Min doktorgrad

Biletet viser maskindans, brukt som eit verkemiddel for å kjempa mot overvekt og inaktivitet blant unge i Noreg.

— Dersom å gå ned i vekt hadde vore så enkelt som å eta mindre og trena meir, hadde ein ikkje hatt fedmeproblematikk

Ho skreiv kappa til avhandlinga då ho var graviditetskvalm. No ventar først mammaperm, så postdoktorstilling for Hanna Flækøy Skjåkødegård.

Publisert Oppdatert

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Hanna Flækøy Skjåkødegård (38)

Bildet viser portrett av Hanna Skjåkødegård som har doktorgrad i familiebasert atferdsterapi ved behandling av sykelig fedme hos barn.
  • Har levert avhandlinga « Family-based behavioral treatment of children with severe obesity»
  • Disputerte ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen 24.mars

— Eg er spesialfysioterapeut, og interessa for fedmefeltet fekk eg då eg hadde turnus. Etter master fekk eg jobb på poliklinikk for overvekt på Haukeland universitetssjukehus. Der var ein allereie i gang med FABO- studien (Family-based Behavioral Treatment of Obesity) knytt til behandling av alvorleg fedme hos barn og ungdom. Eg vart først forskingsassisten knytt til prosjektet, og så balla det på seg. Men det var altså ei interesse som starta frå det kliniske arbeidet: Korleis kan ein få til betre behandling?

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har sett på kognitiv åtferdsterapi opp mot ordinær behandling og samanlikna effekten av desse. Eg har sett på risikofaktorar for å utvikla fedme, og her særleg sett på svevn, og eg har sett på kva som kan vera barrierar for at familiar vil vera med på eit slikt behandlingsopplegg. Barna og ungdommane som har vore med i studien er frå 6—18 år. Snittalderen er 12, men det er òg barn i barnehagealder som får behandling for alvorleg fedme.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

Å snakka om fedme og barn i same setning kan vera omstridd. Barna som kjem til poliklinikken har vorte tilvist dit frå fastlege, som har følgd med på barnet sin vekstkurve.

— Kva finn du?

— I FABO-studien samanliknar me barn med alvorleg fedme med normalvektige barn. Ein har lenge visst at kort svevnlengde er forbunde med overvekt. Men når me no ser på desse barna, finn me at alle søv like lenge. Skilnaden ligg i når dei søv. Me finn altså at ein del av barna med alvorleg fedme har det ein kan kalla ein forskyve svevnrytme. Dei legg seg seinare, og dei står opp seinare. Dette kan vera ein indikasjon på meir skjermbruk og mindre fysisk aktivitet. Når me ser på effekten av familiebasert kognitiv åtferdsterapi, og samanliknar den med ei ordinær behandling der ein fokuserer på kosthald og aktivitetsnivå, ser me betre effekt. Vektreduksjonen hos barna er større enn gjennom ordinær behandling.

Men dersom å gå ned i vekt hadde vore så enkelt som å eta mindre og trena meir, hadde ein ikkje hatt fedmeproblematikk, seier Skjåkødegård. Fedme handlar òg om mellom anna miljø, genetikk og oppvekstvilkår, og forsking viser at fedme i ei viss grad går i arv.

— Det er forska lite på kva det er som gjer at ein droppar ut av eit behandlingsopplegg. Det kan handla om livsstress, sjukdom, økonomiske utfordringar og einslege foreldre. No spurde me både foreldre og helsepersonell om kva som er barrierar. Foreldra sa mellom anna at dei ikkje opplevde at behandlinga var relevant eller møtte dei behova dei hadde i kombinasjon med stor byrde frå livsstress. Dei peika òg på praktiske utfordringar, som helseperson plasserte som mindre relevante, som mellom anna at ein måtte møta på dagtid eller at det var vanskeleg å finna parkering i nærleiken.

Å kombinera kappeskriving med graviditetskvalme var krevjande.

Hanna Flækøy Skjåkødegård

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

— Mest av alt har det vore veldig, veldig kjekt. Eg har vore i ei god forskargruppe, har hatt flinke rettleiarar, har fått reist på konferansar og vore på to opphald i USA. Den største utfordringa har nok vore å driva ein klinisk studie i ein vanleg kvardag på ein poliklinikk. I USA har ein reine forskingsklinikkar, men her har me inkludert dei som har ønskt å vera med. Då har det vore krevjande å sikra mellom anna at me har hatt eit godt datasett. Eg har likt å skriva artiklar, men å kombinera kappeskriving med graviditetskvalme var krevjande. Eg disputerte då eg var gravid i sjuande månad. Men eg har angra null prosent på at eg gjekk i gang med dette!

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, det gjorde eg. Eg har hatt ein mammapermisjon undervegs, så når ein trekkjer frå permisjonstida hadde eg att midlar då eg leverte.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er så heldig at eg har fått ei postdoktorstilling på Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Eg skal forska på alvorleg fedme hos ungdom i prosjektet eBATTLE Obesity. Prosjektet har oppstart i 2024, og her skal me både vidareutvikla behandlinga frå FABO-prosjektet og tilby denne i kombinasjon med medikamentell behandling, men i tillegg mellom anna sjå på risikoen for eteforstyrring hos ungdom med fedme. Vidare er eg involvert i forsking på eteforsyrrelsar i vektrelatert terapi, mellom anna er det viktig å få meir kunnskap om samanhengen med overetingsliding og alvorleg fedme.

Powered by Labrador CMS