Min doktorgrad
Først fekk ho ei leiarstilling, så to barn. Men no har Hedda endeleg disputert
Mellom 3000 og 4000 nordmenn opplever kvart år at heile eller delar av språket deira forsvinn. Logoped Hedda Døli har forska på afasi.
— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
— Eg er utdanna logoped. Då eg hadde praksis på Haukeland universitetssjukehus, møtte eg vaksne både med kommunikasjonsvanskar, språkvanskar og svelgevanskar. Det var pasientane med afasi, altså som har svikt i evna til å både forstå og bruka ord, hjarta mitt særleg brann for.
— Då eg tok master, fann eg ut at eg likte forsking. Deretter jobba eg på Haukeland. Der var det i gang eit prosjekt der ein såg på slagpasientar i ulike behandlingsarmar i rehabiliteringssystemet. Då vart det sagt at ein òg måtte få samla inn data knytt til språkfunksjon, slik at det ville vera mogleg med eit doktorgradsarbeid. Eg søkte interne midlar ved sjukehuset, slik at eg fekk finansiert ei prosjektskisse, og fekk deretter tilbod om fleire stipendiatstillingar. Då valde eg Universitetet i Bergen.
— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
— Eg har brukt data frå slagdatabasen, der ein registrerer alle pasientar som har vore innlagde med hjerneslag.
— I løpet av eit år er det mellom 10 000 og 11 000 nordmenn som får hjerneslag. Om lag ein tredel av desse får afasi.
— Så kopla eg data herifrå med data frå studien frå rehabiliteringa. Eg såg på resultat frå MR som vart teke då pasientane vart innlagde og på den språkkartlegginga som vart gjort. Me logopedar skil mellom tale og språk. Tale er lydane, men språk er evne til å kunne forstå, lesa og skriva. Eg har berre sett på språk.
— Nokre slagpasientar klarar ikkje å uttrykka nokon ting og kan ha vanskar med å forstå. Nokre opplever mindre språkvanskar. Det eg lurte på, var om det er noko ein kan føresjå i hjernen. Eg hadde tre studier, der eg undersøkte om det er samanheng mellom storleiken på skaden og kor i hjernen skaden er, og graden av afasi. I tillegg undersøkte ein av studiane symptom på angst og depresjon hos personar med hjerneslag, med og utan afasi.
— Kva finn du?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Historisk sett har ein trudd at språkområda er lokalisert til avgrensa område i venstre hjernehalvdel. Dei mest kjende områda er Brocas, som ligg i nedre del av pannelappen, og Wernickes område, som er lokalisert i tinninglappen. Brocas er kjent for å vera eit viktig område for språkproduksjon og Wernickes område viktig for å forstå språk.
— Mi forsking, som anna nyare forsking på språkprosessering, viser at mange område innan venstre hjernehalvdel er svært viktige for å kunne kommunisera. Me snakkar difor heller no om nettverk som støttar språklege funksjonar, heller enn spesifikke område i hjernen. Ved afasi etter hjerneslag vil ein få ein brå uro i dette nettverket, og ein vil kunne oppleva varierande symptom. Eg finn at i første periode etter eit hjerneslag har det noko å seia for språket kor stort slaget er, men etter ei stund er grad og type viktigare. Truleg er det slik at nokre område i hjernen fungerer som viktige vegkryss. Dersom slaget råkar her, kan ein få større vanskar med språket.
Å skriva doktorgrad vart ein kveldshobby, og det var godt å koma i mål.
Hedda Døli
— Kva var mest krevjande undervegs i doktorgradsløpet?
— For det første kom eg på ingen måte i mål til normert tid. Eg skulle vore ferdig i 2017, men då fekk eg eit vikariat som fagsjef for logopedar og spesialpedagogar ved Sunnaas sykehus. Så fekk eg eitt barn, og kort tid etter eit til. No jobbar eg som seniorrådgivar i Statped. Så å skriva doktorgrad vart ein kveldshobby, og det var godt å koma i mål!
— Elles synest eg det var krevjande å læra meg korleis eg skulle finna ut av ting, eg følte at eg tidvis gjekk rundt utan mål og meining. Men det å få jobba med kognitiv nevrovitskap har vore gøy, sjølv om det har vore krevjande. Og eg har aldri vore så langt nede at eg tenkte at eg skulle gi opp!
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— Eg er open for det meste. Etter disputasen kjente eg på ei slags sorg over å ikkje skulle forska. Eg har vore så privilegert som har fått jobba med det kjekkaste eg veit om, det har vore ei fantastisk moglegheit. Det er dessverre ikkje eit stort miljø som forskar på afasi, så eg vil gjerne jobba meir med å finna ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Då er det mogleg å skreddarsy tilbod for slagpasientane.