Debatt ● Oddmund Hoel

Openheit i forsking og utdanning i ei tid med store omveltingar

Openheit er demokratiets viktigaste skanse, sa Oddmund Hoel på UHR-konferansen måndag. Les heile talen hans her.

— Vi treng meiningsbrytning, alternative perspektiv og nyskapning – både i forskinga og på campus, sa Oddmund Hoel
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Diktaturets beste våpen er hemmeleghald. Demokratiets beste våpen er openheit». Det er ikkje heilt samde på internettet om akkurat kven som har sagt dette, men fleire meiner det var den danske fysikaren og Nobelprisvinnaren Niels Bohr — også æresdoktor av 1938 ved Universitetet i Oslo.

Eg trur sitatet vekkjar resonans hos alle som held demokratiet nært og som har observert motorikken i eit diktatur.

Men kanskje hadde vi ikkje gjetta kor sterkt vi skulle kjenne på denne resonansen i vår levetid.

For vi lever i ei tid der det å lese eller sjå på utanriksnyheiter, ofte inneber at ein må vere vitne til at sanninga blir snudd på hovudet. At liberale prinsipp og verdiar, som vi har sett på som urokkelege, blir rokka ved. Røynda er rett og slett kraftig kost — og for ein sanningssøkande forskar kan det verke desillusjonerande.

Samstundes så er det slik, at i den verda vi lever i, blir krig i aukande grad brukt som politikkens forlenga arm. Det er ein heilt annan tryggingspolitisk situasjon no enn då denne regjeringa tiltredde. Den internasjonale kampen om kunnskap er ein sentral del av denne tilspissa maktkampen. Her heime er vi nøydde til å bruke store ressursar på å ruste opp forsvaret og beredskapen vår. Og vi er nøydde til å erkjenne at også den kunnskapen som blir produsert her i Noreg, er gjenstand for interesse internasjonalt.

I åra framover vil det bli behov for ei meir strategisk tilnærming til utvikling og vern av kunnskap og teknologi for å vareta våre nasjonale interesser. Det er eit langt større behov for samarbeid mellom sivile og militære aktørar innan forsking. Og vi må satse meir på kunnskap som gir Noreg styrka forsvarsevne, tryggleik og konkurransekraft.

Kva har dette å seie for forskinga vår? For den akademiske fridomen, for openheit — demokratiets viktigaste «våpen»?

***

Neste år legg vi fram ei Stortingsmelding om forskingssystemet vårt. Der tar vi mellom anna grep for å ruste forskingssystemet vårt til å svare på den nye tryggings- og geopolitiske røynda. Den aller viktigaste og mest grunnleggande oppgåva til regjeringa er å trygge landet vårt. Men la meg vere tydeleg på at dette handlar om to ting: Det handlar om å styrke forsvarsevna vår og beskytte grensene våre — men det handlar i like stor grad om å beskytte verdiane våre som samfunn.

Her står akademisk fridom, inkludert ytringsfridom, heilt sentralt. Her står openheit heilt sentralt. Og her står viktigheita av internasjonalt samarbeid heilt sentralt.

Det vi gjer i stortingsmeldinga er å bygge opp eit meir føreseieleg forskingssystem som er tilpassa den tida vi lever i, og som er lettare for forskarar å manøvrere i. Det handlar om å møte behovet for at fleire sektorar samarbeider om forsking i ei meir komplisert verd, og eit meir uoversiktleg landskap.

Den nye røynda inneber at fleire enn tidlegare vil bli involvert i tryggleiks- og beredskapsarbeid. Både Forsvarskommisjonen og Totalberedskapskommisjonane peikar på behovet for meir samarbeid på tvers av samfunnssektorar og behovet for eit system som i tillegg til open forsking, også handterer behovet for skjerma og gradert forsking.

Den nye røynda inneber at fleire enn tidlegare vil bli involvert i tryggleiks- og beredskapsarbeid.

Oddmund Hoel

Som eit svar på dette, gav vi i Kunnskapsdepartementet — saman med Forsvarsdepartementet — eit oppdrag til Forskingsrådet (NFR), Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) om å gi anbefalingar om korleis eit slikt system kan sjå ut. Kunnskapsdepartementet jobbar nå i tett samarbeid med Forsvarsdepartementet om oppfølginga av rapporten.

Vi jobbar dessutan med oppfølginga av punkta i Langtidsplanen for forsvaret, som også skal legge betre til rette for slikt samarbeid — i tillegg til at det inneheld eit solid forskingsløft på over ein halv milliard kroner i 2025.

***

Så er det eit stort behov for at vi satsar på dei forskingsområda som rustar oss for framtida. Det å bygge opp Noregs teknologiske infrastruktur står her heilt sentralt.

Vi kan ikkje gjere oss avhengig av at internasjonale tek-gigantar når det gjeld kontroll over denne kritiske infrastrukturen — vi må ha nasjonal kontroll. Her er allereie regjeringa godt i gang. I neste års statsbudsjett styrker vi forsking på kvanteteknologi — ein av vår tids mest revolusjonerande teknologiar — med 70 millionar årleg på sikt. I tillegg satsar vi tungt på kunstig intelligens — både gjennom den såkalla «KI-milliarden» og satsing på norske og samiske språkmodellar.

Vi treng norske og samiske alternativ til ChatGPT, som er i tråd med våre verdiar som samfunn. Dette har ikkje minst stor betydning for framtida til denne sektoren.

*

Det er også utruleg viktig at vi jobbar godt saman for å legge til rette for internasjonalt kunnskapssamarbeid — også med land som vi ikkje har eit tryggingspolitisk samarbeid med.

Mange forskarar opplever dette som utfordrande i det nye geopolitiske landskapet, slik rapporten gitt ut av HK-dir på oppdrag frå KD («Geopolitisk spenning og internasjonalt kunnskapssamarbeid») førre veke viste.

Eg har forståing for at dette arbeidet kan vere svært krevjande. Derfor har denne regjeringa utvikla retningslinjer for ansvarleg internasjonalt samarbeid, som det er viktig at institusjonane implementerer og jobbar godt med.

Når det kjem til sensitive fagområde, er det spesielt viktig å vere på vakt. Derfor har regjeringa gitt eit nytt oppdrag til Forskingsrådet, NSM og FFI om sensitive teknologiar. Oppdraget skal gi oss meir kunnskap om kva slags teknologiar som har strategisk betydning for nasjonalt tryggleik. Dette treng vi for å setje inn beskyttande tiltak der det er nødvendig — og sikre openheit der risikoen er handterleg.

***

Parallelt med alt dette, må vi jobbe kvar einaste dag for å styrke den akademiske fridomen. Både frå politisk hald og frå institusjonane si side. Frå politisk hald har vi lagt vekt på å styrke lovreguleringa av akademiske ytringsfridom i den nye UH loven som trådde i kraft 1. august i år.

Men vi må jobbe langs fleire spor — for det er mange forhold som påverkar den akademiske fridomen.

Det er mellom anna svært viktig at dei vitskapelege tilsette har trygge arbeidsforhold. Den utbreidde bruken av mellombelse vitskapelege stillingar kan føre med seg tendensar til sjølvsensur og einsretting av fagmiljø. Derfor er det gledeleg å sjå at nedgangen i mellombelse stillingar i sektoren held fram. Her har sektoren fått tydeleg marsjordre, og nå ser vi at det har hatt god effekt. Her må vi halde fram med å jobbe godt.

***

Openheit er demokratiets viktigaste skanse — det er eg heilt einig med Niels Bohr om, om det skulle vore noko tvil. Men det held ikkje med open forsking. Vi må også ha eit utdanningssystem som er så opent som mogleg.

Og det har vi i aller høgaste grad i Noreg. Vi har eit utdanningssystem som gjer det mogleg å studere gratis innanfor eit breitt spekter av fagfelt, og ein kan studere frå russelue til grav, om ein vil det.

Samstundes registrerer eg at stadig fleire institusjonar er bekymra for manglande studentoppmøte på campus og i forelesingar.

Oddmund Hoel

Sidan det første universitetet blei oppretta her i Oslo i 1811, har vi vore vitne til ein høgare utdanningsrevolusjon i Noreg — særleg dei siste 20 åra, og etter krigen med god draghjelp frå Lånekassa.

I takt med den store auken i studenttalet, har det blitt opna nye utdanningstilbod i store delar av landet. Og med digitalisering har det blitt mogleg for endå fleire å ta ei utdanning — eller fylle på med kompetanse seinare i livet.

Det har gjort at dei som elles ville vore avskore frå høgare utdanning av økonomiske eller geografiske årsaker, no kan studere heimanfrå eller ved sidan av jobb. Det er utruleg bra!

Dei siste åra har vi sett ein stor auke i tal på fleksible studentar — nettbasert, desentralisert eller deltid i ulike kombinasjonar. I ei tid med aukande mangel på både folk og kompetanse, er det eit stort behov for slike tilbod, og det er heilt i tråd med regjeringas satsing på fleksibel og desentralisert utdanning.

Kunnskap til folket, og demokrati i praksis.

Så ser vi ei anna trend som er meir urovekkande. Som følgje av koronapandemien, og den rivande teknologiske utviklinga, blei det ein auke i hybride forelesingstilbod — noko som i utgangspunktet kan sjåast som eit gode fordi det bidrar til fleksibilitet. Samstundes registrerer eg at stadig fleire institusjonar er bekymra for manglande studentoppmøte på campus og i forelesingar. Den typiske studenten vi gjerne snakkar om her er ung, i gang med si første utdanning, er fulltidsstudent og bur nær campus.

Når færre vel å møte opp på campus, blir resultatet eit mindre yrande studentmiljø, mindre diskusjonar og meiningsbryting, mindre engasjement og gruppesamarbeid — alt det som har vore sjølve limet i utdanningssystemet vårt dei siste 200 åra, og som vi særleg har jobba mykje for å styrke dei siste ti åra. Vi vil ikkje meir i retning av det som var normalen under pandemien, med lite tid på campus og mykje digital undervisning. Dette bidrog til mindre motiverte studentar, einsemd, og dårlegare læringsmiljø. Pandemien viste oss nettopp kor viktig fellesskapet er.

Så da må ein spørje seg: Kva betyr eigentleg «open utdanning»? Er utdanningssystemet vårt opent når ikkje folk kan snakke opent og fritt til kvarandre ansikt til ansikt?

Samanfatta vil eg seie at vi har to ulike former for digitalisering. Vi har ein god form for digitalisering som handlar om at vi klarer å nå ut til fleire studentar. Og vi har det eg ville kalle ein uønskt form for digitalisering, som legg opp til at fleire studentar blir sittande heime i hybelen og ikkje blir inkludert i eit fagleg og sosialt miljø på campus.

Vi vil frå regjeringas side halde fram med å styrke det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet fordi det er behov for det ute i samfunnet. Men samstundes må vi få dei tradisjonelle campus-studentane tilbake på campus! For utan campus som ein pulserande læringsarena, er vi eit fattigare kunnskapssamfunn — og ungdommane våre får ei fattigare studietid.

Er utdanningssystemet vårt opent når ikkje folk kan snakke opent og fritt til kvarandre ansikt til ansikt?

Oddmund Hoel

I den nye UH-loven er institusjonane gitt moglegheita til å innføre meir obligatorisk oppmøte. Det er opp til ein kvar institusjon korleis ein vel å gjere dette.

Men vi må vere på vakt mot ei ukritisk digitalisering av sektoren vår, som fører til utarming av læringsmiljøa. Her har vi eit stort ansvar som alle som er samla her i dag må ta på høgaste alvor. 

***

Ein liten peikefinger der, altså. Men først og fremst ein invitasjon til ein diskusjon om korleis vi skal organisere høgare utdanning framover.

Så kjære vener,

Vi lever i ei uviss tid med store endringar. Det har store konsekvensar for vår sektor. Eg brukte ordet «desillusjonert» i starten, og trass den sterke viljen, integriteten og pågangsmotet som finnast blant folk i denne sektoren, trur eg mange kan kjenne seg forsvarslause i møte med dei store samfunnsendringane vi står framfor.

Men vi er ikkje forsvarslause. Det er mogleg å påverke samfunnsretninga. Og det er akkurat det denne regjeringa gjer med forskings- og høgare utdanningspolitikken vår.

Med den jobbar vi for å sikre både tryggleiken vår og verdiane våre. I dette arbeidet er de som er her i dag utruleg viktige — for vi er heilt avhengige av å jobbe saman for å nå måla våre.

Til sist, la oss igjen hente inspirasjon frå Niels Bohr. Han hadde sin karrieretopp i ei tid som var langt meir spent enn vår, nemleg 1920- 30- og 40-talet. Han var dessutan forskar innanfor eit felt som stod i sentrum for den internasjonale maktkampen — atomfysikk.

Trass den spente situasjonen, var han ein ihuga forkjempar for openheit og internasjonalt samarbeid innan forsking. Han meinte at ein måtte bruke forskinga på ein måte som var til beste for menneskeheita. Han var ein fri forskar, som snakka med si eiga stemme og som trudde på noko. 

Akkurat det treng vi også i dag — meir enn nokon gong. Vi treng meiningsbrytning, alternative perspektiv og nyskapning — både i forskinga og på campus.

Teksten er noko forkorta. Red.

Powered by Labrador CMS