Min doktorgrad

Normalvektig ungdom i ein heilt vanleg gymsal. Men for ungdom som har ein kropp som ikkje er heilt A4, kan både kroppsøvingstimar og annan fysisk aktivitet vera krevjande.

Forska på dei store ungdommane

Skal ein vera fysisk aktiv for å gå ned i vekt, eller for å få god helse? Ingeborg Berg Skogen har forska på overvektig ungdom.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Ingeborg Berg Skogen (37)

  • Har levert avhandlinga «Stor og aktiv? Ungdommer og helsesykepleiere om fysisk aktivitet som oppfølging for ungdom med overvekt»
  • Disputerte ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda 3. februar

— Eg skreiv masteroppgåve om fysisk aktivitet og ungdom, og eg har jobba som lærar i kroppsøving på ungdomsskule. Der såg eg at for ein del ungdommar er det krevjande å vera fysisk aktive i kroppsøvingstimane. Eg ønska å sjå nærare på dette, og rett og slett kunne bidra til praksisfeltet, og søkte då det var ei opa utlysing ved Høgskulen i Volda.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har sett på korleis ungdommar med overvekt opplever deltaking i fysisk aktivitet i nærmiljøet sitt, og eg har òg intervjua helsesjukepleiarane som følgjer opp desse ungdommane. Ungdommane eg intervjua var mellom 13 og 18 år, og felles for dei var at dei var klassifisert med fedme og fekk oppfølging av vekt hos skulehelsetenesta.

— Kva finn du?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Dei sosiale aspekta ved fysisk aktivitet gjer at det vert utfordrande for denne gruppa. Ein må ha forståing for at den sosiale interaksjonen som skjer i fysisk aktivitet i ungdommane sitt miljø er viktig. Å oppleva vektstigmatisering i fysisk aktivitet er utbreidd, og ungdommane har to hovudstrategiar for å handtera dette: Anten unngår dei det å delta i fysisk aktivitet, eller så trenar dei hardt og prøver å overtyda om at dei ikkje passar inn i stereotypen dei vert plasserte i. For mange av desse ungdommane er fysisk aktivitet på skulen den einaste arenaen dei har for fysisk aktivitet. Då er det viktig å ta høgde for og forstå ungdommane sine opplevingar med vektstigma og kva det gjer med moglegheitene for deltaking. Ungdommane fortel at dei opplever at kroppen vert svært synleg på ein uønska måte, og garderobesituasjonen krevjande, medan personane vert usynlege. Ein del av ungdommane får tilbod om fysisk aktivitet gjennom frisklivssentralar. Det seier dei at dei likar godt og opplever det som ein trygg arena for fysisk aktivitet. Men ved bruk av slike grupperingar kan ein få eit segregeringsproblem, ein kan ikkje jobba den vegen. Det handlar om haldningar i samfunnet, og utfordringa er at ein ofte snakkar om at ein må vera meir fysisk aktiv fordi ein skal gå ned i vekt, men målet er må vera god helse — gjennom fysisk aktivitet.

For ein del ungdommar er det krevjande å vera fysisk aktive i kroppsøvingstimane.

Ingeborg Berg Skogen

— Kva har vore mest krevjande gjennom doktorgrdsperioden?

— Det var nok å kombinera doktorgrad, familieliv og pandemi. Eg vart litt forseinka, men eg har òg fått to barn i løpet av stipendiatperioden. Pandemien gjorde at eg ikkje fekk samla inn så mykje data som eg først hadde tenkt. Eg fekk gjort eit intervju med alle før pandemien, og vurderte om eg burde hatt ein runde til. Det fekk eg ikkje til, men det var inga krise.

— Har du angra undervegs?

— Eg har nok angra litt, særleg når det var vanskeleg å kombinera familieliv og arbeidsliv. Men eg har vore medviten om å definera doktorgradsarbeidet som ein vanleg jobb.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er fast tilsett ved Høgskulen i Volda, og brukar doktorgraden, særleg det eg har lært, i undervisninga. Eg har tankar om nye forskingsprosjekt, og kjem til å få meir forskingstid i stillinga mi no som eg har teke doktorgrad.



Powered by Labrador CMS