Min doktorgrad

Dersom ein er i mykje fysisk aktivitet, men ikkje nokon idrettsutøvar, kan ein likevel sjå at hjarta endrar seg. Det er konklusjonen i Kim Arne Heitmann si avhandling, som tek utgangspunkt i Tromsøundersøkelsen.

Sprekingar på veg til fjells. Kva veit ein om korleis aktiviteten verkar på hjarta deira?

Skiljet mellom jobb og fritid vart mindre, men Kim Arne Heitmann har aldri angra på at han gjekk i gang med doktorgrad.

Publisert Oppdatert

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Kim Arne Heitmann (37)

  • Har levert avhandlinga Physical activity and the structure and function of the left side of the heart
  • Disputerte ved Det helsevitenskapelige fakultet ved UiT Noregs arktiske universitet 16. mars

— Eg har fast stilling på Idrettshøgskolen ved UiT Norgs arktiske universitet i Tromsø, og ein kollega hadde fått finansiering til eit prosjekt der det òg var pengar til ei stipendiatstilling. Eg har alltid vore interessert i korleis trening verkar på kroppen. I tillegg ønskte eg å utvikla den forskingsfaglege kompetansen min, difor valde eg å søkja denne stillinga.

— Kan du kort presentera prosjektet ditt?

— Ein veit lite om korleis hjarta vert påverka av moderate mengder trening. Det eg har forska på, er korleis fysisk aktivitet påverkar hjarta og sjansen for å få atrieflimmer. Me har brukt data frå Tromsøundersøkelsen og sett på samanhengen mellom korleis hjarta endrar seg etter gjennomført ulike nivå av fysisk aktivitet og på hjarta sin struktur og funksjon. Tidlegare er slik forsking berre gjort på idrettsutøvarar, no har me sett på vanlege menneske frå den generelle befolkninga. Me har sett på både kvinner og menn, og snittalderen er om lag 60 år.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva konkluderer du med?

— Hos dei som er mest fysisk aktive er hjartekammera i gjennomsnitt litt forstørra. Men dette funnet er ikkje assosiert med redusert pumpefunksjon eller med auka fare for atrieflimmer.

— Kvar har vore mest krevjande undervegs i arbeidet med doktorgraden?

— Å heile tida ha prosjekt og oppgåver hengande over seg. Det har heile tida vore noko eg ville skriva ferdig, lesa eller læra. Skiljet mellom jobb og fritid har vorte mindre, og det har vore lettare å ta med seg arbeid heim til kveldar eller helger. Men eg har trivest med arbeidsoppgåvene og ikkje angra eitt sekund på at eg gjekk i gang med dette!

Skiljet mellom jobb og fritid har vorte mindre, og det har vore lettare å ta med seg arbeid heim til kveldar eller helger.

Kim Arne Heitmann

— Kom du i mål til normert tid?

— Det tok litt lenger tid enn kva som i utgangspunktet var planen, for eg har vore så heldig at eg har fått ha to foreldrepermisjonar undervegs. Eg fekk òg litt koronaforlenging, sambuaren min jobbar i helsevesenet og var på jobb då Noreg stengde ned. Men eg brukte sjølve arbeidstida som planlagt, og kom i mål medan eg framleis hadde finansiering.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er tilbake i den stillinga eg hadde ved Idrettshøgskolen, og ønskjer å bruka den nye kunnskapen min til å planlegga og gjennomføra god undervisning for studentane. I tillegg har eg søkt opprykk til førsteamanuensis, og håpar òg å få litt meir forskingstid. Eg er òg så heldig å få vera med i eit nasjonalt initiativ som ser på trening hos personar som har atrieflimmer. Her veit ein førebels lite om samanhengane.

Powered by Labrador CMS