Feltarbeid ute var ein klar fordel under ein pandemi. Kristian Reinfjord har forska på steinteknologi i mellomalderen.

— Eg har fått gjera det eg har lyst til — og fått betalt for det

Kristian Reinfjord er museumstilsett, og har skrive avhandling om steinteknologi i mellomalderen. Offentleg sektor-ph.d., som han har teke, er ei god ordning for både kandidatar, arbeidsgivar og akademia, meiner han.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Kristian Reinfjord (43)

  • Har levert avhandlinga «Medieval Stone Building. Organization and Development of Construction Technology in Eastern Norway C. 1130 – 1537»
  • Disputerte ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen 28. april

— Eg har teke ein offentleg sektor-ph.d., finansiert av Forskingrådet og av arbeidsgivar, som er museet Anno. Så avhandlinga er tett knytt opp til den jobben eg har og til museet sin portefølje innanfor arkeologi og mellomalderarkitektur. Me har eit prosjekt om ruinkonservering saman med Riksantikvaren, og såg at dette arbeidet generte ny empiri som burde vore sett i system. I tillegg ville me jobba med formidling.

— Kan du kort presentera prosjektet ditt?

— Eg har forska på steinteknologien i mellomalderen, og særleg sett på korleis organiseringa av dette arbeidet har skjedd. Eg har sett på både korleis stein vart innført som materiale, på kven som brukte stein og på kor steinen kom frå. Eg har tenke utgangspunkt i Hamar bispedøme. Tidlegare har ein tenkt at stein var meir eksklusivt enn tre, men eg finn at det handlar om meir enn økonomi.

— Kva finn du?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

—Bygghyttene, altså organisasjonane som gjennomførte steinbygging, var truleg meir mobile enn ein tidlegare har trudd. Ein har tenkt at ein hadde miljø innanfor kvart bispedøme. Det stemmer ikkje, steinbyggjarane var mobile. Det ser òg ut til at dei jobba både for konge og biskop samstundes, sjølv om det var eit konfliktfylt forhold mellom desse to i mellomalderen. Kong Håkon Håkonson vert kalla den store steinbyggjaren, og bygde mellom anna Håkonshallen i Bergen. Tidlegare har ein tenkt at han hadde med seg handverkarar, men han brukte truleg lokale handverkarar, som bygde både kyrkjer og borger om kvarandre.

For Hamar bispedøme sin del kom steinen som vart nytta truleg frå eit steinbort nær Hamar-kaupangen.

— Det er truleg at stein først og fremst vart frakta på båt, både på vatn og elvar, og over isen om vinteren. Noko steinarbeid vart truleg gjort på førehand slik at prefabrikerte delar vart frakta vekk frå steinbrotet.

Det har vore ein luksussituasjon å ta doktorgrad.

Kristian Reinfjord

— Kva har vore mest krevjande gjennom doktorgradsperioden?

— Det har eigentleg vore å få sett seg ned og få gjort skrivejobben — altså sjølvdisiplin. Eg synest det har vore veldig allright å ta doktorgrad, og vart ikkje råka av pandemien i noko særleg grad. Eg har hatt kontor på museet, hatt empiri tilgjengeleg og kunne gjera feltarbeid ute. Men eg har nok sakna eit fagmiljø.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, det har eg ikkje gjort, og eg kom òg i mål til normert tid. Det har vore ein luksus-situasjon å ta doktorgrad, eg har fått gjera det eg har hatt lyst til — og fått betalt for det. Offentleg sektor-ph.d. er ei god ordning, det gagnar både kandidaten, arbeidsgivar og UH-sektoren.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er attende i stillinga mi ved museet, men det vert meir forsking. Ein spin-off er òg at det vert meir jobbing med eksterne oppdrag. Både handverkarar frå museet og eg er involvert i eit steinkyrkjeprogram, og me jobbar saman med Norsk borgsenter på Tønsberghus. Så gjennom doktorgradsarbeidet har eg fått nyttige kontaktar.



Powered by Labrador CMS