det trengst ytterlegare regulering av forholdet mellom ytringsfridom, akademisk fridom og dei tilsette og arbeidsgjevar sitt ansvar, for eksempel etter arbeidsmiljølova.

Nylige artikler
Når ingen forventer noe av studentene, gjør vi det heller ikke selv
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler
NTNU-lab med storeslem i Horisont Europa
Uker med konflikt: Rektor fikk sparken
Oppfordrer til IT-studier. — Vi trenger at folk velger teknologi
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad